Troll er Norsk Polarinstitutt www.npolar.no sin forskingsstasjon i Dronning Mauds Land. Fram til 2004 var her berre folk om somrane, men på ein hektisk sesong vart anlegget utvida. Den første overvintringa vart gjord i 2005, sjølv om anlegget ikkje var komplett.
Mykje er gjort dei to siste somrane og no er stasjonen klar. Snart er vi berre seks tilbake for neste kapittel; sørvinteren 2007.
Den norske forskingsstasjonen Troll ligg 1300 meter over havet ved fjellet Nonshøgda.
No på sommaren ligg temperaturen rundt minus ti, men det verkar ikkje kaldt. Sola er så sterk at det er teleløysing om dagen, og vi treng knapt hanskar i den tørre lufta. Og det er nesten alltid sol!
Johan Hustadnes kom med dette russiske lasteflyet Ilutsjin 76 frå Cape Town. Det landar i Novo eller ved Troll stasjon.
Frå vi kom hit tidleg i November har det gått i eitt. Stort sett med arbeid, men også mange fantastiske naturopplevingar og mykje sosialt. Vi jobbar 12 timar, sju dagar i veka. Det er travelt, men nødvendig for at alt skal bli ferdig før sommargjestane reiser i februar.
Utsikt frå 2000 meter. Stasjonen ligg ved fjellet Nonshøgda til høgre.
Stasjonen er allereie for liten. Det vert greitt til vinteren, men med 30 gjestar er det trongt. Folk bur i beltevogner, containerar og i telt. Vi fastbuande har flytta inn, men det er kø på utedoane, ved dusjane og på kjøkkenet. Litt spartansk altså, men miljøet er godt, og vi har det fint. Vi kan ta fri for å trene, så eg nyttar stadig joggeskoa på isen. Det krafsar fælt i piggane, men elles er det som å springe på asfalt.
Keisarpingvinen
Stasjonen ligg i fjellområdet Jutulsessen. Forsyningane kjem med båt, så det går stadig transportturar til kysten for å hente utstyret. Eg var med på den første, den tok ti dagar. Det var ei stor oppleving å køyre beltevogn langs fjella her, utover kvite sletter, mellom sprekkene i hengslingssona og så utover isbremmen, før vi møtte shelfen, havet og pingvinane etter 25 mil. Lossing av 1000 tonn frå ein russisk isbrytar på ei kai av is var spennande, og leirlivet hyggeleg. Eg var også med på siste tur, men med gråvêr og snøfokk vart det ei heilt anna oppleving, sjølv om det var fin avveksling frå stasjonslivet.
(Hengslingssone: Der breane møter havet. Isbrem: Brear som flyt utover havet. Shelfen: Kanten av isbremmen)
Johan beklagar at dette biletet ikkje er skarp, men legg merke til pingvinen som hoppar opp på isen. Namnet på isbrytaren er Ivan Papanin.
Vintergjengen er triveleg, og det ligg an til fjell, bre og scooter-turar. Heldigvis er ikkje mørketida heilt svart. Vi ligg på 72 grader sør, men med fint vær, brear og opent landskap trur eg lyset blir om lag som Nord-Norge. Men det blir kaldare. årsmiddel er 25 kuldegrader, og vi kan rekne med - 40 mykje av vinteren. Er spent på kor mykje vi kjem oss ut då.
Weddelsel. Er ikkje dette ein unge tru?
Skia er med, men det blir berre bortoverturar, og nær stasjonen er det is, ikkje snø. Fjellskoa kjem meir til nytte, fjella er snøberre og stikk opp som øyer i breane. Mange er flotte å gå på, men utvalet blir avgrensa av sprekkområde rundt dei.
Vi har med skøyter og hockeykøller. Det, og sykkel med piggdekk blir nok dei mest risikable aktivitetane her nede. Andre farar er bresprekker og lange ishellinger som skrår mot fjella.
Ulvetanna. Dette har vore eit mål for klatreekspedisjonar frå Noreg.
Breane her er kalde og lite elastiske, så her er sprekker på stadar ein skulle tru var trygge. På ei redningsøving klatra vi 30 meter ned i ei. Fantastisk fint, men også tankevekkande. Sprekka kunne lett slukt ei bandvogn, sjølv om det faktisk er tryggast i køyretøya.
Skal tru om pingvinen prøver å få seg ein matbit?
No er det slutt på midnattssola, og det blir kaldare. Blir nok ein rar følelse når flyet går og vi er berre seks igjen. Ei utfordring å være isolerte i 8 månadar med ansvar for stasjon og oss sjølve. Til daglig skal vi drifte stasjonen, passe diverse forskings og kommunikasjonsutstyr og elles fullføre ulike prosjekt. Sidan stasjonen er ny blir det også arbeid med dokumentasjon og etablering av rutinar. Kommunikasjonane er gode, med internett, telefon og utstyr for videokonferanse, men TV har vi ikkje. Har ikkje sakna det enno. Vil nok heller sakne skiturane i Sunnmørsalpane, men eg vil garantert få andre opplevingar!
Helsing Johan
Kommentarar
Med vennlig hilsen fra eks. antartiker ;)