Eg har merka meg at antalet registrerte brukarar har auka jamnt og trutt heile tida, og at vi til stadigheit får nye skribentar her på portalen. Det er eg veldig glad for.
Det er kjekt å sjå at vi har lukkast i å lage ein portal som oppfyller det første punktet på vår arbeidsliste, nemlig "ein møtestad for folket". No gjenstår det å fylle opp neste punktet på lista som er å lage ein informasjonskanal for turistar og besøkande.
Eg gratulerer alle brukarar av portalen med dagen og ynskjer at den same positive framgongen fortsett også dei neste millionvisningane. =)
Million #2 (15.05.2007 kl. 17:18)
No har vi faktisk runda heile 2 millionar visingar også. Den siste millionen på berre 3 månader.
Tor Eirik Trandal
Hallo? (15.02.2007 kl. 21:11)
Det var sjølvsagt eg, Fred Ingar.
Ronny Opsahl Haugen
Million jubileum (15.02.2007 kl. 11:17)
Gratulere fyrst og fremst Trandalgutane for det enorme arbeidet dei har lagt ned i utviklinga av portalen og for Hjørundfjorden. Portalen har hatt ei flott utvikling p.g.av at vi har hatt trufaste brukarar og nokre få personar som har brukt mykje av sin fritid til å produsere stoff, som brukarane har sett stor pris på. Dette har til tider kosta mykje, men ei urokkeleg tru på at dette er framtidsretta og svært viktigt for å få til eit betre bygdesamfunn, så har dei ikkje bøygd av. Tusen takk til desse og bygdemobliseringa vil oppmoder brukarane å gje oftare desse ein klapp på skuldra.
Ved eit målrette og grundigt arbeid, og tru på det vi gjer, skal den neste milionen være snart i hamn.
ISMo
Hjørundfjord bygdemobilisering
Gratulerer:-) (15.02.2007 kl. 00:46)
Tar av meg hatten no;-)
Håper Portalen vil fortsette og utvikle seg vidare.
Dette er ei side eg er innom fleire gongar om dagen når eg er ute på arbeid. Kjempegreier å sjå kor det er heime når ein er vekk. Det er mange her ombord som er misunnelege når dei ser eg er innom portalen og sjekkar siste "news".
Det finnest fleire diverse portalar på nettet, men neppe så oppdaterte som denne.
Takk til "Gutane frå Trandal" og Knut med sine gode reportasjer, "Keep up the good work", og ellers alle andre som bidrar.
Skal prøve og kome med ein artikkel når vi kjeme oss på sjøen igjen. Har vore i land sidan jul oss karane på "Skandi Barra" ;-))
Roy Lillebø
(15.02.2007 kl. 00:37)
Men hvem var besøkende nummer 1 million?
Fred Ingar Somby