Denne ettermiddagen var det samla 4 blide damer i vevstova på Rekkedal skule. Desse var Anne Mari Sæbønes, Haldis Aklestad, Jorunn Mo og Reidun Holen. Det var tydeleg å sjå at dei kosa seg med arbeidet. Det er sett opp 8 vevstolar i eit av klasseromma på den nedlagde Rekkedal skule, og her er det visst aktivitet nesten kvar dag. Damene seier at det er veldig sosialt å vere saman på denne måten når ein vev. Dei får drage nytte av kunnskapen til kvarandre, og er det nokon som treng ei hjelpande hand er ho sjeldan langt unna.
Jorunn har mange års erfaring med veving, og har vore svært mykje til hjelp seier Anne Mari og Haldis.Jorunn gjekk husflidsskule på Molde for 50-60 år sidan, etter det har ho heldt ulike vevkurs, og ho har også vore handarbeidslærar i folkeskulen. Er det noko dei lurer på så er det berre å spørje Jorunn, og då er ho ikkje sein om å vere på pletten. Ho er alltid blid og imøtekomande, og svarar villig på spørsmål.
Dei ynskjer å takke Andreas Hustad som har laga minst 2-300 speler til vevane for dei. Dette er noko som damene set stor pris på. Anne Marie seier at dei også må få takke Hjalmar Aklestad, for han hjelper til med forskjellig som må skruast og ordnast på.
I dag heldt dei på med å gjere klar veven som Janneche Myklebust eig. Det heiter visst hovling det dei styrte med då eg kom inn døra, og eg skjønar med ein gong at dette er berre for vidarekomne. Ikkje rart dei har henta ho Jorunn i dag nei. På det meste var alle fire i sving på ein gong med den same veven. På denne veven skal det visst kunne vevast dukar når han er klar. Både firkanta og avlange, alt etter ynskje.
Desse driftige damene ynskjer gjerne at fleire vil vere i lag med dei i vevstova. Her er moglegheiter for fleire å kome å veve, og du treng ikkje å kunne noko om veving frå før. Dei lovar at dei vil stille opp og hjelpe eventuelle nye brukarar av vevstova. Dei har gjort klar fleire vevar, og har no både duk-, golvteppe-, løper-, seng- og tavlebragdvev klare. Dersom du har spørsmål kan du kontakte Anne Mari eller Haldis, og det er berre kjekt om du tek turen innom vevstova på Rekkedal for å kike og slå av ein prat.
Her ser vi Haldis i sving ved veven, ho held på å lage ein middagsduk i lin, eit Mariaåkle.Duken er 1,46 cm brei, og kan lagast så lang som ein ynskjer.
Rundt om i rommet er det ein del fine vevde produkt, nokre er gamle og vert brukte som malar for nye vevnader, medan andre er er av nyare dato. Vil vise nokre av dei vevnadene som heng der til slutt.
Denne løparen er det Anne Mari som har vove, teknikken kallast rosengang.
Dette er ei regnbogeseng som tilhøyrer Synneva Rekkedal.
Neste bilete er ei gamal seng, teknikken som er brukt kallast tavlebragd. Den er vove av bestemor til Anne Mari. Ho var fødd i 1860, og denne er truleg voven rundt 1880.
Kommentarar
Fint og se at flinke håndverkere holder tradisjoner i hevd.
Mykje arbeid - og kunnskapen lite vedlikeholdt. Flott tiltak på Rekkedal.
Ein kan lage mykje fint med ein vevstol - i alle fall når ein har med andre som kan litt :-)