Det største tiltake er kanskje å komme seg ut gjennom døra, men derfra går det greit om en skal på lange eller korte turar.... Og dette er ein sånn impuls tur som ikke treng å planleggast...
Ei nydeleg utsikt over ein nydeleg stad
Vi starta fra nedre heisstasjon på Bondalseide - trakka rett opp.. En korte tur kreve den kortaste veien.. ;-) Deretter var det berre å svinge av og vi hadde uberørt snø rundt oss, i tilegg til ei nydelig utsikt.
Her tek Øivind ein kort matpause
Og no går det berre nedover...
Desse turane over Bondalseide har vi også tatt om natta i måneskine. Og det er ei flott og trollsk stemning som herskar her da.
Dette bilde er tatt 2. juledag 2005.
Det er ingen tvil om at det er like flott om natta og gå over heida. I tilegg til ei svært trollsk stemning.
Oddy har sverga på at han he sett huldra her... ;-)
Samme turen - 2. juledag 2005 Her var Odd-Rune også med, og vi har "Ørsta by night" i bakgrunnen
Odd-Rune og Øivind må stå stille som saltstøtter. Brukte mellom 15-20 sek på dette bilde.. Og det va langt under 10 minus..
Men denne gongen er det berre eg (underteikna) og Øivind som tar turen, så no er det berre å komme seg heilberga igjennom skogen.. Men den veks seg tettare og tettare for kvart år som går.. (hint, hint - grunneigarar.. :-)
Øivind i farta - gi plass !!!
Denne svingen gjekk greit, men neste....... :-)
Men til slutt er vi nede og svært fornøgde med det... Vi reiste ikkje så langt, ikkje så høgt, men fint var det uansett..
Kommentarar
Berre heilt fantastisk!
Gratulerer forresten med overstått 34-års dag!