- Det vert vel berre tørrfôr på katten din også no?  Du veit vel,  Anders, at det er rimeleg frosenfisk å få kjøpt i butikken?  Spydigheitene har vore mange mot fjordfiskar Anders (Holen) frå gjengen på Bellingen i det siste.  Og dei har auka på etter kvart som Johan (Riise), Oddvar (Olsen) og Nils (Aklestad) har kome i land med fine noddar (torskar).  Anders har ikkje svart så mykje, for kva skal ein seie til slikt?  Men i dag slo altså Anders kraftig tilbake.

IMG_3920

Anders fekk i dag så mykje fisk at sykkelen måtte leiast...

I dag morgon kunne Anders høyre på Bellingen at fleire hadde sett garn borte under Leknesstranda.  Ein av dei skulle vere den vinterferierande Jarle Walseth.  Sjølv sa ikkje Anders noko i det heile, men i ettermiddag kom løyndommen fram:  Også Anders hadde sett garn.

Anders opplyser til hjorundfjord.no at han hadde sett garn "rett utanfor naustdøra".  Det var nok ikkje det dummaste han har gjort.  På fotografiet over ser vi at Anders har fått mange fine torskar.  Og ikkje berre det; han har fått ei kveite også.  Nei, det vart nok ikkje frosenfisk til middagen eller tørrfor til katten i dag hos familien Holen.  hjorundfjord.no gratulerer med fin fangst.  Og berre så det er sagt:  Personen som no evt. vågar å erte Anders må ha ekstra stor fangst å vise fram.