Dette er siste dagen der studentane styrer skulen aleine, i morgon er lærarane tilbake på plass. I dag har det vore aktivitetsdag for heile skulen og elevane har vore saman på kryss av klassetrinna. Frå morgonen og fram til lunsj var det matematikk som stod på planen.

Skuleovertaking 003

Elevar frå 8. og 10. klassetrinn.

Konsentrerete gutar

Elevar frå 5. og 7. klassetrinn.

Skuleovertaking 042

Elevar frå 1. og 2. klassetrinn.

 

Etter lunsj var det tid for å kle på seg og gå ut. Og det var ikkje lite kle som måtte til i denne kulda. For å kunne gjennomføre dette vart arrangementet flytta til skuleplassen. Dermed var det moglegheit for å gå inn å varme seg for dei som vart kalde. Det vart verre å arranger ski-/ akeaktivitetane som var planlagd. Løysinga vart at dei elevane frå ungdomstrinne som ville, gjekk i fonnvernet. Resten av elevane har vore på skuleområdet, med litt varierande aktivitet.

ungdomskulen

Klar til å gå i fonnvernet. Som det ser så sitt ikkje ungdom i dag berre med data.

Skuleovertaking 073

Her er det ikkje noko skiheis, så her må ein gå motbakken sjølv. Dette er god trim.

Skuleovertaking 083

Er det flørting på gang..... eller er det ein snøball krig??

Skuleovertaking 094

På skuleplassen vart det laga til grill. Meininga var pølsespidding, men sidan det vart på skulen vart det grilling. Så i dag morges vart det ein tlf. til Sæbø bygg om dei kunne hjelpe oss med nokre lecasteinar slik at vi fekk bygge opp grillen. Vaktmester Eivind heiv seg i bilen og køyrde bort til Lasse, så var det problemet løyst.Grillrista var lånt i barnehagen, for skulen si ligg nedelåst og nedesnøva på lavoplassen.

Dette er ein av mange fordelar med å bu på ein liten plass. Alle kjenner alle, og dei aller fleste er villige til å hjelpe når ein spør.

Skuleovertaking 096

Grilling av pølser og varming av sjølvbaka pølsebrød.

Skuleovertaking 095

Skuleovertaking 100

Dette er kjekt, sjølv om det er kaldt.