Anne Kristin, eller helst berre Anne, er vêrobservatør for Meterologisk institutt på Blinderen i Oslo.  Kvar dag, helg eller yrke, ca. klokka 07, startar Anne dagen med å lese av nedbårsmålaren ved bustaden sin i Knutegarden på Hustad.  Resultatet av målingane sender ho så inn til Meteroligiske institutt som tekstmelding på mobiltelefonen sin.

Du juksar vel litt av og til?

- Helst ikkje. Men skulle det skje at eg gløymer å sende inn ein dag, ja, så må eg sende melding om det også.  Og unner vi oss t.d. ein sydentur, er eg heldig å ha svigerfar Thomas (Hustad) som steppar inn, seier Anne til hjorundfjord.no.

IMG_3890

Storhornet, bak til høgre, er nok ei medverkande årsak til at det er såpass mykje nedbør på Hustad.  Her held Anne  nedbørsmålaren.

Anne måler både snø og regn.  Men for å få omgjort snøen til nedbør, heller ho varmt vatn på utsida av målaren og dermed kan siste døgn sin nedbør målast sjølv om om den kjem ned som snø.  Nå måler Anne også snudjupna.  Ho les av snøhøgda på ei eiga målestong.

IMG_3895

Anne ved nedbørsmålaren.  Stonga som ho kan lese av snødjupna på i framgrunnen.

IMG_3896

Her kan vi sjølve lese av kor mykje snø det er på Hustad i dag.

Er det berre nedbørs- og snømengde du observerer?

Eg les ikkje av temperaturen, men eg må melde inn om vêrtilhøva.  Eg melder inn om det er t.d. regnbyger, snøvêr, opphaldsver og skyer osb.  Eg må også t.d. rapportere inn om det er vind, rim på marka, eller dogg.

Og dette vert du frykteleg rik av?

Ja, eg får betaling om det er det du meiner, men betalinga er slett ikkje stor om du tek omsyn til den ulagelege arbeidstida.  Men eg vil halde fram med arbeidet - i alle høve så lenge eg går i fjøsen kvar dag.  Det er no interessant også,  sjølv om svigerfar (Thomas Hustad, den tidlegare vêrobservatøren på Hustad - KH) nok var meir interessert i arbeidet enn det eg er.

Så litt tørre tal frå Anne si 2006-bok:

1873 mm nedbør - normalen er på ca. 2000.

Døgn med mest nedbør(frå 07 til 07): 55 mm. Den 27. desember.

Mest snø:  90 cm - den 23. mars.  I desember var det forresten berre eitt døgn utan nedbør.

Framover, ein gong i månaden, vil hjorundfjord.no ha kontakt med Anne slik at ho kan opplyse oss om sine observasjonar.  Ho vil kunne fortelje oss kor mange dagar vi har hatt nedbør denne månaden, kor mykje nedbør og evt. kva for eit døgn var det mest snø.  Vi har samanlikna Anne med Siri Kalvik lenger oppe.  Diverre har ikkje hjorundfjord.no økonomisk emne til å kjøpe Anne eit nytt antrekk kvar dag og få henne fotografert slik som dei gjer i VG, men det viktigaste er likevel at Anne kan fortelje oss om sine observasjonar.

Er det andre som har andre observasjonar frå andre stadar i Hjørundfjorden, er det berre å kome med dei på ein kommentar under.