Er det nokon som kjenner til dette? Dette forbodet skal ha kome i forbinding med utplanting av gran. Eg meinar at det er på tide at dette forbodet vert revurdert slik at det er ope for den som vil å ha dette husdyret på garden. Det kan være greit å ha dette klart før nokon eventuelt tar i bruk geiter. Det er kanskje lite sannsynleg at noken startar mjølkeproduksjon, men t.d mohair-geiter blir meir og meir populært.
Kanskje dette er ei sak for Bondelaget.
Geit er poenget (13.01.2007 kl. 11:57)
Oj, at eg skulle kome i fagleg debatt om geita! Vi ser da også mange eksempel på at det går heilt greitt med geit i liene. Ein må ha haudet med seg her også. Det skulle vere råd å finne ut om koss dette påbodet mot geit står seg i dag og ta eit initiativ for mohair.
Enok Kippersund
Du har nok eit poeng der (12.01.2007 kl. 21:46)
Røtene er nok også med på å hindre jordskred også, men likevel hadde det vore flest fordelar om landskapet hadde vore opnare. Om geita hadde vore der lenge nok til å ta krattet, men ikkje så lenge at ho ringborka trea ville det sikkert vore ideelt.
Unn Frøland
Geit og rasfare (11.01.2007 kl. 22:38)
Som amatør på området kan eg berre vise til skulelærdom, som ligg ca 60 år tilbake i tida: I Nord-Italia var det plaga med storflaum i dei store elvane og utover slettelandet om våren. Etter kvart fekk geitene skulda, for dei snøydde liene for småskog som tok opp i seg mykje av vatnet som elles for laust nedover.
Har høyrt same teorien i samanheng med lokale dalføre med bratte dalsider og geitehald. Kanskje ikkje heilt ufarleg å la geita få snøyde heilt nedåt?
Enok Kippersund