Tilbakeblikk på driftsåret 2006
 
1 april 2006 tok eg over drifta etter Rødhette. Det var ein nydelig dag, og manga var innom og ga si støtte.
 Besøk
Jon Urkegjerde, Asbjørn Hjorthaug, "Lasse" og Julie Sæbønes var nokre av dei mange som besøkte meg denne første dagen..
 
Første turen for MS Hjørundfjord var for Tussa til Strandabøen. Om kvelden skulle ungdommane i Bondalen /Hjørundfjorden til Trandal og bl.a feire 25 årsdag til 2 stk.
25 aar
 Erling Tvergrov og Terje Stokke, 2x25år
  ungdommer 1                          Trond Åge, Alexander, Øyvind, Espen, Jan-Tore, Marius, Jon-Arne er nokre av dei 30 ungdommane som var på Trandal.
 
Dei hadde overrasking på lur, for då vi la til kai, vart "Kontordama" mi beordra opp på kaia, og champagneflaska leita fram. Båten skulle døypast. MS Hjørundfjord, må hell og lykke deg alltid følge.... Tusen takk til den flott ungdommen vi har i Hjørundfjord.
 dåp
Karl Einar Nybø held snora til champagne flaska og "kontor dama" døyper båten.
 
Sommeren var god for meg, med mange faktorer som ga turer; fint vær,  optimisme og bygdemoblisering, oppdrag fra andre reiselivsaktører, og  tidlegare kunder/nettverk. "Jakta på kjærligheten" i TV2 var fin reklame for både fjorden og meg.badebilde
 Heldigvis vart det tid til det eg likar aller best om sommaren.
 
Hausten fekk vi laga oss heimeside. Den er no oppgradert slik at ein kan komme seg inn på vanleg internett explorer med www. hjorundfjordskyss.no  Planane videre her er ei gjestebok og ein blogg der eg skal dagleg legge inn bilete fra plasser eg besøker i fjorden. Fotoapperat er innkjøpt, så no står det berre att å lære seg å legge inn, dette kan ta noko tid....
 
Eg har hatt ein stor maskinskade i haust , men har tilgang på leigebåt og gode reperatører. Eg har dyktige avløyserar når eg har fri, Jan Inge og Roy Lillebø, og Arvid Kibsgård. I tillegg er Bernt Arve Hustad ein god mann å ha  til mangt. Mats Riise er min "data-mann"
 
Planer framover, er ilag med Ørsta kommune , å lage ei prisliste slik at folk i fjorden kan sjå kva det kostar å leige båten. Prinsippet er som før med bygderuter, subsidiert pris til fastboande fjordafolk, anna taks etter middnatt. Eg håper og at det vert ei oppgradering av bl.a. kaia på Sæbø. Per i dag held eg på å pusse opp nedre salong slik at den kan være klar til turistsesongen.
 
Beredskap: Den  er forskjellig gjennom året, fra no og tom 31.mars er det 2 timer Dag/Kveld, og 1 time natt. Fra April og til 15 mai er det 2 timer Dag/kveld og 2 timer natt. Fra medio mai og til oktober er det ingen beredskap dag, og 2 timer natt. Men eg prøver sjølvsagt å komme på kort tid når folk har behov for det. Det er ein av fordelane med å  være stasjonert  på Sæbø
 
Fotball turar. Eg har bestilt 30 bilettar til alle heimekampane til AAFK. Søknad om dette får eg svar på om to veker.Melding om dette vil eg legge ut på Hjørundfjordportalen.
 
Ønskjer folk i Hjørundfjorden og Hjørundfjordportalen eit godt år.
 
Med vennleg helsing Oddvar Olsen.