Mellom anna ser eg at Hjørundfjorden skal få ny brosjyre,det er flott, og så skal de koma fram til eit slagord, Her er det mange fallgruver,det kan verta platt reklame -aktigt,pompøst, banalt , ----: I det heile, utruleg vanskeleg. Eg synest vinklinga der det kjem fram at det er ein levande fjord ( i motsetnad til næraste og største konkurenten Geiranger ) er god.                                                                                                    
 
Dette er like vanskeleg som å laga ein god logo, her I Valdres er dei nettop ferdige med ei slik runde. Dei fekk med seg fagfolk til slutt og enda opp med at :
"Valdres skjerpar sansane ", dette ligg nok i botnen på mykje av satsinga her no , men fleire enn eg synest ikkje at slagordet kling serleg godt.
 
Tenkjer eg meg at eg er heilt ukjend med området , og sit og studerar ein haug av meir eller mindre like Vestlands brosjyrer, så trur eg nok at bodskapen om FJORDEN SOM LEVER  ville fanga interessa og pirre oppdagings-lysta.
Det med å gjera fjorden endå meir levande, etter at han har sove ein slags " tornerose svevn " lenge, er nettop det som også bygdeutviklings prosjekta handlar om.
Og i tillegg er der  no nokre dyktige folk som  også arbeider i rett lei slik.Som hesteaktivitetar inne i Storefjorden og det eg kjenner best til, det utruleg flotte og på alle måtar vellukka prosjektet til Margrete og Bjarne Rekkedal.
Dette er folk som veit kva dei driv med ,  har etter kvart hausta erfaringar og har mykje å lære i frå seg. Bruk dei.
 
Eg skal prøve å ikkje gjera dette for langt, men eg har lyst til å draga fram att nokre positive erfaringar eg har frå Hjørundfjorden frå den tid kjeringa og eg dreiv litt med reiseliv i små -skala.
The Norwegian-American Museum i Decorah yskte for mange år sidan  å leggja opp tematurar hit til landet,men etter at dei store reiseoperatørane sa nei takk, det vart for mykje arbeid i forhold til fortenesta var det likt til, vart det til at me noko motviljugt tok det på oss. Me viste at me var ikkje kvalifiserte nok for ei slik oppgåve.
Men som dei seir på Toten. " dummaste bøndene får største potetene ", me skipa til og leidde fleire slike turar, åtti deltakarar i tre veker og alle turane med eit tema i botnen.
 
To slike grupper tok me også  til Hjørundfjorden, den fyrste med bussar den andre med båt, " Brand 7 ", Me brukte tre veker frå Trondheim til Oslo med spesiell konsert i Nidarosdomen ,  mottaking i Oslo rådhus, Ordførar  kanapeàr , og det heile ,som nokre av høgdepunkta.
Litt rølete høyrest vel dette ut, men eg tek det med for å setja det eg vil fram til i ein samanhang.
Eg er i liten tvil om at langhelga i Hjørundfjorden var det absolutt mest vellukka på heile turen.
Turane i ymse form går enno, eg gav meg, eg vil heller søle med denne målinga, men eg hugsar at når turane vart utlyste så var det alltid nokre som kom med same spørsmåla, kjem me til Hjørundfjorden ?, får me overnatte i private heimar ? Naturlegvis betalte me det same for slike overnattingar som om det var eit vanleg hotell,men mange  vertsfamiliar syntest det var ei slik triveleg helg og samvær, at eg måtte nesten truga pengane på dei.
Deltakarane var nok imponerte av naturen, (men eg må,om  litt motviljugt, vedgå at det er svert mange andre fine stadar også rundt i verda) men det å verta møtt med musikk på kaia og ein ventande folkehop og så oppleva å verta takne inn i vanlege heimar gjorde eit uutsletteleg inntrykk, eg møter enno folk " over der " som minnest dette med stor glede. Det var også slike opplevingar som gjorde at det var folk som var med på slike turar opp til tre gonger, med års mellom rom.
Ikkje minst var dei overlukkelege dei som vart henta med båtar og vart frakta innover fjorden,Tek å få oppleva ein ekte geitegard.
Det kuliminerte med Norsk - Amerikansk gudsteneste , med stor frammøte og innslag frå båe sider. der og då la dei att ei bra sum for innsamlinga til nytt orgel,gåvebrevet heng på galleriet.
 Det høyrer med til historia at mange i desse gruppene var svert medvetne på kvalitet og la mykje pengar etter seg, ein kjøpte eit stot nytt loft i Telemark ogf fleire hus etterpå.
 
Slikt kan truleg ikkje kopierast eller gjerast for ofte, men det syner litt kva også svært blaserte turdeltakarar set pris på.
 
Den einaste staden eg kan hugse som kunne måle seg med Hjørundfjorden i " poularitet " var Dalarne i Sverige, der eg opplevde at folk gret når dei reiste der i frå.
Nedturen var enorm då me kom til turist-blaserte Balestrand å skulle feira jonsok , skikkeleg fiasko , det var hestevande ungdomar på Nordfjordeid som kvelden etter på  fekk snudd stemninga.
 
Hjørundfjorden har mykje opphaveleg over seg,  og enno ikkje øydelagd av masseturisme, her ligg kimen til ein ekslusiv form for reiseliv som kan vera økonomisk
svært lønsam om ting vert gjordt rett., siste sumaren har mykje gått i rett lei i Hjørundfjorden.
 
Hald fram som de stemner, lat fjorden leve.
 
Helsing Sigmund Årseth