Ca. klokka halv fem i ettermiddag forsvann straumen fullstendig på Årset i Bondalen.  Kva hadde hendt?  Kvifor var straumen borte berre på Årset?  Heldigvis var Tussa Nett v/Ole Johan Rekkedal på plass ved transformatoren berre ein halvtime etterpå.  Og Ole Johan fann feilen raskt...

IMG_3840

Katten var årsaka til at straumen gjekk, men gjekk sjølv i dauden.

Ein viril hannkatt hadde klatra 5-6 meter opp til ein trafotopp.  Og ikkje berre det - han hadde gått mellom to av fasane.  Det kosta katten livet.

Ole Johan fortel at - som vi sjølve kan sjå - det er det god avstand mellom fasane/leidningane på ei høgspentline, men der fasane går ned på trafotoppen er avstanden liten.  Då katten gjekk mellom to av fasane, rakk rompa hans bort i ein av dei og hovudet bort i ein annan.  Dermed fekk han ca. 24000 volt gjennom seg og eit katteliv var ferdig - og Årset miste straumen.

IMG_3842

Ole Johan Rekkedal kan sitt fag og fekk reparert skaden raskt.

For å få reparert skaden, måtte Ole Johan Rekkedal klatre opp til trafoen og katten. Slikt er det ikkje lov til å gjere åleine, men Thomas Urkegjerde - ein annan hjørundfjording - kom også raskt til og allreie klokka 1830 var straumen tilbake på Årset.  Dermed vart det slutt på romantisk kjertelys i husa og i alle høve var det slutt på romantikken for katten.

Kva hadde katten å gjere der oppe, Ole Johan?

Veit ikkje, kanskje ville han hjelpe oss i Tussa Nett med inspeksjon av linja?

Asbjørn Moe i Jensgarden på Årset fortel til hjorundfjord.no at det truleg var katten som i dag måtte bøte med livet  som i går prøvde å erobre nye befruktingsområde på Årset.  Men i Jensgarden møtte katten kvist.  Deira eigen hankatt jaga denne stripete hankatten derifrå.

Kanskje klatra den slagne katten i dag opp i høgde for å speide etter nye beitemarkar med mange kjetter?