Billege tomter på Sæbøneset. 

Det var i fjor formannskapet vedtok å leggje ut tomter på bygdene på billegsal. I alle fall ei tomt i Sæbønes-feltet er selt.

 

I formannskapet var det ingen motstand då Toril Langlo (Ap)  foreslo å lengje ordninga.

I Sæbønes-feltet er det no ei ledig tomt att der det er knytt til veg, vatn og kloakk. Men det er minst tre ledige tomter på nedsida av vegen, og som hjorundfjord.no veit folk har lyst på.

 

Då går det fram av vedtaket frå formannskapet at prisen på tomta er tjue tusen kroner, men at dei som vil byggje der, må koste tilføring av vatn og kloakk sjølve. Kostnaden vert om lag 60.000 kroner. 

 

Det er uansett så mykje mindre enn ei tomt i Øvre Mo at ein har råd til hus og ekstra bil før ein kjem opp i kostnaden på ei tomt der...