Eg har lurt på ein ting. Sidan motbakkeløp har vorte meir og meir populert, kvifor ikkje lage fleire her på sunnmøre. Vi har dei kjende som: Saudehornet og Skåla, men her er jo mange flotte fjell so kvifor ikkje lage eit til? Eg tenkt at Skårasalen kunne vere fjellet!
Skårasalen er eit av dei enklaste 1500-meters toppane å bestige, og det er heller ikkje noko utsette opptak. I tilegg har den ei trygg rås utan rasfarer. Plass er det nok av så kvifor ikkje? Eg tenkte meg start endten på Kvistad eller på setra framme i dalen. Publikum måtte då trekke fram i dalen, eller opp i sida for å få med seg korleis det går med løparane. Elles er det godt plass opp over heile ryggen til toppen.(Sjå bilete)
Turen har alt eit motbakkeløp kan kreve: Brattebakkar, steinur, grasrabbar, spennande terreng og ikkje minst eventyrlig utsikt!
Kvifor ikkje?

(27.01.2007 kl. 03:09)
Kva med Slogen "rett ned"?
Yngve Frøland
Opphavsrett (24.01.2007 kl. 09:30)
Bare som en liten kommentar til bildet av Skårasalen som er hentet fra liaset.com, det er greit å være klar over at bilder omfattes av lov om opphavsrett (åndsverkloven)http://www.lovdata.no/all/nl-19610512-002.html
Nå er ikke jeg noen guru på dette området, men mener at loven gjelder i dette tilfellet selv om den som har tatt bildet ikke tar noe copyright-forbehold på nettsiden sin. En mail til vedkommende kan være greit dersom en vil bruke bildet til annet enn å se det på sin egen pc, så slipper man å få seg en overraskelse.
Et duathlon bør kanskje starte på Festøya, gå sørover langs Hjørundfjorden - Standaleidet - Follestaddalen - Åmdalen - Bondalen - Kvistaddalen på sykkel og deretter på såler til topps. Navnet... "Hjørundfjord Duathlon".
Svein Myhre
Utsikt frå Kolåstinden (24.01.2007 kl. 07:56)
Biletet er heilt sikkert frå Kolåstinden. Sjå dette biletet teke frå Kolåsbreen mot Hjørundfjorden, Skårasalen midt i bildet, langt bak... http://www.follestaddalen.net/2006-17maiKolaastinden/Img_00191.jpg
Bildet er rett nok teke frå litt lavara punkt enn det omtalte bildet, men ingen tvil likevel..
Fleire fjellbilde både frå Hjørundfjord, Follestaddalen og andre flotte stadar kan du sjå på www.follestaddalen.net
Torill Nydal
Quiz (23.01.2007 kl. 22:58)
Eg tenkte ikkje over at biletet kunne dragast inn i ein quiz, so eg berre la ut eit bilete eg synast var flott, og eg har desverre ikkje teke bilete sjølv, men mest sannsynleg er biletet teke frå Kolåstinden. Oppe i venstre hjørne står det at biletet er tatt frå nord, så difor er det logisk at bilete er teke frå kolåstind.
Forøvrig fann eg biletet på: www.liaset.com/fof.html
Ei anna bra side: www.westcoastpeaks.com deretter kan du gå inn på møre og romsdal i venstre margen.
Har fleire spennande bilete vis det skulle vere nødvendig for Quizen
Håvard Myklebust
Duathlon (23.01.2007 kl. 22:04)
Ein variasjon av motbakkeløp er jo som Fanaråken gjer, ei etappe sykkel frå Sæbø og oppi Kvistaddalen, og deretter på beina frå 515 - 1542 moh.
Biletet er vel frå Kolåstinden ja, ikkje van med å sjå sommarbilete derifrå, men einaste i høgda og vinkel som passar. Ser det også motsett veg frå Skårasalen her:
http://www.orsta.org/gallery/pinse2004/pinse2004skarasalen/IMG_0397.jpg.html
Utsikta mot Skårasalen er nesten identisk med den frå Grøthornet, berre litt høgre oppe og litt nordaust.
Per-Stian Vatne
Vi må ha eit svar... (23.01.2007 kl. 10:48)
på fjellquizen. Svein Myhre har gitt eit svar og der er ingen som bestride det. I fyrste omgong så stussa eg på at bilete var frå Kolåstinden, men etter å ha studert det nøye, så må eg berre vedgå at vi har fått eit svar frå ein som har gode kunskapar.
Håvard, kan du kome med det rette svaret til oss?
Ivar Svein Mo
Heilt enig ang kopiering (22.01.2007 kl. 21:35)
Eg samd med Ivar S, ideen er kjempegod, men dette løpet må ikkje øydelegge for saudehornet rett opp no når dei endelig har greid å lage til noke i Ørsta som ikkje har med handelsstanden å gjere. Kva tid på året hadde det vore best egentlig?
Unn Frøland
Svar på fjellquiz (22.01.2007 kl. 14:16)
Hvor er bildet tatt fra? Jeg tror at bildet gaaaanske sikkert er tatt fra Kolåstinden 1432. Den lille nabben en ser nederst i bildet mener jeg er på egga mellom Nordre Grøtdalstinden og Nøvedalstinden, og da er Kolåstinden bankers.
Så er det litt morosamt å se virkningene av bruk av tele, fjellet til venstre for Skårsalen er faktisk Lodalskåpa!
Svein Myhre
Fjellquiz (22.01.2007 kl. 12:55)
Kvistaddalen er klar med veg og plass til å ta imot eit arrangement, men vi må finne på eit egenarta løp for Skårasalen og ikkje kopiere andre sitt, så dette går på bekostning av allereie etablerte løp.
Ingressbilete er teke frå eit fjell i nord og her har vi ein ferdig fjellquiz.
Kva for eit fjell er bilete teke frå?
Her må fotografen kome med fasiten etterkvart. Videre så er vi interessert i datoen og årstal, då det er interessant å studere breane i Moagjølet som har vorte små seint om hausten, dei siste åra.
I denne fjellquizen er det også lov for fjellquizgeneralen Knut Hustad også å delta!
Ivar Svein Mo
Småskogen er rydda. (21.01.2007 kl. 22:53)
Berre så det er sagt - råsa/stien i småskogen vart rydda no sist haust av Gunnar Stokke og Lars Petter Strandmann. Så den delen er grei.
Også eg trur eg kan stille - som funksjonær. Men hadde det vore ein ide med eit "prøvearrangemnet".
Knut Hustad
Perfekt fjell og løype (21.01.2007 kl. 20:34)
Skårasalen hadde vore perfekt med bra lengde og god variasjon, og også nok fin løype til å springe på. Nokre klagar på både Saudehornet opp og Skåla opp og kallar det klatretur - og ikkje noke "løp". Med start på Kvistad eller kanskje likegodt nede ved ferjekaia, har ein lang og god oppvarming til bratta. Har vore med på både Saudehornet- og Skåla-løp, og trur absolutt Skårsalen er eigna. Relativt lett for folk å opphalde seg på toppen også, då det er rikeleg plass like under målgang. Må vel ryddast litt i småskogen neds nede, men ellers er løypa ideell. Bestetid under timen frå Sæbø? (rekord Skåla 1848 er 1:09).
Men... det krev mykje arbeid og organisasjon, og i verste fall kan det gå på bekostning av etterkvart godt etablerte Saudehornet rett opp? Det går litt inflasjon i motbakkeløp om dagen, og det er vanskeleg å skille seg ut frå mengda. NM 2008 er god reklame? :)
Per-Stian Vatne
Flott ide. (20.01.2007 kl. 23:46)
Denne ideen må alle Hjørundfjordinger(også me som er har vandra ut)vere med på å realisere.
Eg stiller gjerne som funksjoner.
Hildegunn Mork