Skulebibliotekar Marthe Ruud har rydda på skulebiblioteket og konstantert at det manglar mange bøker, dette gjeld både skjønnlitterære og fagbøker. Det er ikkje alltid det vert registrert godt nok når elevar låner bøker og det er difor vanskeleg å spore dei forsvunne bøkene opp att.

Dersom du har ei bok heime som er stempla Sæbø skule er det fint om du leverer den til skulen. Vi lovar at ingen vert straffa eller får skjenn for å kome med "gamle" bøker.