Lovise har teke flotte foto frå Sæbø. Hugsar du kva blendaropning du brukte - og kor lang lukkartid? (Ein finn det vel ut med å trykke ein plass, men...) På fotoa under, som eg har teke frå same stad, brukte eg blendaropning 5,6 og eg meiner å hugse at lukkartida var 6 - 10 sekund.
Når ein tek slike foto på stativ, må det verte litt tipping. Kvar kjem dei neste rakettane? Apparatet brukte også lang tid til å lagre foto, men eg fekk no tatt desse i alle fall.
Men kva ser vi i bakgrunnen?


Det er vel ikkje så lett å sjå kva som er i bakgrunnen her...

Godt nyttår.
Fine bilder (03.01.2007 kl. 10:34)
Synst du hadde fine bilder du også Knut, raketta og stjerneskudd er ganske stilig og ta bilde av ser det ut som. Det blir eit fint motiv;)
Synnøve Mo
Let seg ikkje lure, nei. (02.01.2007 kl. 09:23)
Nei, brukarane av hjorundfjord.no let sg ikkje lure. Eg vil sjølvsagt ikkje skuffe deg, Lovise, men det er nok mor di som har rett. Det er frå Volda (Bratteberg, som Unn antydar)mot Folkestad. Og Roy har rett ferje også...
Eg hadde nok kunne tenkt å prøvd med litt mindre blendaropning, men det small raskt rundt om meg og tida gjekk fort..
Knut Hustad
Volda mot Folkestad (01.01.2007 kl. 23:17)
Spørs om det ikkje er Folkestad vi ser på andre sida av fjorden. BF "Folkestad" midt i bildet ganske opplyst (det kvite lyset).
Roy Lillebø
Blendaropning (01.01.2007 kl. 23:07)
Hei, og takk for kommentaren.
Eg er ikkje så sikker på blendaropninga, men eg tenkjer det var på rundt 4 eller 5 ettersom det var der eg prøvde å halde den. La oss seie 4 sidan det var "vidvinkel". Lukkartid var 10 sekund, så eg er overraska over kor skarpt det eine vart (snudde meg i all hast og trykte på knappen).
Du har nokre fantastiske bilete sjølv. Er dei frå Ørsta? (mor mi seier det er i frå Volda mot Folkestad)Kvenn har rett?
Godt Nytt År
-Lovise-
Lovise Mo
No skal ikkje ej øydelegge (01.01.2007 kl. 22:49)
heilt.....det stakitt-gjerdet kjenner eg att, så eg reknar meg som inhabil.
Unn Frøland