Frå setra0008

Kva heiter fjellet denne varden står på og kva heiter fjellet i bakgrunnen?

Kvar er boka? 

Eg vågar påstanden:  Ingen angrar på ein fjelltur etter at toppen er nådd. Og kva gjer vi når vi er der?  Nyt vi utsikta?  Ja.  Tek vi på oss eit tørt plagg på overkroppen? Gjerne.  Et vi maten?  Sjølvsagt. Slappar vi av ei stund før vi tek til på vegen ned igjen? Igjen – sjølvsagt.   Har eg gløymt noko?  Ja, boka som vi kan skrive namnet vårt i.

 

Ja, for vi vil gjerne skrive namnet vårt ein stad.  Vi vil samle poeng til fjelltrimmen til eit eller anna idrettslag.  Men kva om ikkje idrettslaget har post på denne toppen? Jau, vi skriv namnet vårt likevel Og kvifor skriv vi?   Vi vil vel syne naboen – om han kjem seg opp på denne toppen – at vi var der først.  Eller?  Men kva om fjellet ikkje er særleg høgt – kva då? Jau, vi skriv namnet vårt likevel -  om vi finn noko å skrive dett på/i.  Kvifor gjer vi dette?  Er det nokon som har eit godt svar?

 

På denne aktuelle toppen var der i alle høve den 15. september ei bok der ein kunne skrive namnet sitt i.  Og boka låg i ei skikkeleg boks, eller kva ein skal kalle det.  Nei, fjellet var tydelegvis ikkje så mykje besøkt – i alle høve ikkje i høve til toppen i bakgrunnen.  Og tek eg ikkje heilt feil var det Finn Flø som hadde laga boksa – eller var den laga av kona Merete? Nemner eg at Per Atle Røe også såg ut til å like seg på dette fjellet, ja, så har eg nemnt dei fleste. 

 

Det var første gongen eg var på dette fjellet sjølv om eg ser det kvar dag frå min heimstad i Bondalen, og ja, det var godt å vere der.  Og for den som måtte lure; ja, eg skreiv namnet mitt i boka, men eg veit ikkje heilt kvifor.  Er det nokon som veit?

Knut Hustad 

P.s:

For den som meiner oppgåva/quizen over er litt vanskeleg, legg eg ved eit foto til.  Eg står omtrent på same stad og fotograferer, men eg har snudd meg ca. 100 grader mot aust. 

Dalen 

Løysing:

Knut Riise og dei fleste andre har sjølvsagt rett - det er Hellehornet med sine 1239 meter som er det rette namnet.  I alle høve om ein ser på turkartet "Sunnmørsalpane".  Men på kartbladet "Hjørundfjord" står det ikkje noko namn på fjellet i det heile, men høgda på toppen er nemnt.  I bakgrunnen ser vi sjølvsagt Kolåstinden.

Eg synest at Kirsti Øye Driveklepp har nokre interessante opplysningar.  Av og til er det openberre feil, også på kart.  På kartbladet "Hjørundfjord" har t.d. Kopphornet og Klòvtinden bytt namn.  Dette veit vi om, men får dei "feile" namna står på karta lenge nok, ja, då vert det vel desse namna som til slutt er rette...  Men eg oppfattar det slik at det er strid om namnet Hellehornet er det rette.  Heller ikkje eg kjenner til at dette namnet er mykje nytta her på Bondalssida.  Her må nokon vite meir.

Her frå min bustad på Årset i Bondalen fell nok augo heller på Grøtdalstinden - den toppen er både meir kjent og meir dominerande.

Sjøheimevernet 002

Hellehornet - topp til venstre - sett frå Årset i Bondalen.  Brenn det i Follestaddalen?

Denne dagen, på ettermiddagen den 15. september, tenkte eg at det skulle vere ein heller rask tur å kome seg opp på toppen.  Men etter at eg hadde kome meg opp i Bjønndalen, oppdaga eg  raskt at grasbakken opp mot toppen av Hellehornet var lenger enn den såg ut til.   Det var heilt sikkert den høge temperaturen som hadde skulda...

I artikkelen over nemner eg "boksa" som boka låg i - boka som ein kan skrive namnet sitt i.  Denne "boksa" var skikkeleg laga.  Truleg var ein del av eit solid rør kappa av.  Deretter vart det sveist på botn og laga lok.  Til slutt var det heile galvanisert.  Eg har sett fleire slike på fjell rundt om.

Men ikkje alle "boksar" er like føreseggjorde.  Idrettslag og andre nyttar seg av ulike patentar når det gjeld å halde boka tørr, og ein del av dette vert ståande att på toppane etter at sesongen er over.  Vakkert er det ikkje.  Bør ikkje dette "verneutstyret" fjernast etter bruk?  Under viser eg eit eksempel frå Grøtdalstinden.

Haustferie 2006 027

Her skriv Jane Hustad seg inn i boka på Grødtdalstinden no i haust, men restutstyret frå tidlegare bøker er ikkje vakkert.

Eg hadde også eit anna spørsmål i artikkelen min - kvifor skal vi absolutt skrive namnet vårt inn i bøker på fjelltoppane?  Du Knut J. er noko eldre enn meg - kjenner du til når denne tradisjonen starta?