På oppmoding frå "Mobilisering for Hjørundfjorden" har eg skrive denne artikkelen for å synleggjere kvifor vi bør går imot laksoppdrett i Hjørundfjorden.
I kystsoneplanen vert det skissert det som fører med seg dei første og førebelse konsekvensane av at ikkje Hjørundfjorden vart nasjonalfjord.
Førebels fordi ein kan vere trygg på at om oppdrettsnæringa først får tak i "lissje-fingeren," vil dei ved første høve take heile handa.
Kystsoneplanen: " Ikkje ynskjeleg (ikkje forbode!) med meir oppdrett i Hjørundfjorden enn det er i dag."
Gjev det var så vel!
Den midlertidige sperregrensa mot oppdrett i Hjørundfjorden, i påvente av at om Hj.fjorden vart nasjonalfjord, er no oppheva. Den har i 10 år hindra etablering av laksoppdrett i Hj.fjorden.
Er det "status quo" Ørsta kommune meiner når dei "ikkje ynskjer meir oppdrett enn det er i dag?" Det vil seie ikkje oppdrett?
Nei, kystsoneplanen legg opp til oppdrett heilt inn til Standal/Trandal. ("Vesentleg utviding ved Trandal.") Samt ein lokalitet ved Viddal.Det er vel noko anna enn dei fagre orda om "at det i Hjørundfjorden ikkje er ynskjeleg med meir oppdrett enn det er i dag?"
Samstundes tillet Ørsta kommune seg å seie at planen " er av omsyn til villaksen i Hjørundfjorden!" Forslagert er tvertimot IKKJE av omsyn til villaksen.
I Hjørundfjorden har det tidlegare vore "flørta" med laksoppdrett. Lokalitetane på Bjørke/Viddal og på Trandal førte med seg forureining, rømt oppdrettslaks og oppblomstring av lakselus. Desse lokalitetane er avvikla, nettopp av årsakane nemde ovanfor. Men ifølgje kommuna ligg desse fast. Med høve til utviding!
Har ikkje ansvarshavande i kommuna lært? Eller lid dei av minnevegring? Tør eg minne om dei om lag 30 000 laks som hausten 1989 rømde frå anlegget på Trandal?
"Historia gjentek seg," heiter det. Det er ikkje grunn til å tru noko anna ved eit 2. forsøk med oppdrett i Hj.fjorden.
Skjelprøver eg tok for Direkt. for Nat.forv. synte på det meste over 40% oppdrettslaks i Bondalselva i åra med oppdrett i fjorden. Etter avvikling av anlegg gjekk talet drastisk ned.
Realitatane er at Ørsta kommune(styre) trur som Ole Brum. "Ja, takk! Begge deler."
Oppdrettslaks og villaks går ikkje saman. Her er det ikkje "eit både-og," men tvertimot eit "anten-eller."
Ørsta kommune tek på seg eit alvorleg ansvar. Overgrip/svik mot utallige generasjonar av gamle villaksstammer i Hj.fjorden. Ved å gå imot Hjørundfjorden/Bondalselva som nasjonalefjord/elv, og no "ein invitt" til enno eit "oppdrettseksperiment."
Eg oppmodar alle i Hjørundfjorden, og elles i kommuna, om følgjande:
"Ønskjer de ein frisk fjord med framtidige vitale laksestammer, så gå imot Ørsta kommune sitt forslag om laksoppdrett i Hjørundfjorden!"
Lat oss prioritere miljø og trivnad for fastbuande og turistar, samt framtidige generasjonar.
Turisme i Hj.fjorden er saman med jordbruk framtida med tanke på busetnad og arbeidsplassar. Langt fleire og viktigare enn det oppdr.næring kan gje oss.
Lat ikkje den vakre fjorden vår verte ei mjølkeku der verdiar vert fjerna og ikkje attlagde.
Fjorden fekk ikkje nasjonalstatus, men no er det høve for alle og einkvar å kome på bana slik at vi kan stå mot presset frå oppdrettsnæringa.
På heimesida til Ørsta kommune fann eg artikkelen: "Oppdrettsnæringa vil ekspandere."
"Det er i Hjørundfjorden at mesteparten av veksten vil måtte skje,.....det er særleg Pan Fish (verdas største oppdrettskonsern) som kan tenkje seg å ekspandere i Hjørundfjorden." Klare ord for pengane!
Det framgår elles at Ørsta kommune har vore under eit utilbøreleg press frå oppdrettsnæringa. Ikkje overraskande!
Det vert lova/truga med arbeidsplassar, som vanleg. Arbeidsplassar som ikkje vil kome Hjørundfjorden til gode.
Det er trist at ei sak så viktig for Hjørundfjorden event.skal verte avgjord med bakgrunn i uvitenheit. (Ørsta komm.styre sitt nei til nasjonalstatus. Følgd opp av forslaget i kystsoneplanen.)
Ørsta kommune har sett opp turisme som prioritert satsingsområde. Følg opp dette med å seie nei til oppdrett i sjølve juvelen, Hjørundfjorden!
I all framtid vil det løne seg. Ein fjord utan visuell og fysisk forureining. Med vitale villaksstammer!
I ei framtid med aukande turisme og norske fjordar kåra som det fremste reisemål i verda!
Eg har så mykje på hjartet i denne saka, så event. lesarar må ha meg tilgitt for at eg held fram enno litt.
I dag vart det offentleggjort ein rapport som fekk mange til"å hoppe i stolen," og som eg trur fekk einkvar til å skjøne realitetane når det gjeld denne saka.
I 2006 rømde det 790 000 vaksen laks frå oppdrettsanlegg. Det meste nokonsinne! Trass i oppdrettsnæringa sine lovnadar om "bot og betring" dei siste 10 åra....
I underkant av 500 000 laks kjem inn til norskekysten i løpet av ein sesong....
Talet er i tillegg berre toppen av isfjellet! Ein antek at berre 1 av 5 rømingar vert registrerte! Det seier vel alt om næringa?
Ein statssekretær seier sjokkert i dag at "denne miljøkriminaliteten ikkje kan fortsette."
No er økokrim kopla inn og skal hjelpe politidistrikta i kampen mot kriminaliteten.
Treng ein ei tydelegare synleggjering av kva som skjer og har skjedd og som vil skje i framtida?
Eg har ingen illusjonar om noko betring. Ein oppdrettsfri Hjørundfjord er einaste garantien!
Oppdrettsnæringa har mykje på samvitet vis a vis villaksen.
I 1989 vart det teke over 10 tonn laks i Bondalselva! Stemninga og trivnaden i bygda på sumartid var fantastisk! Både blant dei som fiska og smitta over på dei som ikkje var fiskeinteresserte! Turistar strøymde til! Villaksstamma var redda, trudde vi.
Oppsvinget kom av drastiske reduksjonar i sjøfisket, naudsynt sett i verk av myndigheitene.
Det var gode sesongar dei komande 4-5 åra. Så byrja vi å merke nedgongen. Ikkje berre i Bondalselva, men i heile regionen.
Samanfallande med nedgongen kom ekspansjonen i oppdrettsnæringa med auka mengd av oppdrettslaks, og ikkje minst lakselus på innkomande laks. Eg talde bortimot 300 på ein einaste fisk. Vanleg med 4-8 på kvar fisk.
Eg tok skjelprøver av laks desse åra, bl.a skulle eg no notere ned antal lus på laksen. Direktoratet byrja også å sjå samanhengen. Undersøkingar frå same instans seinare stadfesta mistanken.
Oppblomstringa av lakselus knekte den utgåande smolten!
2-4 lus er nok til å ta livet av ein laksunge.
Her ligg hovudårsaka til den dramatiske nedgongen i laksestamma, bl.a i Bondalselva.
I tillegg kjem oppgong av oppdrettslaks i elvane. Denne går seinare opp enn villaksen. Avdi den ikkje har tilhøyrigheit til noko vassdrag. Han går instinktsmessig opp i næraste vassdrag når gytetida nærmar seg.
Øydelegg villaksen sine gytegroper og legg si eiga rogn der. Resultatet vert ei langsam utvisking av elva si eiga, kanskje tusenårige genuine stamme.
Det let seg likevel gjere å byggje langsomt oppatt laksestamma i Bondalselva, og elles i Hjørundfjorden. Men vi står ved ein skiljeveg!
Det forutset at vi makter å halde oppdrettsnæringa på avstand.
Vil du det?
Nettopp DU kan vere med på å avgjere det for Hjørundfjorden sin del!
Ved å protestere mot kommuna sine planer for oppdrett i Hjørundfjorden!
Kommentarar
Du er vel den i dalen / fjorden som kan og veit mest om dette. Og du har tal og vitenskaplige fakta å legge fram, ikkje berre synsing og tenking.
I tillegg har du evna til å presentere det på ein forståelig måte, både muntlig og skriftlig.
Eg vonar derfor at engasjemanget ditt held seg, og at du no vil bruke det i det som truleg vil verte den viktigaste "krigen for villaksen".
Eg trur at faktaopplysningar og sterkt lobbyarbeid, bruk av mørenytt og personlig kontakt med politikarane vil gi resultat - men det er heilt klart at her må det jobbast og det fort.
Så stå på - mitt bidrag er redusert til moralsk støtte, og det er herved oversent.
Jeg har ikke problem med å støtte ei slik sak, men hvis det er slik at lakseoppdrett på Vigra fører til oppdrettslaks i Bondalselva så nytter det vel ikke bare å jobbe mot egen kommune?
Likevel vil det kunne kome fisk frå andre fjordar med oppdrett. Det syner bl.a røynsler her inne frå i ei kort periode i haust.Men sjansane reduseres i takt med kor langt oppdrettsanlegg ligg frå aktuell elv.
Siste åra har det difor vore forsvinnande lite oppdrettslaks i Hjørundfjorden og Bondalselva.Difor må oppdrettsnæringa haldast frå livet!
Villaksinteresser i Hj.fjorden, Storfjorden og Nordalsfjorden arbeidde tett saman nettopp for å gardere seg mot det du spør om.
Nålauget vart passert.Heile fjordsystemet vart av Direktoratet innstilt til nasjonal status. Men skammeleg nok utelukka av Miljøverndepartement..Eit fjordsystem med over 20 lakseførande vassdrag.
Bondalselva/Strandaelva med fjordar som dei 2 einaste av dei 54 innstilte elvane.
Eg er overtydd om at Hjørundfjorden og Bondalselva hadde hatt nasjonal status i dag om ikkje Ørsta kommune hadde gått imot!!
Saman med oppdrettsnæringa einaste høyringsinstansen som gjekk imot!!
Fordi kystsoneplanen snart skal foreligge til høyring, hastar dette. Vi må tenke Hjørundfjord.
Verdsarvområdet(!) må no jobbe for seg sjølv.
Oppdrettsanlegg er eit problem. Det største, og som i endå større grad er eit resultat av oppdr.anlegg i sitt eige nærmiljø, er oppblomstring av lakselus. Som tek livet av smolten(laksungane.)Resultatet kan ein tenkje seg.
Eg oppmodar endå ein gong alle som har sympati for ein oppdrettsfri Hjørundfjord om å stemme imot oppdrett av laks! Komande generasjonar vil takke dykk! Ein frisk og naturleg fjord med villaksstammer.
Eg vender meg til enkeltpersonar. Lag og organisasjonar. Næringsdrivande. Campingplassar. Hotella våre. Grunneigarar og hytteutleigarar langs fjorden og fram i dalane! Og elles andre interesserte! (Om eg no ikkje fekk med meg alle.......!)
Hva er ødelagt, blir ødelagt. Derfor nå stoppe, før er ikkje mulig. Ikkje noen vite, hvilke langtidseffekt har oppdrett. Bare sikkert er, det er ikkje positiv. Dårlig være, når man være etterpåklok.
Alfred Schlegel Eisingen Tyskland
Alf Ole! Her på portalen går det sjølvsagt fram protestar som vert sendt kommuna via denne. Eg vil elles orientere om antal protestar etter som dei kjem inn.
Eg vil distribuere protestlister så folk utan PC/e-mail adresse får høve til å skrive under. Elles kontakte enkeltpersonar,lag og organisasjonar. Næringsdrivande, campingplassar,hotella, hytteutleigarar m.m
VIKTIG. Alle søm støttar denne aksjonen oppmodar eg til å få med seg dei i familie, blant vener og bekjente ein veit er einige i denne aksjonen!
Og elles overtyde tvilarar om at dette er det rette for Hjørundfjorden! Skap "protest-ringverknadar!"
Som en bisetning kan jeg nevne at jeg er utdannet utmarksforvalter, med fordyping i ferskvanns og laksefisk.
Dette er en sak som strekker langt utenfor Ørsta kommune sine grenser. Lykke til!!
Knut Arvid Uglebakken
1. ekstra reklame til hjørundfjorden
2.fleire folk som kan fylle opp e-post mappene til ryggmarglause politikera i ørsta kommune
Både Noregs Naturvernforbund og Noregs jeger og fiskeforeining skal kontaktas.
Båe desse gjekk inn for Hjørundfjorden og Bondalselva som nasjonalelv/fjord.
Samt fleire høyringsinstansar. Alle desse skal kontaktas med med melding om aksjonen.
Mi røynsle går berre attende til sekstiåra.Då var det laks å sjå og få både i elvar og sjø. No er han praktisk talt utrydda i dei fleste elvar.
Elvane er mykje reinare enn før , den sure nedbøren er vesentleg redusert , det er færre fiskarar i elv og sjø , drivgarnfiske er forbode og det vesle som er att at kilenøter o.l . er mest sjølvslutta.
På seksti- og syttitalet var det einskilde dagar fiska like mykje på seks timar som for heile året no både i Bondalen og Ørsta. Likefullt ser eg at unge urøynde journalistar , statistikk-kåte sakshandsamarar på fylkeshuset og einskilde næringsdrivande tek i bruk ord som ”storfiske” o.l. når det ein hende dag vert landa nokre fiskar.
Nei , me må berre sjå i augene at laksen ikkje er meir . Korleis kan det ha seg .? Eg ser berre eitt svar. ME HAR TUKLA MED NATUREN I FJORDANE VÅRE:
Sigbjørn Hessen
Eg er heilt einig med deg! Når det gjeld utvikling for villaksen. Vi har faktisk stått side ved side og fiska fleire gongar!
Du stiller spørsmål. Ëg har svara!
Sjå dei innlegga eg har på portalen, så finn du dei.
Den vesle, resterande villaksstamme som oppdrettsnæringa enno ikkje har øydelagt, er det eg freister berge i første omgong.
For så å bygge ho oppatt, langsamt.
Sviket var nei til Bondalselva og Hjørundfjorden som nasjonalelv og fjord i kommunestyret, påverka lokalt.....
Det er viktig at folket viser si meining med å sende inn protestar.
Eg skal gjere mitt!
Bodil Skare!
Utfra nevnte artikel så ser det ut som om dette er en privat aksjon fra Helge Strand. Men hvor er Bygdemobiliseringen? De er jo ellers veldig snar til å søke oppmerksomhet. Men her glimter de med sitt fravær. Er det så å forstå at Bygdmobiliseringen ikke støtter aksjonen? Eller er de likegyldige til den? Mener de at en oppdrettsfri Hjørundfjord ikke har noe med bygdemobilisering å gjøre?
Samme spørsmål går til Elveigerlaget. Er de så likegyldig til hva som skjer med ei næring som etter eksperter har uante muligheter. Bønder er jo ellers særs interessert i næringspolitikk.
Med forbehold om at Bygdemobiliseringa og Elveigerlaget er enige, så burde de stått sammen med Helge Strand for å fronte aksjonen i Møre-Nytt. Er de uenige med Helge Strand sine synspunkt, så ser jeg frem til en redgjørelse for hva de mener om saken.
Det er valgår i år. Til høsten så skal et nytt kommunestyre velges. Siden jeg er bosatt på Sæbø er jeg selvfølgelig interessert i å vite hva de ulike partiene mener om framtida til Hjørundfjorden. Det er noe en kan komme tilbake til når valgkampen starter. Men nå vil jeg gjerne høre hva de ulike partiene i kommunestyret mener om oppdrettsanlegg her i fjorden. Utfra antall sendte protester og antall som har lest om aksjonen her på portalen så kan en si at spørsmålet opptar oss som bor her. Da er det naturlig at hver enkelt parti redgjør for sine standpunkt i den aktuelle saken. Og hvilken plass kan være bedre til å gjøre det en her på portalen?
Likedan bør alle som er for oppdrettsanlegg i Hjørundfjord komme med en artikel her på portalen. Ikke for at vi skal henge bjella på katten. Men for å få en debatt hvor alle synspunkt kommer frem.
I så måte er også kystsoneplanen svært viktig, fordi han gjev føringar på kva areala på sjøen og langs strendene i Hjørundfjorden skal kunne nyttast til dei komande åra.
Styringsgruppa i bygdemobiliseringa har sett ned ei eiga gruppe som skal sjå på kystsoneplanen. Det gjeld heile kystsoneplanen, og ikkje berre oppdrett. Det gjeld t.d. bruken av areala langs land. Gruppa skal setje seg godt inn i kva kystsoneplanen seier om dei ymse emna i planen, og kome med kommentarar utifrå kva som er viktig for å skape trivsel og næringsutvikling i Hjørundfjorden.
Etter at gruppa er ferdig med sitt arbeid, vil deira konklusjonar verte lagde fram for styringsgruppa, som då vil kome med merknad til kystsoneplanen. Hugs dessutan at høyringsfristen er seks veker frå planen vert lagt ut til offentleg høyring. Planen er enno ikkje lagt ut.
Styringsgruppa har altså ikkje handsama kystsoneplanen enno, men vi vil oppmode alle lag og organisajsonar i Hjørundfjorden, særleg grendelaga, om å gå nøye inn i planen, og kome med merknader. Det gjeld også grunneigarar og privatpersonar elles. Sett dykk inn i planen, og send merknader til kommunen. Han gjeld framtida til Hjørundfjorden.
Avklaringa fra Mobilisering for Hjørundfjord er grei. Og på tide.
I morgen legges kystsoneplanen,behandlet i formannskapet i går,frem. Høringsfrist 6 uker.
Forslag sannsynligvis identisk med presentasjon i Møre-Nytt i forrige uke. Som jeg har referert til som bakgrunnn for protestaksjone som nå er startet.
Nesten identisk. Meg brakt i erfaring endå verre for Hjørundfjorden! Grensa for opprett av laks og aure, tidligere antatt å være mellom Standal og Trandal, er nå flyttet inn til Høydalsneset på Sæbø-sida. I så fall endå lengre inn i fjorden er tidligere antatt.....
Så får vi avvente presentasjonen av lokalitetsplanene til Ørsta kommune i Møre-Nytt i morgen. I disse juletider med gavedryss,etc, hadde jeg håpetpå at kommuna gikk bort fra sine planer om laksoppdrett i Hjørundfjorden.
Som ei innrømming av den gigantiske feilen de begikk da de stemte imot Bondalselva/Hjørundfjorden som nasjonalelv/fjord.
Betenkelig er det som skjedde i forkant av denne avstemminga. Rådmannen innstilte Bondalselv/Hjørundfjorden til nasjonalstatus. Likeledes flertall i formannskapet.
I påvente av kommunestyremøtet var det flertall for nasjonalelvstatus for elv og fjord.
Et par dager før møtet snudde sentrale politikere for "grunneier/distriktspartiet." Av alle! Med det knappe resultatet det fikk.
Som de sa i Arbeiderpartiet på 50-tallet. "Noen hadde snakket sammen."
Argumentasjonen for dette blir å komme tilbake til.
Disse vinglette poltikerne som "snudde" på fingeren har et forklaringsproblem.
Som forventes avklart.
Aksjonen går førebels som eg håpa. Vi er i start-fasa. Protestane pr. e-mail går det fram frå denne artikkelen/sida.
På tre lister som er lagde ut, har fleire enn 50 skrive seg på. Fleire lister vil kome.
Tilsaman har no om over 220 protestert.
Det skal verte langt, langt fleire!
6 veker frå i dag står att. Den tida skal nyttast godt!
Lat eg samsundes nytte høvet til å korrigere
slutten på min førre kommentar.
Korrekt skal vere: Disse vinglete politikerne som "snudde på femøringen" har et forklaringsproblem!
Som forventes avklart.
(Eg får skylde på at eg skreiv bokmål i denne kommentaren.)
Stor takk til Helge som frontar sakja!
Stå på alle intresserte!
Otto Jan Rødseth
Sigbjørn Hessen
Dette er med på å gjere fjorden til eit turistmål med stort unytta potensiale.
Fjorden sitt mangfald av villfiskartar er også ein svært viktig resurs for oss fastbuande.
Å sleppe oppdettsanlegg til i ein fjord med ei betydeleg villaks-stamme er å spele hasard med naturgjevne resursar som fjorden er heilt avhengig av i si utvikling.
Fjorden må ikkje berre vernast mot lakseoppdrett, men all oppdrett. Oppdettsanlegg vil både være ein trussel mot naturen sine eigne resursar i tillegg til å bandlegge betydelege områder frå normal aktivitet og ferdsel i fjorden.
Kommunen kan umulig ha truverdigheit til å satse på turisme samtidig som dei kanskje opnar for å sleppe til oppdrettsanlegg, i fyrste omgong lakseoppdrettsanlegg.
Det pågår ein tilsvarande arealkamp mellom ulike interesser i mange fjordar langs heile kysten.
Om ein av dei vakraste fjordane i landet skulle opnast for lakseoppdrett, vil det vere eit nederlag for naturverninteresser som kan sette ein standard for tilsvarande inngrep i andre fjordar i landet.
Støtt den folkelige protestaksjonen på grasrotplan mot all oppdrett i Hjørundfjorden.
Sølvi Myrhol/Evy Valseth
Alle som har tilknyttning til f.eks Bjørkeelva må også støtte aksjonen, ved å ikke tillate storkapitalen å ødelegge Hjørundfjorden.
Hilsen
Eldar Skarbø
Eg veit at mange vener av Hjørundfjorden i "ytre strok" har gjeve si støtte til aksjonen. Likeeins utlendingar. Det gjev ekstra tyngde ovanfor kommuna når dei tek del i protestaksjonen. Dei har funne sitt ferieparadis her. Nettopp av grunnar som denne aksjonen vil ivareta.
Pr. i dag er det kome inn om lag 380 protestar. Her på nettet og på utlagde lister på Sæbø.
Fleire lag,organisasjonar, serveringsstadar i Hjørundfjorden er blant desse. Dei representerar i tillegg sine medlemar og ansatte.
Som Sagafjord Hotell.
Sølvi og Evy understrekar i deira kommentar nettopp det som er årsaka til, og drivkrafta bak initiativet til denne protestaksjonen!
Aksjonen her på nettet står no på eigne bein frametter.
Dei 2-3 siste vekene før høyringsfristen er ute,
vil han på ymse måtar verte intensivert.
Eg har motteke ei masse støtteerklæringar. Oppmuntrande og positive ord!
Det takkar eg for!
Til dei som trur at aksjonen ikkje vil hjelpe avdi oppdrettsnæringa er for mektig, vil eg seie.
De støttar aksjonen fordi de trur at dette er det beste for Hjørundfjorden i notid og framtid.
De er med og støttar ein aksjon som er den første av sitt slag i Ørsta kommune, og i langt vidare omkrins.
Miljøet er på vikande front i mange samanhengar.
Fauna,dyr, fugl og fisk er den tapande part.
Lat oss gjere det vi kan i VÅRT nærmiljø!
I denne samanheng; Ein av dei vakraste fjordane i verda.
Fra: per øyvind hansen(per.oyvind.hansen@adsl.no)
Hei Helge. Takk for at du engasjerer deg i en så viktig sak. Har sendt inn en protest men vi ser vel at slaget er tapt, noe det var på forhånd?
Eg protesterer mot forslaget i kystsoneplanen for Ørsta kommune om laks og aureoppdrett i Hjørundfjorden, og ynskjer ein oppdrettsfri fjord.
Det er trist å se at alle ser ut til å gi etter for den kapitalistiske og etter min mening kriminelle næringen som oppdrettsnæringen er. Så lenge det finnes sjøbaserte oppdrettsanlegg, så vil det alltid være rømninger eller utslepp av fisk. Ingen som følger litt med er vel i tvil om at det fra tid til annen, av en eller grunn, slippes ut betydelige mengder fisk fra merdene. Om det er overproduksjon eller andre årsaker er for meg ukjent men noen ganger er plutselig en fjord full av \"rømt\" fisk, som ikke har rømt fra noen anlegg.?? Det sendes stadig oftere nyhetsmeldinger om at rømningsproblemet er større enn noen gang og at NÅ må noe gjøres for at dette blir en slutt på. Og hva gjøres? Jo det åpnes for enda mere oppdrett. Miljøvernminister Helen Bjørnøy har vist seg som totalt handlingslammet hva gjelder trusl! er mot villaksen. At Storfjorden med alle sine lakseførende vassdrag skulle bli strøket som nasjonal laksefjord er for meg helt ubegripelig. At Storfjorden har fått status som verdsarvområde, gjør ikke saken mindre pinlig for Bjørnøy og regjeringen. Alle som har drevet med sportsfiske vet at Bondalselva og Ørstaelva har vært og fremdeles har potensialet til å bli blandt landets 3-4 viktigste smålaksvassdrag. Her hadde myndighetene en formidabel mulighet til å gjøre sitt til at disse elvene kunne komme tilbake til sin gamle storhet, men hva skjer? Jo som alltid så bøyer en av for oppdrettsnæringen og kapitalen og lar den verdifulle EKTE naturen seile sin egen sjø. Det er skremmende at så få personer i denne næringen har så stor makt at det er ingen andre enn oss vanlige mennesker på gata som tør å kjempe for vår unike! natur. Tilslutt vil jeg spørre hvor de store milj&osla! sh;verno rganisasjonone er opp i dette og ikke minst den \"største av alle\" Norges Jeger og Sporsfiskeforbund. Det virker som om de er mest opptatt av å gi medlemmene rabatt på forsikringene sine. Til de som sitter i kommunene og tror at oppdrett i fjordene gir store penger i kommunekassa og mange arbeidsplasser, bare glem det! Ta en tlf til andre oppdrettskommuner og forhør dere.
MVH Per Øivind Hansen
Sportsfiker Ålesund
Takk for eit fint innlegg!
Det kan seiast at villaksinteressene ( og turistinteressene) i Hjørundfjorden tapte første slaget. Fjord og elv fekk ikkje nasjonal status. Bl.a fordi Ørsta kommune sette beinkrok på seg sjølv.
Men krigen har vi ikkje tapt!!
Du etterlyser naturvernorganisasjoner og Noregs jeger og fiskarforbund.
ALLE av desse som var høyringsinstansar støtta Bondalselva/Hjørundfjorden som nasjonal status.
Dei er kontakta med informasjon om aksjonen som er i gong.
Dette er er ein aksjon som no langsamt i interesse femnar vidare enn Hjørundfjorden. I så måte skal den utvidast.
Bl.a skal protestlister med høve til underskrift leggjst ut regionalt.
Helsing Yngve Frøland og Ingeborg Frøland Ryste