Tja, var ditta bra då?
Er regnbya for å lokke hit laksefiskarar?
Det var no mykje aktivitet på Sæbø hamn. Nesten litt rotete.
Eg likte no betre det gamle, men den som er gammal vil sjeldan ha endring.
Håper at slagordet vert betre enn biletet.
Eg vågar å setje inn eit vinterbilete også frå same tid og fotograf. Det er fantastisk kva desse to bileta fortel om utviklinga på Sæbø. Klikk på Ingressbiletet og sjå kva som ikkje var der i denne tida. Ikkje grusbana eingong!
Gamle Risetunet stod framleis trygt, men det minka på tida som var att.
Huset til Kristian Walseth var påbegynt i 1952, i fylgje Sveinung Walseth i sogeskriftet.
Så det er nok nybygg på dette biletet. Likeeins Gunnar Stokke sitt hus. Også Joja sitt hus er flytta på sin nye plass. Tverberghuset står nok på sin gamle plass endå og inneheld framleis post og telefon.
Eit minne eg har frå gutedagane, var at eg var inne og besøkte "Post", medan huset vart flytta på rullar etter det som no er hovedvegen (Øyragata). Eg hugsar at han gjorde lekser. Han sat og teikna kart, medan huset rulla med ujamne mellomrom mot sin nye stad.
Men fjella er dei same stolte og vakre!
Knut Riise.
Kommentarar
Vibeke har som nemnt ytra eit ynskje om at vi må få folket inn i portalbiletet, og det må vi gjerne, men det må verte nokon frivillige. Eg har desverre ikkje så forferdelig mykje bildemateriale å plukke av her så om folk har nokre bilete som dei trur kunne ha passa i ein fotomontasje så er det berre å sende dei på mail til meg.
Kom gjerne med fleire innspel i denne saka. Interessant å høyre kva folk tenkjer om denne saka.
Eg trudde Hjørundfjordportalen var best tent med å vise det spesielle med naturen her?
Eg har ikkje greie på kva som egnar seg for montasje, men portalen er då full av bilete. Dersom dei er for små i piksel, så står det no stort sett kven som er fotograf. Og då kan ein no brenne det inn på ein cd, eller sende det i full størrelse.
Det kan vel ikkje vere rett å ha eit inngangsbilete som for ein utanbygds like godt kunne vere teke på hamna i Flekkefjord?
er bare unik. Bildet av Sagablått+ regnbygene
passer iallefall ikkje.
"Bygd, fjord og fjell!"
Eit meir enn verdig bilete på framsida av portalen!
Som den sprekingen du er.
Gå til same staden som dette biletet er teke. Oppgrader det med eit bilete anno 2007!
Vakrare motiv får ein ikkje på portalen.
Etter mitt skjøn!
Desse store gamle granene som står ienden av grusbana i tunet til Andreas Hustad, er det bytegarden mellom Sæbø og Hustad?
Dette bilete må være tekje frå Høgenausa ovanfor Aklestad og eit nyare bilete kan ein sjå dersom ein går inn på framsida på heimesida til Kulturvernlaget. Knut Hustad hadde også same bilete frå hausten 2006 på portalen her, i ein artikkel.
Ang. diskusjonen om ingressbilde: På portalen var tidlegare publisert to flotte bilde med omlag same motiv. Eit med vinter og snø, det andre med sol og sommar, Trur dei var tatt av ein av "Knutane". Vinterbildet "stal" eg som bakgrunn på PC-skjermen!
Ingressbiletet er teke frå området høgt i Knutsgjølet, eller Riselissjedalen.
Året er mest sannsynleg 1953, for huset til Kristian Walset er bygd.
Fjordspennet og linja opp på Hustadnesnakken kan eg godt hugse at dei arbeidde med, så det var nok litt seinare, som Kåre Myklebust nemner.
Eg har ikkje meint at desse gamle bileta skal brukast som portalbilete, men berre som ein illustrasjon på det som gjer Hjørundfjorden til ein av dei vakraste og mest spesielle stadar i heile verda!
Slogen, majestetisk som ein bauta!
Som knyter alt kring seg, til seg....
Anten dette motivet, eller eit bilete frå ytst i Hjørundfjorden og innetter, er det som høver best på portalen.
Meiner eg.
Historikken som det vert lagt opp til i tidlegare innlegg er ei avsporing.
Det kunne like godt vere eit bilete frå alpane, spør du meg.
Kvar er HjørundFJORDEN?
Som vel er det vesentlege?
Eg meiner at logoen for Hjørundfjordportalen kan vere stabilitet i kraft av seg sjølv.
Med event. eit bilete som representerer heile fjorden.
Heile året!
Kanskje er eg gamaldags,men slik ser eg det.
Eit bilete for kvar årstid, som skiftast ut?
Nei, eg har ikkje tru på å skifte ut partner 4 gongar i året! For å vere litt flåsete....
Dette biletet krev plass :-)
Og vil vise at det bor folk kring fjorden og kor vakkert der er :-)
Det er mange flotte naturbilete, men det virkar så aude liksom.... Om biletet skal få folk til å kome til Hjørundfjord kan det vel være greit å vise at det bor folk der og :-)
Etter å ha "sove på det,"og tenkt meg litt meir om,er eg faktisk einige med dykk om skifte av bilete for kvar årstid.
Ja, det ville faktisk gje eit inntrykk av korleis Hjørundfjorden er. Heile året.
Men fjorden må vere med!
Men her kan det vere rom for eit kompromis.
Kanskje i samband med 2 av bileta?
Vi har jo og så mange andre fotogene stadar.
Det skjønar eg.