Portalbilete 2
Kan dette brukast som portalbilete?
Lagt inn av
Håvard Myklebust
23.01.2007 23:04
23.01.2007 23:04
Kommentarar
Eg trur mange vil like det nye biletet
Her traff de blink! Kjempeflott!
Portalbiletet er eit vinterbilete. Motivet er uansett vakkert heile året.
Som Vibeke og Unn har foreslegje, er eit bilete frå kvar årstid ein god ide! (Skjønar no til og med eg......!)
Desse 2 bileta som du nemner er framifrå som "sumar-alternativ." Det finnast sikkert fleire.
Her ser vi bilete av heile fjorden. Som du spør etter i ein tidlegare kommentar.
Eg for min del er oppteken av at fjorden/delar av fjorden kjem med.
Dette med norske fjordar kåra som "verdas fremste reisemål" makter eg ikkje heilt å legge frå meg.
Men som eg har sagt i ein tidlegare kommentar (portalbilete 1) er det så fantastisk mange flotte motiv i heile Hjørundfjorden, aktuelle som portalbilete.
Alle kan sjølvsagt ikkje syne fjordlandskap.
Mulig eg har misfortått deg helge, men eg trur det Tor Eirik spør om er rettigheitene til å bruke dei to bileta ved eit sinare høve, ikkje nødvendigvis som headerbilete.
So til hovudsaka: Som sikkert alle har fått med seg er ein ny versjon av portalen på veg, og det er derfor litt vanskelig å bestemme korleis toppen bør være før den har kome. Diskutere det bør vi absolutt gjere, men alle må ha i bakhovudet at det ligg venvittig mange arbeidstimer bak det å lage og ikkje minst vedlikehalde ein slik nettstad som dette. Og derfor må dei som sitter med dette få siste ordet, dvs bestemme korleis den framtidige headeren blir. Men ein ideskapande diskusjon kan alle partar få mykje nytte av.
Eg er veldig enig i det både Helge og Unn har ymta fram med: nemlig at bilete frå dei forskjellige årstidene bør være representert i headeren. Anten ei løysing ved at ein bytter headerbilete 4 gonger i året eller at ein finne ei løysing der ein syner forskjellige bilete i headeren samtidig.
Og det er her eg gjerne vil komme med eit forslag og håper på konstruktiv tilbakemedlig. Tåler kritikk, ellers hadde eg ikkje lagt fram forslaget her.
Forslag:
1: Vi deler headeren i 3 deler.
2: 1/3 av headeren er skrift på farge (evt svakt bakgrunnsbilete) Typisk Hjørundfjorportalen, eller hjørundfjord med slagord eller noko liknande.
3: dei resterande 2/3 er som eit lysbileteshow. 5-8 bilete som blir rotert som ved ei lysbileteframvisning.
Eg meiner dette er einaste måte å belyse alle dei vakre sidene ved Hjørundfjorden. (Døme: eit fjellbiletebilete med skiaktivitet, eit fjorbilete med fiskeaktivitet, eit arrangementbilete, eit fjellbilete med turaktivitet, eit reint fjordbilete - alle bileta heslt frå dei ulke "hjørna" av fjorden)
Eg meiner dette kunne vore ei god løysing fordi eit bilete ikkje seier nok og eit bilete av fleire samansmelta bilete er rotete i tilegg til at beileta fort blir for små.
Samstundes hadde det kanskje vore lurt å auke hedarstørrelsen med 50pixlar då det er enklare å få bra utsnitt i bilete dersom størreslen på bileta er 200x600 framfor 150x600.
Håper dette er eit godt innspel:)
Det du skisserer høyrest flott og interessant ut!
Eg gled meg allereie til å sjå løysinga!
Nei, det er nok eg som tydelegvis har mistyda Tor Eirik.
Eg var litt i tvil om kva han meinte.Men no er denne mistydinga ute av verda.
Stå på, Mats. Saman med Tor Eirik!
Headeren har fått namnet portalbilete for å være meir brukarvennleg (trur eg), men heretter kallar eg det med sitt "rette" namn: header.
Ang dei to bileta så har eg lyst å ha dei for bruk på portalen ved eit seinare høve slik Mats fekk med seg. Eg kan seie litt om tanken bak det; Dei to bileta er glimrande for å vise fram fjorden ved å bruke såkalt imagemaps, eller bilde med trykkbare punkt for å seie det enkelt. Ved å halde musa over eller trykkje på f.eks fjella får ein fram informasjon som er lagt inn på punktet. Dei er også flotte som bildemateriale å bruke i andre samanhengar her på portalen.
Når det gjeld headeren som er her no er eg strålande fornøgd, så den blir ståande til vinteren er over, eller eventuelt portalen v2 kjem.
Eg vil gjerne ha debatt rundt headeren her på portalen. Eg får mange nyttige innspel frå diskusjonane her, og eg kan tilrettelegge det meir etter kva folk ynskjer og tenkjer. Utan at folk "klagar" så får eg/vi heller ikkje konstruktiv kritikk, og utan slik kritikk vert eg/vi ikkje betre heller. Eg tek ikkje meg nær av konstruktiv kritikk, berre så det er sagt.
Eg ser at forslaget frå meg om å bruke dei 4 årstidene i headeren er noko folk ynskjer, og måtane vi kan løyse dette på er sikkert mange. Sånn reint teknisk er det lettare for meg om biletet er i standardstørrelsar som f.eks 800x600, 1024x800, 1280x1024 eller liknande. Formatet på headeren her på portalen gjer at det er vanskeleg å finne tak i bilete som passar utan å tape verdien som ligg i biletet. Mats har gjort eit glitrande eksempel på å få det til å passe, og eg likte veldig godt måten headeren var bygd opp på med eit svakt blått part som er lagt over det originale bildet for å fjerne "rot" og så leggje tekst/logo oppå der igjen saman med enkle custom shapes for å bringe fram vinterfølelsen og fjerne skarpe kantar og delingar. Nokre har vel også lagt seg til merke at om ein går på epost-katalogen så har sida vorte breiare. Det problemet vart rimeleg enkelt å løyse pga feltet der det står hjorundfjord.no vertikalt.. Det var berre å ta igjen den same fargen som på dette feltet i bakgrunnfargen i headeren.
-----------------------------------------
Forslag (frå Mats):
1: Vi deler headeren i 3 deler.
2: 1/3 av headeren er skrift på farge (evt svakt bakgrunnsbilete) Typisk Hjørundfjorportalen, eller hjørundfjord med slagord eller noko liknande.
3: dei resterande 2/3 er som eit lysbileteshow. 5-8 bilete som blir rotert som ved ei lysbileteframvisning.
-----------------------------------------
Kan du Mats lage til ein liten mal som syner det slik du har tenkt den nye headeren? Eg har litt problem med å sjå det føre meg. Du skal sjølvsagt sleppe å lage til lysbildeframvisning =) Eg trur du er inne på det same som eg har sett føre meg, men eg er ikkje sikker.
Angåande bildet/bilda som skal være i headeren så har vi iallefall to-tre måtar å leggje dei inn i headeren på.
1: Adskilt grafikk frå biletet
2: Dele opp headeren i småbitar eller sokalla slices og bytte ut det eine av dei små bilda etterkvart.
3: Lage ein mal og bruke bildeprosesseringsverktøy slik som imagemagic eller GD-library (som er integrert i PHP). Med denne lagar vi eit lite script, eller program om du vil, som legg biletet som skal brukast inn i malen eller eventuelt malen over biletet. Då kan vi lage til grafikken slik som Mats har gjort på denne headeren som ligg her no. Altså la grafikken gå over det originale biletet.
Eg syns den siste måten er best, men det er sjølvsagt også den aller mest arbeidskrevjande av dei, iallefall i starten.
Når det gjeld auking av headerstørrelsen så går det fint an, men vi kan ikkje auke den så mykje at det går på bekostning av det andre som er på sida, men 50 pikslar går nok sikkert bra.
Eg kan nok ein gong oppfordre til å sende grafikk og bilder til meg. Og gjerne slike glanseksempel som Mats sende meg i dag. Stå på vidare Mats! Dette var knallbra som Knut Riise skriv her! =)