Tja, var ditta bra då?
Er regnbya for å lokke hit laksefiskarar?
Det var no mykje aktivitet på Sæbø hamn. Nesten litt rotete.
Eg likte no betre det gamle, men den som er gammal vil sjeldan ha endring.
Håper at slagordet vert betre enn biletet.

Eg vågar å setje inn eit vinterbilete også frå same tid og fotograf. Det er fantastisk kva desse to bileta fortel om utviklinga på Sæbø. Klikk på Ingressbiletet og sjå kva som ikkje var der i denne tida. Ikkje grusbana eingong!
Gamle Risetunet stod framleis trygt, men det minka på tida som var att.
Huset til Kristian Walseth var påbegynt i 1952, i fylgje Sveinung Walseth i sogeskriftet.
Så det er nok nybygg på dette biletet. Likeeins Gunnar Stokke sitt hus. Også Joja sitt hus er flytta på sin nye plass. Tverberghuset står nok på sin gamle plass endå og inneheld framleis post og telefon.
Eit minne eg har frå gutedagane, var at eg var inne og besøkte "Post", medan huset vart flytta på rullar etter det som no er hovedvegen (Øyragata). Eg hugsar at han gjorde lekser. Han sat og teikna kart, medan huset rulla med ujamne mellomrom mot sin nye stad.
Men fjella er dei same stolte og vakre!
Knut Riise.
Der ja! (24.01.2007 kl. 18:35)
No synest eg at portalbildet heva seg mange hakk, og no er det både folk, fjell, fjord og vinter! Dette var bra, og eg er glad for at Helge fikk eg seg ei god natt søvn og tenkte gjennom det med årstidbilder... Eg synest det må vere ein god ide til å holde portalen i tråd med tida og årstidene. Og er enige med Unn med det med partner/klebytte : )
Vibeke Mo
Årstid-bilete (24.01.2007 kl. 11:34)
Hei Vibeke og Unn!
Etter å ha "sove på det,"og tenkt meg litt meir om,er eg faktisk einige med dykk om skifte av bilete for kvar årstid.
Ja, det ville faktisk gje eit inntrykk av korleis Hjørundfjorden er. Heile året.
Men fjorden må vere med!
Men her kan det vere rom for eit kompromis.
Kanskje i samband med 2 av bileta?
Vi har jo og så mange andre fotogene stadar.
Det skjønar eg.
Helge Strand
Fire gongar i året (24.01.2007 kl. 08:44)
Eg synest forslaget om å bytte bilde etter årstidene er god. Då får ein fram rette stemninga. Eg vil no heller samanlikne det med ein partner som får nye kle fire gongar i året enn å bytte heile partnaren like mange gongar.
Unn Frøland
Ka med en mix av forslaga... (24.01.2007 kl. 01:47)
Kva med å finne fram biletet Knut Hustad hadde frå same staden anno 2006, og la det verte ei forside - så kan ein logge seg inn på dei sidene ein vil ha der i frå?
Dette biletet krev plass :-)
Og vil vise at det bor folk kring fjorden og kor vakkert der er :-)
Det er mange flotte naturbilete, men det virkar så aude liksom.... Om biletet skal få folk til å kome til Hjørundfjord kan det vel være greit å vise at det bor folk der og :-)
Eva Aarskog
portalbilete (23.01.2007 kl. 23:40)
Hei Vibeke!
Eg meiner at logoen for Hjørundfjordportalen kan vere stabilitet i kraft av seg sjølv.
Med event. eit bilete som representerer heile fjorden.
Heile året!
Kanskje er eg gamaldags,men slik ser eg det.
Eit bilete for kvar årstid, som skiftast ut?
Nei, eg har ikkje tru på å skifte ut partner 4 gongar i året! For å vere litt flåsete....
Helge Strand
Levande bilder (23.01.2007 kl. 23:05)
Helge, det kan vel like gjerne vere at bildet kan byttast ut med jamne mellomrom, slik at det representerer at det er ulike årstider også i Hjørundfjorden? Ei slik utbytting av bilde kan symbolisere "Den levande fjorden" og ei side som er levande og i live? Og at logoen for Hjørundfjordportalen er det som set stabiliteten i portalbildet?
Vibeke Mo
Portalbilde (23.01.2007 kl. 23:00)
Er i grunnen enig med Helge Strand, Men å få eit fjordbilde på hovedsida ved sida av teksten er vel vanskeleg. Kunne det vere ein tanke og lage ei framside med heilsidefoto f.eks. vinterbildet til Knut med HJØRUNDFJORDPORTALEN hengande over Norangsfjorden og så ein knapp som viser til noverande hovedside?
Kåre Myklebust
Fjell og....fjord? (23.01.2007 kl. 22:49)
Det kan vel ikkje meinast at dette biletet skal representere Hjørundfjorden?
Det kunne like godt vere eit bilete frå alpane, spør du meg.
Kvar er HjørundFJORDEN?
Som vel er det vesentlege?
Helge Strand
No vart det mykje betre! (23.01.2007 kl. 22:33)
No vart eg mykje meir fornøgd med portalbiletet! Godt å sjå fjell igjen : )
Vibeke Mo
portalbilete (23.01.2007 kl. 22:22)
Biletet som vi her ser døme på er det folk flest forbind med Hjørundfjorden.
Slogen, majestetisk som ein bauta!
Som knyter alt kring seg, til seg....
Anten dette motivet, eller eit bilete frå ytst i Hjørundfjorden og innetter, er det som høver best på portalen.
Meiner eg.
Historikken som det vert lagt opp til i tidlegare innlegg er ei avsporing.
Helge Strand
Svart kvitt bilete (23.01.2007 kl. 22:09)
Eg syns at eit motiv slik som det som er på svart/kvitt biletet seier meir "Sæbøportalen" enn Hjørundfjordportalen. Skulle heller hatt eit bilete frå eit av fjella i området rundt Skår og utover, eller eventuelt frå heilt ytst i fjorden og teke innover. Kanskje nokon sit på eit slikt bilete?
Tor Eirik Trandal
Tid og stad (23.01.2007 kl. 20:55)
Bjarne kom frå Tyskland med nytt fotoapparat i 1951. Vinterbiletet er teke frå Grøtdalsområdet. Lissjedalen var ein mykje nytta utfartsstad på seinvinteren og i påska langt inn i mi tid.
Ingressbiletet er teke frå området høgt i Knutsgjølet, eller Riselissjedalen.
Året er mest sannsynleg 1953, for huset til Kristian Walset er bygd.
Fjordspennet og linja opp på Hustadnesnakken kan eg godt hugse at dei arbeidde med, så det var nok litt seinare, som Kåre Myklebust nemner.
Eg har ikkje meint at desse gamle bileta skal brukast som portalbilete, men berre som ein illustrasjon på det som gjer Hjørundfjorden til ein av dei vakraste og mest spesielle stadar i heile verda!
Knut Riise
Tidfesting av bilde (23.01.2007 kl. 20:10)
Ivar Svein Mo lurer på kva tid fjordspennet til Leknes vart bygd. Min bedre halvdel-oppvoksen på Lekneset- seier dei fekk straum sommaren -56,så spennet var kanskje bygd det året.
Ang. diskusjonen om ingressbilde: På portalen var tidlegare publisert to flotte bilde med omlag same motiv. Eit med vinter og snø, det andre med sol og sommar, Trur dei var tatt av ein av "Knutane". Vinterbildet "stal" eg som bakgrunn på PC-skjermen!
Kåre Myklebust
Ingressbilete (23.01.2007 kl. 18:58)
Knut har vist fram eit historisk bilete frå Sæbø/Hjørundfjorden i begynnelsen av 50 åra. Det er viktigt å få stadfeste årstalet på dese bileta. Kan ikkje sjå eit landemerke som høgspent linja, som går nedgjennom Bondalen og opp på Hustadneset til Leknesnakken, er komen på plass.Vart ikkje linja bygd i slutten 40 talet?
Desse store gamle granene som står ienden av grusbana i tunet til Andreas Hustad, er det bytegarden mellom Sæbø og Hustad?
Dette bilete må være tekje frå Høgenausa ovanfor Aklestad og eit nyare bilete kan ein sjå dersom ein går inn på framsida på heimesida til Kulturvernlaget. Knut Hustad hadde også same bilete frå hausten 2006 på portalen her, i ein artikkel.
Ivar Svein Mo
Knut! (23.01.2007 kl. 17:42)
Du har ei oppgåve, Knut!
Som den sprekingen du er.
Gå til same staden som dette biletet er teke. Oppgrader det med eit bilete anno 2007!
Vakrare motiv får ein ikkje på portalen.
Etter mitt skjøn!
Helge Strand
Bjarne sitt bilete (23.01.2007 kl. 15:57)
Bjarne sitt bilete femnar Hjørundfjorden.
"Bygd, fjord og fjell!"
Eit meir enn verdig bilete på framsida av portalen!
Helge Strand
(23.01.2007 kl. 14:37)
Heilt enig dette bilde som Bjarne Riise har tatt
er bare unik. Bildet av Sagablått+ regnbygene
passer iallefall ikkje.
Dagfinn Strand
Heilt enig... (23.01.2007 kl. 09:51)
...med Vibeke; det ser ut som Finnmark;) La oss få ett flott bilde av Slogen eller ett av dei andre nydelige fjella heime.
Annette Björkedal
Rotterdam (23.01.2007 kl. 08:36)
Eg sette det sjølvsagt på spissen, men det som er brukt kan vere teke kvar som helst i Norge.
Eg trudde Hjørundfjordportalen var best tent med å vise det spesielle med naturen her?
Eg har ikkje greie på kva som egnar seg for montasje, men portalen er då full av bilete. Dersom dei er for små i piksel, så står det no stort sett kven som er fotograf. Og då kan ein no brenne det inn på ein cd, eller sende det i full størrelse.
Det kan vel ikkje vere rett å ha eit inngangsbilete som for ein utanbygds like godt kunne vere teke på hamna i Flekkefjord?
Knut Riise
Portalbiletet (23.01.2007 kl. 01:48)
Eg er eining med deg Knut.. det andre bildet var mykje betre. Eg vurderte å berre ta vekk god jul-teksta, men fann ut at eg like godt kunne leggje inn dette sidan det vart det bildet som fekk mest røyster. Det er framleis fritt for å sende meg bilete for bruk i toppen.
Vibeke har som nemnt ytra eit ynskje om at vi må få folket inn i portalbiletet, og det må vi gjerne, men det må verte nokon frivillige. Eg har desverre ikkje så forferdelig mykje bildemateriale å plukke av her så om folk har nokre bilete som dei trur kunne ha passa i ein fotomontasje så er det berre å sende dei på mail til meg.
Kom gjerne med fleire innspel i denne saka. Interessant å høyre kva folk tenkjer om denne saka.
Tor Eirik Trandal
Ikkje lett.. (22.01.2007 kl. 23:17)
Det er ikkje lett å gjere alle til lags...men eg skal nok vere enige med deg, Knut. Men eg tenkte ikkje Rotterdam, men eg tenkte Finnmark.. Men du veit når ein stikk hovudet fram slik som du har gjort (-og eg med å svare på kommentaren)så er det lett for at vi får jobben med å skaffe eit nytt bilde. Og som du ser av Tor-Eirik sine tidligare innlegg så var alle invitert til å sende forslag evt foreslå. Så utfordringa er gitt, så vi får berre ta den om vi vil endre på bildet. Men enige verte nok aldri brukerane på portalen - men det kan verte mange interessante diskusjonar av det!
Vibeke Mo