Hjørundfjordportalen » Lokalt » OL

Attende til hovudsida
  • Lokalt
  • Tourist
  • Natur
  • Bygdene

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

MENY
Logg inn
  • Logg inn
  • Ny brukar
Placeholder for 404-bilder

OL

Etter eit OL i Lillehammer, som vart særs vellukka, skulle det vel ikkje vere så heilt ulogisk å satse på Tromsø denne gongen? Eg meiner, viss OL-komiteen vil tenkje kvalitet og særpreg? Olympisk distriktspolitikk!

Lagt inn av Enok Kippersund
17.01.2007 20:50

Kommentarar

Tor Eirik Trandal - OL... 19.01.2007 kl. 18:07
Kostar ikkje OL meir enn det smakar i grunnen?
Enok Kippersund - OL kostar flesk 19.01.2007 kl. 18:25
Jau, det kostar altfor mykje. Forslaget om faste arenaer kunne ha noko for seg.

Når eg tente på Tromsø, så er det fordi her stikk distriktspolitikken fram, eller mangel på slik politikk. Kvifor kunne ikkje Oslo og Trondheim juble for Tromsø og støtte dei, i god olympisk ånd? Trugar regionaliseringa det nasjonale samhaldet?

Byrådsleiar Erling Lah i Oslo snakka også om at i staden for 15 milliardar til Tromsø, så kunne 5 milliardar gå til Oslo og 10 milliardar til distriktutbygging. Står det til truande?

Når ein driv med bygdemobilisering, så legg ein merke til når politikken dreiar seg om sentrum og så distriktet/bygda/utkanten/"andre-sentrum".

Sidan turisme er eit aktuelt tema i Hjørundfjorden, så kan OL gi ei aning om kven som er overordna aktørar når det gjeld å bli interessant på marknaden, og at det gjeld å skaffe seg sponsorar, investeringsvillige medspelarar og folk med kompetanse.

Dette igjen i full fart.

Ha ei god helg!
Stian Holen - Reklame 19.01.2007 kl. 19:11
I forhold til bygdemobilisering i Hjørundfjorden, er det vel likgyldig kvar dei Olympiske vinterleikar blir? Norgesreklame blir det i allefall, noko som òg kjem vår fjord til gode.
Enok Kippersund - Vi kan lære noko 19.01.2007 kl. 19:50
Klart det, Stian, at Hjørundfjorden er ikkje direkte avhengig av kvar OL blir plassert, - om det kjem hit landet. Men der er sterke mekanismar "der ute" som vi kan lære litt av å studere, og vi kan bli klokare på bygdemobilisering av å sjå på andre som mobiliserer - på sine felt og på sine måtar.

Ein annen ting er sjølvsagt at dei store aktørane kan lære mykje av oss små, - om dei berre såg sitt eige beste.
Sveinung Walseth - OL-Tromsø 19.01.2007 kl. 23:28
Eit OL i Noreg er vel strengt teke ein stor egotripp, og kan gå på kostnad av betre eldreteneste, helsetilbod, skular osv. Eg må likevel innrømme at Ol på Lillehammer var ein stor opptur for heile nasjonen. Eg var heldig og var til stades to dagar på skistadion der eg fekk oppleve Bjørn Dælhi og Fred Børre Lundberg når dei fekk Ol-gull. Det var ei fantastisk stemning og ein opptur av dimensjonar. Det største eg fekk oppleve var likevel å vera til stades i Vikingskipet då Dan Jansen endeleg fekk sitt OL-gull. Eg trur ingen i hallen var upåverka da han gjekk æresrunde med den vesle dottera i armane. Ei spektakulær oppleveing når ein kjende til Dan Jansen si dramatiske forhistorie. Eg trur eit nytt OL kan vera med på å styrke våre nasjonale kjensler og vår dugnadsånd, og vera med på å fremja nasjonen sine interesser på lenger sikt, særskilt i turistsamanheng. Eg er imidlertid samd med kommunalministeren i at Tromsø er vårt heilt klårt beste val. Ein utruleg eksotisk region, som vil vekkje interesse over heile verda for heile vår nasjon. Behovet for ei opprustning av hallstoda i regionen er også avgjerande for mitt standpunkt i denne samanheng. Eg tykkjer også at vår komande generasjon fortener same mogelegheit til å oppleve eit OL i Noreg, på lik linje med oss som fekk oppleve oppturen på lillehammer.

Med helsing


Tilfeldige artiklar:

Finalequiz

Fjellquiz 3 - finalequizen
(14.03.2008)

Ungdomhus tegning

Felles løft for ungdomshusa
(16.04.2008)

P1020498_crop

Doktorand Hedda Breien
(24.11.2009)

Sankasseleik med kongler frå Tryset

Mai i barnehagen
(15.05.2007)

luke3

Julekalender: luke 3
(03.12.2006)

Tvare

På jakt etter spor frå fortida
(26.09.2006)

DSC04764bb

Åvasstinden - 1233m
(26.05.2007)

9-10-08 016

Bur ut, frittgåande inn
(01.03.2011)

luke18_08

Julekalender 2008: luke 18
(18.12.2008)

bergefru2

Hjørundfjordstien
(20.02.2008)

    • Logg inn
    • Ny brukar

Aktivitetskalender

Ingen aktivitetar i dag

Sjå heile kalenderen

Klikk for å sjå Hjørundfjorden LIVE (webkamera)

Hjørundfjorden LIVE

Nettstadskart/Sitemap Kontakt/Contact Informasjonskapslar / Cookies Rapporter feil

Hjørundfjordportalen 2006 - 2023