Om dette hadde vore i tidlegare tider i Telegrafverket og i kraftlaga, så hadde svaret vore annleis. Den gongen var tankegangen slik, utan noko "viss": "Også Viddal skal få. Sjølvsagt. Telegrafverket og elektrisitetsverket er oppretta for at alle utan unntakt "skal få". Slik var det med den tingen, straum og telefon skulle ut til alle.
Det har skjedd eit skifte frå eit heilskapleg samfunnsansvar som hadde elektrisitet og telefon til alle som ei sjølvskriven oppgåve. No gjeld marknads- og forretningsøkonomi, også i offentlege tenester. Det er sjølvsagt ikkje Tussa aleine som er skuld i dette omslaget, men på ein eller annan måte har politikken mjukna og glide bort frå ansvaret sitt og blitt oppslukt av pengemåten å tenkje på.
Ein direktør kan svare heilt korrekt, og samtidig gir han ein heilt korrekt illustrasjon av at ingen lenger synest å vite kva solidaritet og ansvar overfor innbygjarane skulle ha å seie.
Kommentarar
Tussa IKT er ein kommersiell aktør, og kan ikkje gi ”milde gåver til folket” så før han kan sette i gong utbygging av breiband til Viddal, så må spørsmålet kome om kven han skal sende rekninga til. Her står Viddal i same situasjon som Øyelandet, at dei må betale ekstrakostnadane sjølve.
Driveklepp har då tre alternativ for å få indekning på sine utgifter og det er:
Brukarane på Viddal betalar sjølve.
Driveklepp søkjer morbedrifta si Tussa kraft AS om å betale. Når Tussa hentar så mykje av grunnlaget for verdiskaping i konsernet frå Bjørke område, så bør konsernet også bidra til generell samfunnsutvikling i same område.
Søkje Ørsta kommune om få ta i bruk dei forventa Høykommidlane som kommuna har søkt om. Dette vil ta tid og Viddal må finne seg i å vente mange månader ennå. Her kan sjølvsagt Driveklepp bruke av firmaet sine eigne midlar til å forskottere.
Det er svært viktigt at heile Hjørundfjorden skal få ei breibandsutbygging, og Hjørundfjorden bygdemoblisering vil påpeike ilag med grendalaget på Bjørke kor viktig breiband med god hastigheit er for bygda, både når det gjeld næringsutvikling, utdanning, marknadsføring og i det heile å kunne vere ein del av det moderne informasjonssamfunnet.
Breibandet er som bussen. Svært mange direktørar er også som "buss-sjåførar", det er ikkje dei som rår eller som kan "gjere noko med saka".
Mi utblåsing kom seg av at eg ikkje prøver å forstå denne samanhengen, men resultatet blir til tider så frekt og rått og grelt og urettferdig at eg altså reiser meg frå buss-setet og begynner å bråke, - i alle fall ei stund, til eg sikkert sig ned att på plassen min, så lett som eg har for å bli bilsjuk.
Vi står igjen overfor ein velkjend mekanisme: Tekniske framsteg kjem først til dei som er lengst framme frå før. For andre kan framsteget opplevast som eit tilbakesteg.
Det er enkelt sagt to kostnadselement rundt ei slik utbygging:
* Tilgangen til Internett, denne er i stor grad dekt inn via det nettet som allereide er på plass på Bjørke og Leira
* Utstyr i sentralen og installasjon i sentralen.
Eg reknar med at Tussa har si kalkyle for denne utbygginga, og det burde ikkje vere eit stort problem heller å vise denne fram.
Dersom ein får vite kor mange abonnentar ein treng for ein utbygging, burde ein kunne ta stilling til om dette går å få til - kanskje trekke med det som er av feriehus også.