Dette vert fredag 26 januar, og vil vare eit døgn. Rune Mo og Endre Stokke har jobba med å skaffe utstyr som trengs, så denne gongen er det kun nettverks-og straumkablar forutan pc som trengs. Eigne trådlause svitsjar får ein ikkje bruke! Påmelding vert seinast 24/1. Sist dukka det opp mange som ikkje var påmeldt, dette vert strengare denne gongen. Det vert også sal av kioskvarer, pølser m.brød og frukost laurdags morgon. Inngang kr 100 for heile døgnet.

Om det er nokon foreldre eller andre som kan stille som vakter, så ta konakt med Unn eller Siw. Det er ikkje nødvendig å være datakyndig for å være vakt:-) (Om nokon kunne tenke seg å være nattevakt, eventuelt møte svært tidleg om morgonen hadde det vore fint.) Møt gjerne to, så har du selskap.

Det er kun kapasitet til omlag 30 pcar, så Hjørundfjordingar vert prioritert først, om det er ledige plassar etter fristen kan eventuelt andre melde seg på.

Om det går bra med å skaffe vakter vil vi vurdere eit nytt party i vinterferien.