Blekket på "Ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og fjordar" frå Miljøverndpt. var knapt tørt før Ørsta kommune presenterer sine naive vyer for laksoppdrett i Hj.fjorden. (Kystsoneplanen)
"I kystsoneplanen går det fram at det ikkje er ynskjeleg(ikkje forbode!) med meir laksoppdrett enn det er i dag." (Sitat)
Gjev det var så vel! Det har nemleg vore forbod mot laksoppdrett i Hjørundfjorden i påvente av om fjorden vart nasjonalfjord.
Men kvifor legg då kystsoneplanen opp til oppdrett heilt inn til Standal/Trandal? ("Vesentleg utviding ved Trandal.") Og ein lokalitet ved Viddal.
I Hj.fjorden har det tidlegare vore "flørta" med laksoppdrett. Med ei forsøpling frå anlegg på Bjørke/Viddal og Trandal som resultat. Desse anlegga er avvikla, men lokalitetane ligg fast, ifølgje kommuna. Med høve til utviding!
Tør eg minne om dei 30 000 laks som rømde frå anlegget på Trandal i 1989?
Skjelprøver eg tok for Direktoratet for Nat.forv. synte innslag av oppdrettslaks i Bondalselva på bortimot 40% på hausten i åra med oppdrett!
Etter avvikling av desse anlegga gjekk innslaget av oppdrettslaks dramatisk ned. Treng eg seie noko meir?
Eg oppmodar alle i Hjørundfjorden som skal uttale seg om høyringsutkastet, og som ynskjer ein frisk fjord med vitale villaksstammer om følgjande: Gå imot kommuna sitt forslag om laksoppdrett i Hjørundfjorden! Forlang ein fjord fri for oppdrett!
Lat oss prioritere miljø og trivnad for fastbuande og turistar, samt framtidige generasjonar.
Turisme i vakre Hjørundfjorden er framtida med tanke på busetnad og arbeidsplassar.
Gjev vi oppdrettsnæringa "lissje-fingeren," vil dei i framtida take heile handa.
Dette er ei sak som alle gode krefter i Hjørundfjorden bør stå samla om. Ei heilt konkret og viktig sak som Mobilisering for Hj.fjorden/Portalen kan fronte!
Fjorden fekk ikkje nasjonal status. No er det imidlertid høve for alle og einkvar å kome på bana slik at vi kan stå mot presset frå oppdrettsnæringa og kapitalinteresser som er etablerte andre stadar enn i Hjørundfjorden.
Lat ikkje Hj.fjorden verte ei mjølkeku der verdiar vert fjerna og ikkje lagde att!
Mobilisering for ein oppdrettsfri Hjørundfjord
I Møre-Nytt i dag ser vi ein førebels og første konsekvens av at Hj.fjorden ikkje vart nasjonal laksefjord.
"Laksoppdrett frå Rjånes til Standal.".....
Lagt inn av
Helge Strand
03.01.2007 19:24
03.01.2007 19:24
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som omhandlar temaet.
Kommentarar
Dette ikkje minst for å unngå avrenning til elv og sjø.
Då er det meiningslaust å drive med oppdrett av laks endå lenger inn mot dei lakseførande vassdraga i Hjørundfjorden.
Hadde vi kunna sett dritdungen under eit slikt anlegg hadde det vorte eit forferdeleg leven.
I tillegg kjem smittefare og lusproblem. Rømingane som kjem med ujamne mellomrom er ei skam for ei næring som vassar i pengar.
Eg opplever ei kollosal forskjellsbehandling mellom meg som bonde og oppdrettsnæringa når det gjeld miljøkrav.
Urein ikkje miljøet vårt i den vakre Hjørundfjorden med oppdrettsanlegg som knapt
gjev ein arbeidsplass!
Pan Fish (verdas største) er det som særleg kan tenke seg å ekspandere i Hjørundfjorden.
Det seier vel alt!
I innlegget mitt tidlegare i kveld ligg svaret på "kva kan vi gjere for å gå imot dette."
Som du etterlyser.
På Ørsta kommune si heimeside under artikkelen: "Oppdrettsnæringa vil ekspandere," går det nok klarare fram kva som er oppdrettsnæringa sine intensjonar for Hjørundfjorden........" Som vanleg nyttar dei arbeidsplassar som argument. Som ikkje vil kome Hjørundfjorden til gode.
Har nett fått servert "ekte" røykalaks - noko ein ikkje får så ofte no om dagane.
Det er viktig å bevare laksestamma og å forhindre forureininga i fjorden. Då er det godt at de som veit mykje om dette tek til orde og frontar motstand. Kunnskap gir makt, og det vert meir seriøst mottatt når dei som uttalar seg veit kva dei snakkar om. Så det overlet eg til deg og andre som kan det.
Moralsk støtte er herved avsendt :-)
Talet er til og med berre toppen av isfjellet. Dette seier vel alt om oppdrettsnæringa....
Miljøkriminalitet av verste sort, spør du meg.
Talet er om lag like stort som all villaks som kjem inn til kysten av heile Noreg på ein sesong!
Statssekretær i Fiskeridepartementet seier no i dag at " denne miljøkriminaliteten ikkje kan fortsette."
Økokrim er no kopla inn og skal hjelpe politidistrikta i kampen mot denne type miljøkriminalitet.
Treng ein ei tydelegare synleggjering av kva som skjer/har skjedd, og vil skje i framtida.
Eg har ingen illusjonar om noko betring.
Ein oppdrettsfri Hjørundfjord er einaste garantien!
Kva nytte har Ørsta kommune av oppdrett i Hjørundfjorden? Vil eventuelle leige-inntekter vege opp mot tapet som vil ramme turistnæringa om vill-laksstamma vert øydelagd? Villaksen er eit av arvesølva våre, eg forstår ikkje at noken vil ofre dette for noke. Det burde ikkje vere vanskeleg for politikarane å forstå at laksefisket er sjølve margen i turismen i Hjørundfjord i tillegg til opplevingane som fjell og fjord gir.