Eivind og Martin ynskjer nye drakter.
Alle spelarar og foreldre stilte i går opp på dugnad, nokre køyrde rundt og “tigga” flasker mens andre stilte opp og sorterte flasker og boksar. Dei aller fleste som fekk besøk av oss var positive til tiltaket og hadde flaskene klar når vi kom.
Denne gongen skal noko av pengane gå til nye drakter til gutelaget vårt, noko dei sårt treng, resten går til drifta av gruppa. Alt kjem spelarane til gode.
Ny forsyning
Vi har planlagt å prøve å få til to innsamlingar i året, ein om våren og ein om hausten.
Karoline- framtidig handballspelar.
Observatør Thomas
Vi har i år fem lag, fire av dei i samarbeid med Åmdal. Barn 9år er reint Sæbø-lag og trenar i gymsalen på Sæbø. Handballgruppa ser fram til å få ny gymsal!
Det er lenge sidan vi hadde så stor aktivitet som i år og vi ynskjer alle spelarar, foreldre og andre interimserte ein fortsatt god handballsesong!
Framsidebilde Dugnadsånd!
Helsing
Mari-Anne Bjørdal
Leiar handballgruppa i Sæbø IL