Ca. klokka 1445 var det eit kraftig rabalder i huset vårt her på Årsethaugen i Bondalen. Eg tenkte først at no hadde tørketrommelen ramla ned frå vaskemaskina. Det synte seg å vere eit heller kraftig jordskjelv på Nordvestlandet, melder jordskjelvobservatoriet på Kjeller.
Er det nokon i Hjørundfjorden som veit meir?
Richters skala (22.01.2007 kl. 10:54)
Viste dokke at Richters skala er logaritmisk? Det vil sei at eit skjelv som blir målt til 5 på Richters skala er 10 gongar kraftigare enn eit skjelv på 4. Når ein snakker om større skjelv på 7 til 8, så er altså desse skjelva 1000 til 10 000 gongar kraftigare enn skjelvet som "rysta" Nordvestlandet. For dei som huska skjelvet utanfor Indonesia som skapte den dødbringande Tsunamien, så målte det skjelvet 9,0 på Richters skala.
Ivar Osvoll
Ting fall ned frå hylle (21.01.2007 kl. 21:25)
Bjarne og Ruth Hustadnes fortalde at hos dei fall to glasenglar og ei fløytemugge ned frå ei hylle og knustest.Mon tru om jordskjelv har større effekt i murhus?
Kari Hame
Kraftig skjelv (21.01.2007 kl. 16:50)
Vi kjende det her i Ørsta også.. kanskje ikkje så rart når det var målt til 4 på richters skala (kjelde sunnmørsposten)
Tor Eirik Trandal
Jordskjelvet (21.01.2007 kl. 16:15)
Var ein skitur på Rognestøylen.På tur innover stoppa eg eit par gongar og lytta og lurte på kva som dura.Tenkte at det passa dårleg med fonn.
Det var nok jordskjelvet.Merka berre duren, tidspunktet kan passe bra.Haurde om det på radioen med same eg kom heim og fekk bekrefta det på portalen.
Helga Mo Riise
(21.01.2007 kl. 16:04)
Ja Knut vi merka det godt også på Sæbøneset, eg og Bjørnar satt og såg på sporten plutslig utav intet så rista det godt i huset,trudde først det var vinden, men såg ut så var det omtrent stilt,
ja ja dette var sjeldne saker selv på Sæbø.
Dagfinn Strand
Nord om Fjørtoft (21.01.2007 kl. 15:58)
Ser på kartet som er lagt ut på smp.no, at det er i havet nord om Fjørtoft episenter er. Det har vel vorte ny havbotn der ute i løpet av dagen.
Roy-Magne Mo
Episenter i Brattvågen (21.01.2007 kl. 15:53)
Dei seier på TV2 nyheitskanalen at episenter var ved Brattvågen, og at dette var eit stort skjelv.
Roy-Magne Mo