Vi treng gode vinterbilete frå Hjørundfjorden.
Hjørundfjordportalen er ei brukarstyrt side. På mange måtar anarkistisk. Det vil seie at alle som registrerer seg som brukarar, kan leggje inn nyhende og artiklar. Det gjev den einskilde eit stort ansvar, og det håper vi folk følgjer opp.
Likevel vert einskilde av oss som styrer sida stadig kontakta av folk som ynskjer hjelp, eller som ynskjer at vi skal rykkje ut og dekkje ei sak. Til det siste: Dette er ikkje Hjørundfjordportalen si oppgåve. Portalen skal ikkje vere ei nyhendeside der alt som skjer i Hjørundfjorden vert dekt på direkten. Det krev svært store ressursar, og er uråd for hjorundfjord.no å oppnå. Dette handlar om dugnad, ikkje lønna arbeid.
I venstremargen, under kontaktar, vil brukarane av hjorundfjord.no sjå kven dei kan kontakte om dei ikkje greier å leggje ut stoff sjølve, eller om dei ynskjer å gje tips om ei sak som bør følgjast opp. Dei som står nemnt under kontaktpersonar vil hjelpe til. Men hugs: Desse vil alltid først oppmode folk om å registrere seg sjølve som brukarar, og leggje inn stoff sjølve.
Likevel forstår vi at folk vil kjenne seg usikre, og vi vil hjelpe til. Dei folk kan kontakte er: Knut Hustad, Ivar Svein Mo, Unn Frøland, Lisbeth Aklestad, Rune Sæbønes eller Tor Eirik Trandal. Ta kontakt.
Det er elles viktig å understreke at Hjørundfjordportalen er ein uavhengig portal for Hjørundfjorden. Redaktøren har alltid ansvaret. Hjørundfjord Bygdemobilisering ”eig” portalen akkurat no, men ein eigar av skal aldri blande seg inn i dei redaksjonelle vurderingane. Det har heller aldri Hjørøndfjord bygdemobilsering gjort.
Til lukke som brukarar av portalen.
Kommentarar
Internett er krevjande på mange måtar. Det er forbløffande nært og kontant, og samtidig kan det plutseleg verke fjernt og meir som ei "disme" heile greia. Det er fort gjort å bli lagt merke til og fort gjort å bli gløymt. Og veldig fort gjort å bli misforstått, kan ein synast. Mediet er sårbart, og det kan røyne på å vere deltakar. Derfor er det klokt og solid at de har ei gruppe som deler på ansvaret.
Det er lærerikt å vere på nettet. Dette kan innebere at forventningar som ein bør og naturleg nok vil ha, ikkje vert oppfylt. Da kan læringa liggje i alt det uventa som skjer, som med det same kan arte seg som "problem" eller ikkje-ønskte resultat. Læringa ligg i å vere raus og positiv, opne seg for det uventa og budd på vonbrot, - men også villig til å ta sjansen på å setje foten ned.
Ei personleg eller felles oppsummering av erfaringar så langt kan vere bryet verdt.
Kort sagt: Det svingar på Hjørundfjordportalen! Hald no berre oppe stirren!
Hjørundfjordportalen er eit dugnadsprosjekt og dei personane som har sagt seg villige til å stå som kontaktpersonar må vi verne om, så dei ikkje brenn seg ut med at vi legg på dei for mykje arbeid.
Vi veit det er mange som les på portalen kvar dag, men det er eit fåtal som torer seg utpå å skrive. Her er mange av lesarane som sit inne med gode historier og bileter som dei gjerne kunne dele med andre, men har ikkje har adgong til å skrive på data. Det vert formykje for våre kontaktpersonar å skrive dette over i eit tekstbehandlings- program, så her må vi søke hjelp.
I dag er ikkje det noko problem med avstandar for å ta ein slik jobb, og det er mange som har tid og er flinke å skrive. Det ville være fint om desse kunne være hjelpsame til å ta imot handskrevne artiklar og skrive dei over i eit teksbehandlingprogram, og gjerne legge det ut på portalen.
Kunne vi få til ei ordning her så ville få ei nivåheving på portalen til glede for oss alle. Skal portalen verte det vi ynskjer, så må vi ha alle aldersgrupper til å skrive, av begge kjønn, for å verte ein god informasjonskanal.
Vi ser fram til å kunne kome med endå eit nytt tilbod til våre lesarar, så ta kontakt med underteikna, dersom du har tid og lyst til å hjelpe til.
mvh Ivar Svein Mo
Ein plan vesentleg for framtid og utvikling i Hjørundfjorden?
Late folk få kome med kommentarar/innspel som kan danne grunnlag for utale frå "mobilisering for Hjørundfjorden?"
Planen er trass alt lagt ut til høyring.
Burde ikkje planen verte lagt ut i bygdene i Hjørundfjorden? T.d på forretningar, på biblioteket...? Eller er han det?
Ei oppgåve for "mobilisering for Hjørundfjorden?"
Det er mange ting som skjer som folk vel gjerne skulde ha drøfta i ymse retningar. Det er ikkje altid like lett å finne høvelege stadar for det slik portalen er lagt opp no. Diskusjonsform.no er eksempel på ein type forum der ein lett kan kome til å lage innleg og starte nye trådar. Kan det være noko for Hjørundfjordportalen også?
Men det nesten alle kan, og nesten alle til tider gjer, er å fotografere. Foto er svært viktig. Difor bør fotoapparatet vere lett tilgjengeleg – og det bør brukast. Det syner seg at ulike media – og ikkje minst historieskrivarar – set stor pris på å få bruke foto av ulike hendingar. Slike foto vil også Hjørundfjordportalen setje stor pris på å få bruke sjølv om vi sjølvsagt ikkje kan betale ei krone for å gjere nettopp det.. Men kanskje andre media ser dei her på portalen og vil betale for å få bruke dei?
Hendingar som etter mitt syn bør fotograferast, er t.d. landing av den store laksen, ras på vegbana, snøskred, hendingar/ulykker på fjorden, redningsaksjonar med t.d. helikopter osb. Foto av eit snøskred som t.d. stengjer ein veg, kan ha stor interesse for mange. Har ein problem med å skrive om dette på portalen, ta gjerne kontakt med underteikna slik at vi i fellesskap kan få skrive om hendinga. Det skal ikkje alltid så mange ord til. No kan det også vere at ein har problem med å sende eit foto, men har ein tilgang til internett og har fått eit bilete inn på ein pc, ja, då er det berre å ringje.
Søndag skreiv eg nokre få ord om jordskjelvet. Etterpå såg vi kor godt Hjørundfjordportalen fungerte. Mange skreiv kommentarar(og fleire kan skrive meir). Tenk om vi hadde eit foto frå Ruth og Bjarne om det som hende i huset deira.
No veit vi at det kan kjennest som ei belastning å få namnet sitt under eit foto i ei avis, eller også her på portalen, men om ynskjeleg treng vi ikkje bruke namn. Det viktige er at vi fotograferer når noko skjer. Resten ordnar vi etterpå. Målet må vere at hjorundfjord.no skal vere best på hendingar i Hjørundfjorden.
Då er det viktig å ha klart føre seg kva ein eigentleg meiner. Det har eg ikkje heilt fått med meg.
1) Hjorundfjord.no skal vere best på det som ei kvar tid skjer: Av konfliktar naboar i mellom, av konfliktar mellom grunneigarar og kommunen, av ulykker, av uhell, av plansaker osb.?
Då må vi ha ein redaksjon. Greier vi det på frivilleg basis?
2) Hjorundfjord.no skal vere best på å vere ein informasjonskanal for hjørundfjordingar heime og ute der vi gjev eit generelt bilete av kva som skjer pluss at portalen er ein kanal der reiselivsbedriftene og aktivitetstilboda i fjorden får profilere seg.
Dette vil vere basert på frivillege innlegg på portalen, som no, og betalte innlegg som vi ikkje har i dag.
Dette er tema for diskusjon i styringsgruppa for bygdemobiliseringa. Vel vi det første, er vi avhengig av å opparbeide ein redaksjon vi ikkje har i dag. Vel vi det siste, blir det omtrent som i dag, men der dei kommersielle aktørane i fjorden får betre plass.
I grunnlagsdokumenta for portalen, som både Knut og eg kjenner til, er det det siste vi arbeider i mot.
Eg trur dei fleste er samde i punkt to, eller har eg misforstått? Kanskje det skulle ha vore ei avstemming, men slik eg ser det er vi best tent med punkt to.Fjerdeklasses nyheiter som nabofeider passar best på børsen og i klobben, ikkje på "svart-kvitt" på portalen. Nokre ting er best om dei berre vert utvatna.
Om det skjer ei eller anna hending som den berømte i jula, synest eg godt slike ting kan stå på portalen, for dette er også informasjon. Enkelte ting bør også stengast for kommentarar fordi det held med ei stadfesting om kva som har skjedd, det er ikkje alltid nødvendig at alle meiningar skal på trykk. Då må det eventuelt opprettast ein slags "speakers-corner", og det kan det nok bli mykje underhaldning, hendelse og fa..skap av.
Det som bekymrar meg er at portalen har få bein å stå på, og at om nokon av "fem-kløveret" trekk seg ut, kan portalen kolapse....
Eg registrerar og at politikarane i Hjørundfjorden er "fråverande". Portalen er ein god stad å legge ut saker som er oppe i politisk handsaming. Dei vil då verte kjendt for alle, og alle kan kome med innspel. På den måten vil politikarane også få bedre tilgang på informasjon om kva folket rundt Hjørundfjorden meiner om ting. Det må då verte lettare å representere foket når ein veit noko om meiningane som er om dei ulike sakene.
Det vil då måtte verte opp til politikarane å legge inn sakene, eller henvise til stadar der ein finn meir utfyllande informasjon.
Veit at det er jobba for å finne gode måtar å få dette til på andre stadar, men veit ikkje om nokon som har gode løysningar.