Det er behov for bilete av folk i aktivitet til den nye Hjørundfjord-brosjyren. Slik at dette biletet berre hadde vore aktuelt viss Helge Strand, Thomas Hustad og Johan Riise vart knipsa medan dei hengde opp turrfisken.
Brosjyren skal fokusere på opplevingstilboda i Hjørundfjorden. Det vil seie overnattingsstader og serveringsstader, pluss aktivitetar folk kan ta del i. Brosjyren vil også verte knytt opp mot Hjørundfjordportalen, slik at opplevingstilboda vil få ein synlegare plass her på sida etter kvart.
Arbeidsgruppa treng altså hjelp til eit slagord.Oppleving er eit sentralt ord, kanskje også aktivitet. Folk må vere kreative, og kome med forslag. Eit slikt slagord bør ikkje ha meir enn tre ord.
Når det gjeld bilete, finst det masse av naturskjøne omgjevnader. Det er ikkje dei bileta arbeidsgruppa er på jakt etter, men bileta av folk i aktivitet. Ein må sjå glade fjes, anten dei fiskar i elvane, på sjøen, går på turar til topps eller i dalar, eller står på ski. Gode styggeversbilete er også mangelvare,
Hjørundfjordportalen premierer det beste slagordet med den nye t-skjorta, når ho vert klar på vårparten. Når det gjeld bileta, vil desse verte honorerte i tråd med standardsatsar.
Folk kan kome med forslag til slagord til Ivar Svein Mo, og også tipse han om eventuelle bilete. Det er noko hast med å få til brosjyren, slik at fristen for tips er fredag 12. januar.
Kommentarar
Fjellturar, fjordturar, soppsanking, pintball, laksefiske og alt mogleg anna.
Dette skal være ei brosjyre som skal delast ut til turistane og må kunne forståast av utenlandske turistar også!
For å fange fleire målgrupper.
Av ry er vel Geirangerfjorden størst, men skjønner at du har tenkt lenge (Geirangerfjorden 15km og Hjørundfjorden 33km-kilde:Caplex)
Begge kan kanskje brukes men ditt forslag er vel best for å unngå misforståelser.
eller
"Himmel på jord - Hjørundfjord".
Norske fjordlandskap er utnemd som det i ei omfattande internasjonal kåring i "National Geographic."
Allereie innarbeidd i folk sitt medvit nasjonalt og internasjonalt. Folk assosierar dette med norske fjordar.
Lat dei i i framtida forbinde dette med den vakraste fjorden i verda!
(Om ein vil unngå s-genetiv, så må det verte: "Det fremste reisemål i verda!"
- Og eg greidde å halde meg til tre ord også =)
For nokre år sidan var der ein gjeng bondalingar som gikk på ski til Randers Topp. Dei filma starten på turen i fjøresteinane og heilt til toppen.
Irene Osvoll
Hjørundfjorden-vill og vakker
Om man skal ha et engelsk slagord så kanskje noko med the lord? :P sida det rimar på hjørundfjord.
"Verdas fremste reisemål!" (Sjå tidlegare.)
Det er framtidsretta og offensivt!
Verdsarvstatus til Geirangerfj. og Nærøyfjorden representerer det vestlandske fjordlandskap. Verdas fremste reisemål.Som Hjørundfjorden er ein del av. Det er jo unikt!Lett å markedsføre internasjonalt!
Namnet Hjørundfjord i ein samanheng kan kome like etter. Med tilbod,aktivitetar, bilete, etc.
Tenk dykk ei brosjyre med det slagordet. Det vil straks fange folk si interesse. Er det ikkje eit slikt reisemål einkvar har i tankane?
Når turisten først er "fanga," kjem det spesifikke reisemålet; Hjørundfjorden!
I dagens tidspress er det ingen som har vondt av å legge rekreasjonen sin til Hjørundfjorden. Den perfekte batteriladar for slitne sjeler og kroppar.
"Hjørundfjorden- because you're worth it"
Har eg nevnt at Kristina sitt nr 2 på rim var veldig bra? ;-)
Ser at det også skal utarbeidast ei turistbrosjyre. Den kan verta ein viktig reiskap i arbeidet med å auke turisttilstrøyminga i fjorden. Potensialet er slik eg ser det, nærast utan grenser.
Har leika litt med tanken på eit slagord til brosjyren. Ei brosjyre bør vel ha ei visuell utforming som fortel i klartekst kva bodskap den har. Eit slagord skal såleis berre understøtte denne bodskapen. Slagordet skal vise at den som sender ut bodskapen er trygg på kvaliteten i produktet, og ikkje treng klisjear for å fremje det. Difor er det etter mitt syn ikkje naudsynt med verken fjell eller fjord i slagordet, då det likevel kjem klart fram i bileta og presentasjonen for øvrig.
Hjørundfjord er eit kvalitetsprodukt og står fjellstøtt på eigne bein. Eg har laga nokre forslag som Dykk kan lukte på.
HJØRUNDFJORD - det naturlege val
- verd eit besøk
- det gode reisemål
- rik på opplevingar
- jordnær og eksotisk
Det viktigaste vert likevel å finne bilete som skaper gode kjensler og gjev reiselyst til fjorden.
Eg ynskjer Dykk lykke til i prosessen vidare!
Beste helsing
Sveinung Walseth
Fjorden for framtida.
Hjørundfjorden for framtida!
Fint og sjå at det er liv i bygda på nettet, hilsen i fra Oppegård!
Når det gjeld slagordet til brosjyra synes eg mange har gode forslag, spesielt godt likte eg "Himmel på jord - Hjørundfjord".
Eg er langt ifra nokon ekspert på slik marknadsføring, men har kika litt på forskjellige brosjyre. Sjølv har eg brukt ord som "storslagen, imponerande, mektig, majestetisk" om Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane. Også ord som "ekte" og "urørt" er ord som tiltrekk seg merksemd. Samstundes burde ein også ha med noko med aktivitet, eit ord med litt "fart" i... har ingen gode forslag, men følger spent med på kva dykk finn på! Lykke til!
mvh
Monika Barstad
Det ser folk stort sett overflatisk på i forbifarta og legger vekk!
Det må tenkest nytt!
Det kjappe første inntrykket bestemmer om folk sin interesse vekkes!
Det gjør det ikkje med slagord som det går 13 av på dusinet!
"Verdas fremste reisemål" vil vere slagordet som får "Hvermansen" i inn og utland til å stoppe opp tilstrekkelig lenge til å bli interessert!
Då er det oftest gjort!
Samtidig et slagord som en har ryggdekning for å påstå! (Jmfr.)
ej kunne vel like godt banna i kirka no...men..
"Hjørundfjorden - gjer deg audmjuk"
og
"Hjørundfjorden - juvelen i smykkeskrinet"
Eg veit ikkje heilt kva status ein juvel har i eit smykkeskrin, men Hjørundfjorden har iallefall lokalt vore mykje omtalt som både perle og juvel. Dersom ein tenkjer at alle fjordane har status som smykkeskrin (eit av verdas beste reisemål), posisjonerer iallefall Hjørundfjorden seg som noko spesielt.
Sikkert oppbrukte fraser, men foreslår dei likevel.
Nei, det er ikkje eg som skyt høgt!
Orienter deg litt om det eg tidlegare i mine kommentarar har skrive.
For å repetere.
Eg siterer det verdas fremste reisemagasin i ei verdsomspennande spørjarundersøking har slegje fast.
"Norske fjordlandskap vart i fjor kåra som det fremste reisemål i verda!" Hjørundfjorden ein del av det.
Ei etablert sanning i turistverda!
Så om du vil gå i kyrkja å ba...på at det ikkje er sant, er det opp til deg sjølv.
Som eit apropos. Hjørundfjorden vart ikkje nasjonal laksefjord avdi "folk flest" ikkje var merksam på at fjorden var kandidat og innstilt til dette. Og dermed forseint.
Kanskje på tide å få opp augo for den prestisjetunge kåringa som eg syner til? Før vi enno ein gong er for seint ute... i turistsamanheng?
Mitt forslag til slagord har referanse til det.
Du bør ikkje harselere før du har sett deg inn i realitetane.
"Hjørundfjorden - gjer deg audmjuk"
og
"Hjørundfjorden - juvelen i smykkeskrinet"
Eg veit ikkje heilt kva status ein juvel har i eit smykkeskrin, men Hjørundfjorden har iallefall lokalt vore mykje omtalt som både perle og juvel. Dersom ein tenkjer at alle fjordane har status som smykkeskrin (eit av verdas beste reisemål), posisjonerer iallefall Hjørundfjorden seg som noko spesielt.
Sikkert oppbrukte fraser, men foreslår dei likevel.
Dessutan har eg ikkje sagt at eg vil i kyrkja for å banne på at det ikkje er sant. Viss du les under står det at å kome med ein slik kommentar her er som å banne i kyrkja. Noke EG ikkje plar gjere, og helle ikkje kjem til å gjere!
Som filolog (og som din gamle klassestyrar!)ser eg at uttalen din ikkje var meint som harselas!
Du er genuint oppteken av Bondalen og Hjørundfjord sitt ve og vel! Det syner du i innlegga dine. Hald fram med det!
Vonleg vil du og familien din (og mange andre familiar!) busetje dykk i Bondalen,eller ein annan stad i Hjørundfjorden!
Vennleg helsing
Helge
Såleis likar eg dei meir neddempa slagorda. Vi må hugse på at det er mange andre flotta stadar også. Men for all del - vi skal ikkje stå med hatten i handa. Det seier seg då sjølv at eg likar best slagord som "Hjørundfjorden - natur og opplevingar" (frå Alf Ole, "Fjorden, fjella, folket" (Enok, men det er viktig at vi får fram nye slagord - ikkje gjenbruk av gamle.
Det er kanskje feil å seie det, men det er Yngve sitt eg hugsar best: Fjord, fjell og fyll. Vi må finne på eit slagord som er like enkelt og i prisippet like godt som Yngve sitt.
Mitt bidrag til fleire F`ar: Fjord, fjell, folk og fisk
Fjord, fjell og fagnad !
Fagnad tyder vel glede ? Kan du Helge som tidlegare rutinert norsklærar stadfeste dette ?
Me tek imot turistane med glede !
PS, fortvil ikkje Yngve, det kan absolutt også være fagnad i ein god og moderat fest. Men det går også an å drikke utan å ha det artig :)
Det eg ville kommentere var dette med fagnad. Først tenkte eg: -Æsj!Forferdelig nynorsk. Etter å ha tenkt litt på det trur eg det vekker litt oppsikt, og skape nyfikenheit frå folk, for dette er ikkje eit vanleg ord.
Problemet kjem om brosjyra skal omsettast til engelsk,tysk el bokmål...
HJØRUNDFJORD- Norges største diamant
HJØRUNDFJORD - Natur i særklasse
Alvor: Hjørundfjorden fjordenes fjord ! eller: Hjørundfjord mektig og stor!
På tysk og engelsk. Første bud var å unngå ord med æ ø og å i slagordet.
Med tanke på internasjonal lansering.
Sæbø og Hjørundfjorden vart raskt utelukka i slagordet.
Men snøgt teke innatt "i varmen" i sjølve brosjyra.
Hjørundfjorden-UNESCOs glipp
Hjørundfjorden-med åpne armer
Hjørundfjorden-Vill,våt og vakker
Hjørundfjorden-Inntrykk som sitter
Hjørundfjorden-du vil alltid tilbake
Hjørundfjorden-bli bergtatt (ikke bokstavlig)
Mi stemme går til ditt forslag nr 4, "Hjørundfjorden-vill,vakker og våt!"
Namnet Hjørundfjord i eit slagord, lat oss seie som nr. 1, er eg ueinig i. Som før sagt.
Lat det kome som nummer 2.
(Til sikkert no som det kjedsomlege for mange.!)
"Verdas fremste reisemål!" (Slagord 1.)
(Så fylgjer:)
"Hjørundfjorden - ei oppleving!" (T.d) Slagord 2.
Ein fjord i det vestlandske fjordlandskap kåra som "Verdas fremste reisemål!"
Som så fylgjes opp med det sentrale i ei turistbrosjyre. Informasjon, aktivitetstilbod med bileter, etc.
Blikkfanget "Verdas fremste reisemål" vil vekke nyfikenheit, interesse. Eit vågalt, framtidsretta og offensivt slagord! Som inspirerar til å lese vidare i brosjyra. Det vesentlege. Der informasjonen kjem!
For n`te gong. Det er no mi meining.
Flaggskipet i den sumarlege turisme i Hjørundfjord er "Hotel Union" på Øye i Norangsfjorden. Legg merke til namnet. Dei gjev ikkje avkall på "Hjørundfjord," men det kjem informativt seinare i reklamen.
Du er ein engasjert kar for tida. Det er godt for Hjørundfjorden.
Eg er ikkje heilt samd med deg i at Hjørundfjord kan utelatast i eit slagord. etter mitt syn bør Hjørundfjord uansett stå fyrst, og så slagordet.
Eg kan prøve å grunngje dette.
Ei brosjyre om Hjørundfjord skal femne heile fjorden og det er heile fjorden som er hovudbodskapen, og difor må sjølve namnet Hjørundfjord frontast.
Det er det som er merkevara i denne samanheng. Ei fantastisk merkevare spør du meg.
Når Union Hotell på Øye utelet Hjørundfjord i sitt slagord, så er det fordi det at i deira brosjyre så er det Union som er hovudbodskapen, og opplysninga om Hjørundfjord kjem på ein måte som eit tilleggsgode.
Sjølv om det er fire ord:
Vill, våt og vakker er slagordet!
Her kjem nokre ord frå ei som bur langt sør, sørlandets perle Søgne. Utrulig koselig å vere inne i Hjørundfjordportalen og sjå at det framleis er mange ildsjeler i Hjørundfjorden.. Følgjer med dokke og bygdemobiliseringa i Møre Nytt, klarer ikkje la vere sjølv om eg emigrerte frå Sunnmøre for snart sju år sidean. Håper alle har det bra der "heime". Ser dokke jobbar med slagord så eg hiv meg på med det første som dukka opp:
Hjørundfjord - det unike fristed
Hjørundfjord - frisk, fri og vill
Ønskjer alle eit godt nytt år!
Siv-Ellen Tvergrov
Eit utal av brosjyrer med Hjørundfjord som del av eit slagord har vore presentert. Forgjeves!
Hjørundfjorden ligg framleis i bakleksa, turistmessig.
Ikkje avdi Hjørundfjorden ikkje er eit framtidig varemerkje.
Men ein må våge å tenkje nytt!
Dømet med med hotel Union skal du ikkje take ut av sin samanheng.
Eit namn som faktisk meir enn noko anna vert forbunde med Hjørundfjorden.
Sjølvsagt veit eg at ei slik brosjyre skal gjelde heie Hjørundfjorden.
Femnar ikkje "Verdas fremste reisemål" heile fjorden? (Jmfr. kåring, etc. Tidlegare kommentarar.)
I sjølve slagordet ligg alle aktivitetar, sjåverdigheiter, opplevingar, m.m som ein kan tilby ? Samstundes ligg det innbakt ei utfordring for Hjørundfjorden til å leve opp til og stette dei forventningane/krava som ligg i dette slagordet?
På den måten skape ei utvikling? Bryte med ei, i mange miljø, sementert "utviklingshemmande" framtidstru....
Mats synest han hadde høyrt "Vill, vakker og våt" før. Det er to moglege kjelder for det. Det eine er slagordet til Sykkylven: "Venleg, vill og vakker". Det andre kan vere ei låt av CC Cowboys.
Elles har ingen repetert det som må vere tidenes mest skrekkelege slagord, men som likevel vart ein slager, nemleg slagordet for Lillehammer-OL: " De sa det ikkje lot seg gjøre, men vi gjorde det". Det slagordet vart det truleg betalt fleire hundre tusen kroner for til meit pr-byrå. Til no har det kome inn slagord som max kostar ei t-skjorte, og der alle er betre.
Kva med: "Fjord, fjell og framtid"
Internasjonalt: "Our scenery is the future"
Helge har fronta verdas fremste reisemål sterkt, dette er eit godt og offensivt slagord. Men det er eit slagord som gjeld for alle vestlandske fjordar med respekt for seg sjølve etter kåringa i National Geographic, og vert då ikkje unikt for berre Hjørundfjorden. Sjølvsagt må "verdas fremste reisemål" likevel kome sentralt fram i brosjyra.
Vill, vakker og våt er også genialt (reknar med du har CC Cowboys i CD-hylla Fred Ingar :), men vert for likt slagordet til Sykkylven.
Men det er eit prov på at like forbokstavar i slagordet gir god flyt.
Eit anna forslag som kan fungere er:
"Magisk, mektig og majestetisk", evt "Hjørundfjord - mektig og magisk"
Eller berre "Magiske Hjørundfjord"
Eller så kan ein vere meir direkte i språket:
- Kom, sjå og opplev !
- Kom, sjå og nyt !
- Kom, sjå og bli !
Eller rett og slett seie som Per Leif:
"Steikje fine fjord"
(men dette uttrykket har vel vorte litt utslitt etterkvart :)
Beklagar skrivefeil.
-Fagnad mellom fagre fjell
-Fagnad mellom farlege fjell
-Fagnad mellom flotte fjell