Lensmannen har merka seg Hjørundfjordportalen som ein arena for informasjon. Det kan verte aktuelt for lensmannen å nytte Hjørundfjordportalen til å informere om naturhendingar/naturskadar, leiteaksjonar, ulukker i fjella og nokre lovbrot. Informasjon kan i mange høve verke førebyggande, og redusere fare for urett ryktespreiing. Politiet plar også få nyttige tips ved å informere publikum.
Hjørundfjordportalen vil så langt lensmannen kan sjå neppe verte prega av kriminalsaker. Grunnen er enkel: Folket i Hjørundfjord er i hovudsak godtfungerande.
Difor er eg på trygg grunn når eg ynskjer alle i Hjørundfjorden godt år!
Guttorm Hagen, lensmann i Ørsta
Hjørundfjordportalen vil så langt lensmannen kan sjå neppe verte prega av kriminalsaker. Grunnen er enkel: Folket i Hjørundfjord er i hovudsak godtfungerande.
Difor er eg på trygg grunn når eg ynskjer alle i Hjørundfjorden godt år!
Guttorm Hagen, lensmann i Ørsta
Kommentarar
Hjørundfjordportalen er eit brukarstyrt medie som er dreve på dugnad og alle kan verte brukarar og skrive og legge inn bilete på portalen. Det har vore i hovudsak vi sjølve som har laga innhaldet, men etterkvar som vi har fått lesarar frå heile landet/verda, så er det naturleg at vi får brukarar som skriv til oss frå andre kantar også.
Portalen er open for alle og vi vil sette stor pris på at lensmannen vil nytte portalen til informasjon. Som vi ser så er det fleire treff på eit innslag dersom eit bilete er med, så det vil være ein fordel.
I Hjørundfjorden er vi ved godt mot og ser med optimisme på framtida. Her er det no investorar som har oppdaga fjorden vår, og vi reknar med at i dei neste åra vert her investeringar i turisme og folketalet vil auke med fastbuande og i sesongane. Dette vil nok lensmannen merke også, ved at han og hans folk må over eidet oftare i både ordenssaker og ulukker.
Bygdemobliseringa vil og har satsa på ungdommen, og det ville være naturleg og be politiet om innslag som har interesse for ungdom på ungdomskveldar.
Vi håper forsatt at Hjørundfjordbygdene kan være ein av dei fredlegaste og beste plassane å bu, i framtida også.
mvh Ivar Svein Mo - leiar