halv tolv sette eg meg på sykkelen og trødde utover til Hustadneset, ikkje så enkelt sidan det ikkje eksisterar gatelykter langs vegen utover. Vel framme rigga eg meg til ved den beste lykta/hamna og sikta på Sæbø med linsa. Kl 12 vart det eit himlandes styr på den andre sida. Lysshow og smell både frå sjøkanten, fonnaverne og langt oppe i dalen, fantastisk. No og då skremde innbyggarane på Hustadneset meg med å sende opp sine eigne rakettar rett bak meg, men eg tvilar på at dei oppdaga meg.

 hadde det ikkje vore for alle rakettane så hadde det vore ein av dei stillaste kveldane. Det var så vindstille og roleg at eg lett kunne høyre folket på den andre sida snakke og rope og ha det gøy saman. Det var den perfekte utsikta.

Det var ikkje lett å ta bileta, skulle halde kameraet stille i 10 sekund for å få dei beste bileta, og ofte skjedde dei mest fantastiske ting på andre sida av kameraet medan det fortsatt tok bilete. Det var nesten ikkje mogleg å keie seg :)

Fyrverkeri på Hustadneset
Hustadneset med sine beste fyrverkeri

Fyrverkeri
Fest på Sæbø og i Fonnaverne

bangbang

Nyttårsafta vart ganske bra på sæbø i år den :)

GODT NYTT ÅR

 Lovise Mo