Det er kan-hende ikkje alltid lurt å ha eit webkamera  oppmontert.  I dag var det sikkert mange som klikka nettopp på Ørsta skisenter sitt webkamera ved nedre heisstasjon.  Dei ville då evt. oppdage at vêrtilhøva ved  skisenteret ikkje var dei beste og dermed halde seg heime.

IMG_3888

Ved kafeen på toppen av Eitrefjell var snøen tørr og fin, men så var det dette med vinden då...

Hovudtrasèen i bakken var ikkje trakka i dag.  Det skuldast visstnok svært våt og tung snø, men dei som oppheldt seg der, fekk ein fin dag likevel.  Det var i alle høve gode forhold for dei som ville køyre i laussnøen og ikkje minst få trent låra.   Frå toppen av Eitrefjell og ned det som vert kalla Knuteløypa, var skiforholda som vanleg fine.  Men gode klede og ikkje minst slalombriller var viktig å ha.

IMG_3889

Det hadde vore plass til fleire i slalombakken i dag.

Som vanleg stilte Ørsta Røde Kors Hjelpekorps med vakter i løypene.  Fem stykker denne dagen og med ein snøsscooter i beredskap.  Og kven var der?  Jau, sjølvsagt var Bernt Arve Hustad der.  Aldri ein søndag utan Bernt Arve.

IMG_3890

Aldri ein søndag utan Bernt Arve Hustad som vakt.

No skal vi ikkje påstå at det er Bernt Arve som har flest vakter for Hjelpekorpset ved Ørsta Skisenter, men det kan ikkje vere mange som har fleire.  Han er der nemleg ofte når det er kveldsopent i tillegg.  Denne dagen hadde Bernt Arve med seg ein annan Bondaling, nemleg Vidar Stokke.  Heller ikkje han er nokon nybyrjar i bransjen.

IMG_3899 

Vidar Stokke er heller ingen nybyrjar som Hjelpekorpsvakt.

Du er vel ikkje vakt av rein idealisme Bernt Arve.  Kor mykje får du betalt for jobben?

Betaling?  Pfhhh... Nei, dette vert ein ikkje rik av.  Det viktige er kort og godt det motsette.  Nemleg å halde eigne utgifter nede til dette vaktarbeidet.

Ok, men det trengst vel vakter?

Ja, du ser sjølv at skiforholda her i dag er for tøffingar, men det er viktig at det er hjelpekorpsvakter i bakhand.  Helddigvis er det ikkje nokon som har skade seg sjølv om snøen  er svært tung no.

IMG_3898

Vaktveteran Bernt Arve Hustad

Neivel, kanskje var det ikkje så svært mange folk ved Ørsta skisenter i dag.  Men ein ting er sikkert - dei som var der hadde det kjekt likevel.  Og ja; andre Bondalingar var der også.  Vi såg m.a. at Mikkel Riise hadde fått med seg pappa Rolfen og Hilde Sæbønes stod bak disken inne i varmestova.