Mange kloke ord og fakta i denne artikkelen, og det er ikkje i tvil om at fjellet er ein ressurs som kan nyttast meir til turistføremål i distriktet. Det er satsa altfor lite på turisme i Hjørundfjorden. Eg har nevnt før at det meste vi har å skryte av er naturskapt og ikkje menneskeskapt.
Det burde verte utarbeida ei oversikt over tilstanden til fisken i dei ulike fjell-vatna, og eventuelt gjort tiltak der det er tilfelle av overbefolkning. Eg var med på dette på Kjersemfjellet ein gong der vi sette ut garn av ulike maskestr. og registrerte fisken. Kjekt å halde på med!
Problemet er vell at nokon må organisere dette. Det slår meg at det kanskje er mulig å få prosjektmiddel til dette fra Fylket.
Eg var sjølv overraska over å sjå mykje fisk i mange av dei små elvane og dammane over Frølandseidet. Er det nokon som har prøvd fiske i Tryvatna i det siste og veit kor tilstanden er der? Sist eg var der tenkte eg i allefall på at der er mykje småfisk, så det kan vell være mulig det er eit eksempel på eit overbefolka vatn?
Tor Eirik Trandal - Småfisk 19.01.2007 kl. 16:27
Eg er av den typen som likar best fiske i fjorden framfor fiske i elv og vatn så dette har eg ikkje mykje greie på. Men eg lurte på ein ting.. Og det er kanskje eit dumt spørsmål.. men kvifor vert det mykje småfisk der det er "overbefiskning"? Har det med at mykje av egga vert klekte og får vekse opp? Ein skulle tru at det skulle være mykje storfisk også på slike "overbefiska" stadar. Mulig eit dumt spørsmål, men eg spør likevel sidan det verkar som vi vi har fleire her som har veldig god peiling på fisking i elv og vatn her.
Unn Frøland - Småfisk 19.01.2007 kl. 20:08
Dette veit sikkert artikkelforfattaren mykje om. Eg kan tenke meg det er slik at mindre beskatning og nedgang i næringstilførsel er grunnen. Det som kjenneteiknar slik fisk er ofte at hovudet er unormalt stort sidan fisken er mindre enn kva alderen skulle tilsei.Har gått litt i gløymeboka dette, men enkelte stadar har det vore sett ut rov-fisk for å ordne opp.
Knut Arvid Uglebakken - Litt seint men... 05.02.2007 kl. 21:33
Fisken i slike vatn har ikkje så mange fiender. Ved gode forhold, kan tilgangen av nyfødte være god. Om avgangen av fisk da er liten, vil det, sammen med b.l.a mat-tilgang kunne være årsak til at det blir vanskelig å bli stor.
Under liknende forhold, men da med jamnt uttak av de store fiskene , vil også de mindre fiskene få "for" gode forhold.
Når fisken bli stor nok, kan den spise av de små, og "stresse" de små, så de ikke får formere seg.
Litt teori her, det finnes modeller for slikt også. Men på det jamne trur jeg nok at vatna får et veldig bra stell.
Kommentarar