Desse planane får meg til å stille følgjande spørsmål: Blir det betre å bu på Sæbø med ferjekaia som næraste nabo til badestranda?
Eg budde i Sandvika på Sæbø det første leveåret mitt, og har sterke familieband til plassen. Sidan 1969 har eg og familien min tilbrakt både påske- og sommarferiane der, og minna er mange og gode.
Eg forstår at mitt behov for eit roleg ferieparadis ikkje nødvendigvis er samanfallande med draumane og behova til dei fastbuande. Men eg trur likevel at mange av feriefolket sine ønske om eit godt bumiljø vil vere like aktuelle for dei som bur på Sæbø heile året.
Det er sjølvsagt litt vemodig å konstatere at eg og familien min, etter 5 generasjonar, må gi opp dette ferieparadiset vårt, dersom dei ovanfor nemnde visjonane vert sette ut i livet. Om eg såg at dette var den beste og einaste løysinga for lokalbefolkninga, ville det være lettare for oss å pakke saman. Men sidan eg, på eit generelt grunnlag, meiner at dei presenterte planane er dårlege og langt på veg miljøfientlege, tillet eg meg å kome med nokre komentarar.
Om ein har nokre titals millionar kroner til å flytte ei ferjekai, er det då ein god idé å bruke desse pengane til å legge gjennomgangstrafikken gjennom HEILE sentrum?
I Sandvika har vi gleda av å sjå reine folkevandringa ut til badestranda om sommaren, når veret tillet det. Då kjem fastbuande og tilreisande med mat og drikke og slår seg ned heile dagane. Ungane ligg og plaskar ut i sjøen, på luftmadrasser, i plastbåtar og sym ut til flytebrygga. Mykje av denne aktiviteten går føre seg i det som vil bli traseen til ferja etter dei nemnde planane. Eg vil tru at denne idyllen blir sterkt forringa når foreldra må sitte på næler og rope på ungane sine om å halde seg unna dei skumle straumane frå ein båtpropell i revers, i det farga legg ut frå land? Heller ikkje støyen og dieselrøyken er noko miljøbevisste brukarar ønskjer på ein bade- og soleplass.
Sæbø er ein av dei få tettstadane på Vestlandet som har tatt vare på badestranda nær sentrum. Og ikkje har eg høyrt om sterke næringsinteresser heller, som skulle rettferdiggjere at ein slik idyll vert øydelagd?
For ikkje lenge sidan registrerte eg at representantar for innbyggarane i Hjørundfjorden var skuffa over ein kommunal plan som ikkje hadde teke nok omsyn til turismen i Hjørundfjorden. Skal ein stimulere til vekst for denne næringa, må ein vere flink til å verne om dei kvalitetane som både innbyggjarane og dei tilreisande set pris på og som såleis er med på å skape eit triveleg miljø. Den gamle naustrekkja er eit slikt miljøelement som fungerer godt saman med bruken av fjøra til bading og annan rekreasjon.
Men om ferjekaia skal flyttast, bør ein vel heller sjå på løysingar som reduserer trafikken i sentrum og ikkje slike som verkar motsett? Kva med å bruke plassen rett utanfor, eller bak Bellingen? Det ville stimulere handelen og ein får oppstillingsplassen vekk frå vegen. Det gamle Samvirke er ikkje akkurat noko arkitektonisk perle. Den bygninga kunne kanskje vike? Denne løysinga ville ha spart bebuarane frå bankbygget og heilt ut til badestranda for støy og trafikk.
Eg går utifrå at dei fleste ynskjer å ha ferjetrafikken via sentrum. Elles ville det vel ha vore meir kostnadseffektivt å flytte ferjekaia ut på Hustadneset? Ulempa med ei slik løysing ville vere at skuleelevar og kyrkjegjengarar frå Norangsfjorden måtte ha hatt bilskyss til og frå ferja. Men det momentet som kanskje gjer meg mest oppgitt, er at ein ynskjer å fjerne prestegardsmuren og deler av hagen. I vår tid er det god reguleringspraksis å ta vare på det gamle og miljøskapande når saneringbehovet ikkje er sterkare enn i dette høvet? Eg trur også dei fastbuande vil få nye plager med ei slik «asfaltløysing». Betre sikt og breiare veg fører som regel til høgare fart, trass i låg fartsgrense.
Hjørundfjorden er ei fantastisk perle. Eit vakrare landskap finst neppe! Som ein del av framtidsvisjonane ville eg ha vektlagt turisme. Det kan skape nye arbeidsplassar og sikre vekst for lokalbefolkninga. Då må ein finne løysingar som gjer kvardagen praktisk for dei innfødde, men samstundes tek vare på roen. M.a.o. skåne ei fin badestrand og behalde ein fin gammal hage. Og ja, både turistar og lokalbefolkninga vil nok sette stor pris på ei strandpromenade langs sjøen.
Kommentarar
Eg er blandt dei som ser på dagar på badestranda på Sæbø som "meininga med det gode liv". Og eg trur ikkje eg er åleine om det.
Bygdemobiliseringa er i dag i gang med utbedring av Kapteinskvia, noko som vel vil føre til enda bedre facilitetar.
Det å ha ei fin badestrand er viktig. Det er i planane for sentrum ikkje lagt opp til ny badestrand, noko som gjer at ein må verne den eksisterande - og gjerne utbedre den.
Det å få fergekaia så nært som det som er i forslaget vil kome i konflikt med badestranda som rekreasjonsområde.
Håper dei andre brukarane av badestranda og vil kome på bana, slik at den fortsatt kan være eit friområde for rekreasjon. Det er også eit sosialt miljø, og eg ser fram til mange fine dagar der både denne sommaren og i framtida.
Håper derfor fergekaia ikkje kjem nærmare men vert lagt lenger vekk frå badestranda.
For mitt vedkommande,syns eg at vi bør satse på ei løysing med ferjekaia slik den er planlagt,einaste å vri den utover.
Då får vi trafikken igjennom sentrum.Dermed står turistane i ferjekø,og kan handle på butikkane/bakeri osv.. samt dei kan spasere og være med på å lage "liv og røre" i sentrum. Istaden for å bygge ny bru over elva,ruste opp veien til Hustadneset for millioner,og plassere et skilt når du nærma deg sentrum,Høgre "ferje til Leknes",Venstre "Sæbø"..Då er det iallefall kroken på døra for bygda.
Trur heller at vi snart bør drage i samme retning,at har vi først fått en reguleringsplan,så bør vi snart gå vidare,med å få den gjennomført.Viss ikkje blir det akkurat som før,at vi diskuterer til vi blir blå...og pengane som var planlagt til Sæbø..endar som brustein bort i Ørsta...og plassen forfell.
At naustrekka ved badestranda er fin,og idyllisk er ikkje det tvil i,men i nærleiken står no et hus som burde vore restaurert for ein god del år sida,som står på "gammal vane".
Trur faktisk at med en del små grep og et par dugnader,kunne vi klart å "fiffe" opp sentrum til å bli litt finare for oss sjøl,samt turistane.
Kva om vi rydda skogen mellom sjøen og veien ifrå Hustadneset til Sæbøneset,slik at vi hadde enda en super "tur-sti"
I første omgang fikk rydda rundt ferjekaia på Sæbø,slik den er i dag,og ikkje venter på at den blir flytta..
Får fjerna den digre grå dieseltanken som ikkje er ibruk lengre som står på kaia..
Buss-skuret hadde kanskje fått ett nytt liv på ett buss-stopp lenger framme i dalen?.Dermed hadde det vore enkelt å flytta den grønne konteineren inn der buss-skuret hadde stått.
Samt vi kunne sendt et brev til kommune og fått nytt skilt med "Sæbø" på,det vi har no,har nok gjort sitt:D
Dette pluss mykje meir,kunne vi fått gjort uten dei store kostnadane.
Eg stiller på dugnad,er berre å ta kontakt!
Som skrevet over,er no dette berre mine tanker om dette temaet:D
Vi har fått OK med ferga med omsyn til å flytte den grøne kontaineren deira - då til motsatt side av busskuret. Dei skulle be Franzefoss gjere det neste gong dei var her. Dessverre har det enno ikkje skjedd. Også denne tome dieseltanken da, det verkar som det er billegare for leverandøren å late den stå i staden for å hente den. Kanskje er det dugnad som må til for at ting skal skje??? Å skrive brev har eg etterkvart mista trua på.