Kvivsvegen vil skape trafikk, og vis ein opnar ferje samband mellom Viddal og Sæbø eller/og Viddal og Lekneset, ville turistane kome til Bjørke, ikkje for å snu men køyre vidare og fylle ferje og sjå den vakre naturen. Dette er bygdeutvikling! Hjørundfjorden er minst like fin som Geirangerfjorden og Nerøyfjorden. Dette burde vere ein god måte å sanke turistar på?
Ein må berre fornye ferjekaia på Viddal, og sette inn ei ferje. Det kunne vel ikkje ha skada å prøvd dette etter at Kvivsvegen har komt? Vi har jo hatt ferje på denne strekninga før men den blei forsvann på grunn av lite trafikk, men når Kvivsvegen kjem då...
62 grader nord (01.02.2007 kl. 14:12)
www.62nord.net
Stian Holen
62 grader nord (01.02.2007 kl. 11:03)
Sida www.62net.no samsvarar ikkje, kan det vere feil side?
Håvard Myklebust
Bra (01.02.2007 kl. 10:57)
Det er flott folk skriv noko. Mange gode meiningar, ingen er feil. Ferja må kome!!!
Håvard Myklebust
Arbeidsmarked (31.01.2007 kl. 14:05)
Med eit fast Fergesamband heile året frå Sæbø/Urke til Leira ville det opne seg eit stort arbeidsmarked i Nordfjord for folk på Sæbø og Urke/Norangsfjorden.
Norangsdalen er no ofte stengt om vinteren.
Med tunell frå Leira til Bjørke blir det en fonntrygg vei heilt til Horningdal og Stryn.
Kanskje det må bygges fonnvern ved Skitnefonna på Bueide
Frå Ferga på Leira vil det kun bli ca 2 mil til Stryn.
Frå Sæbø om Volda vil no det bli det bli 5 mil til Stryn.
Aldalen kan no ofte vere stengt om vinteren.
Eg trur eit fergesamband til Leira vil kome.
Perry Bjørke
Vi lenker fast ferga! (31.01.2007 kl. 13:17)
Sidan det no er 10 år sidan Bjørkefolket lenka fast telefonkiosken sin, så er del vel på sin plass at dei lenkar fast ferga? Litt upraktisk med ei fastlenka ferge - men kva med ein løpestreng? Då var me sikre på at ferga vart styrt rette vegen. DET ville vere noko å skrive om i avisa ;-)
Frå spøk til alvor; i høve 10-års jubileet for telefonkiosk-mytteriet synes eg det er på sin plass med ein artig demonstrasjon for å få ei turistferge til den vakraste fjorden i landet! Om ein ikkje får det med ein gong så har ein i alle fall sådd tanken.
Ingvild Mork
Turistferge (31.01.2007 kl. 00:41)
Ei ferge der ein kan sete oppe å nyte utsikta innover Hjørundfjorden vil garantert verte ein turistatraksjon. Har sjølv tatt ferge bl.a. over indre Sognefjord - ein flott opplevelse. Hjørundfjorden ligg ikkje tilbake når det gjeld utsikt og opplevelser. Med guiding vert det enda bedre.
Som kommunikasjonsmiddel videre frå kvivsvegen vil det korte ned reisetida til Ålesund, men og bedre kommunikasjonen internt i fjorden.
Om den kjem veit eg mange som vil nytte høvet til ein flott opplevelse.
Planane for ein fin tur er lagt allereide - så eg vonar den kan kome helst denne sommaren men i alle høve til sommaren 2008 :-)
Eva Aarskog
turistferje, me prøver igjen! (30.01.2007 kl. 22:20)
E-postadressa til 62 grader nord er www.62net.no.
Lykke til! Ei ferje mellom til dømes Solevågen og Viddal vil også korte reisetida mellom Ålesund og Oslo når Kvivsvegen kjem
Cecilie Rørstad
turistferje (30.01.2007 kl. 22:17)
Cecilie Rørstad
Jobb (28.01.2007 kl. 18:48)
vist det hadde komt ferje inn til Viddal hadde det våre genialt for bygeutviklinga. då kunna enn ha levd av anna enn berre jordbruket på bjørke. då kunne ein ha fått seg en jobb nr 2 for eksempel på sæbø. det hadde våre veldig praktisk for alle saman med ferje, så eg forstår ikkje kvifor det ikkje har vårte planlagt i kvivsveg prosjektet. for turismen hadde det i alle fall vore fantastisk!
Jørn Ole viddal
Jørn Ole Viddal
Arbeid i Stryn (28.01.2007 kl. 01:53)
Med eit fergesamband til Viddal kan det også bli lettere for folk frå Sæbø å pendle til jobb i Stryn.
Eg har hatt kontakt med ordføreren i Horningdal og vi er enige om at vi skal utveksle kulturtilstelinger med kvarandre når Kviven kjem.
Perry Bjørke
Viktig (28.01.2007 kl. 00:12)
Dette er noko det politisk må arbeidast for. Storfjorden vil truleg få ringverknader av Kvivsvegen. Det gjeld først og fremst for busetjing, i og med at området vert ein del av ein større bu-og arbeidsmarknadsregion. Til ein viss grad vil ein også få ein turismeefekt. Viss det vert ferje frå Viddal, opnar det seg heilt andre mulegheiter. Fleire vil svinge til høgre når dei kjem ut frå Kvivstunnelen. Godt initiativ Håvard.
Rune Sæbønes
Mange spør etter ferga (27.01.2007 kl. 00:25)
Eg har snakket med mange sykkel turister som har våre på Bjørke på besøk.
Eg har vist dei Tua og J-Buda dersom det har passa slik.
Dei kjem ofte frå Nordfjord/Bergen eller Volda/Ålesund.
Dei spør om det går ferge frå Viddal og ut til Øye.
Dei har hørt om hotellet på Øye og vil gjerne sjå det.
Hadde våre fint seier dei å få ta ferge ut fjorden og så sykle vidare til Hellsylt og Geiranger.
Bjørke blir som en endestasjon uten ferga vidare.
Perry Bjørke
62 grader nord (26.01.2007 kl. 22:10)
Eg vil gjerne nå fram til ferjeselskapet 62 grader nord med denne beskjeden. Er det nokon som kan hjelpe med det?
Håvard Myklebust
62 grader nord (26.01.2007 kl. 14:15)
Håper at dei ansvarlege i 62 grader no lese hjorundfjord.no og denne artikkelen. I ei nyhende tidlegare skreiv vi om den nye ferga som startar til sommaren.Ferga kan også gå til Viddal viss alt ligg til rette, og der er passasjerar nok.
Les her: http://www.hjorundfjord.no/?side=nyhende&nyhende=732
(lim den inn i nettlesaren)
ISMo
Hjørundfjord bygdemobilisering