I
Dynesal til høg pris.
I Bondalen og Åmdalen har det vore dørsal av dyner og puter. Som lensmann vil eg be folk tenkje seg om før eventuell handel. Pris kan vere uforholdsmessig høg, og kjøpar kan kjenne seg lurt.
Liknande tilbod kan vere montering av takstigar, snøfangarar, sprøytemaling av tak og veggar. Høyr med naboar, slekt eller fagkunnige før avtale vert inngått, eller forskot vert betalt. Det er også lurt å innhente tilbod frå lokale firma.
Guttorm Hagen, lensmann i Ørsta
Lagt inn av
Guttorm Hagen
04.01.2007 20:17
04.01.2007 20:17
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Riise har vore naturleg kritisk,- det er ufarleg.
Med informasjon og tips kan alarmklokker lettare ringe. Nokre har handla etter å ha fått stort avslag frå fyrste lanserte pris. Det er også ein måte å møte problemet på.
Guttorm Hagen, lensmann

Hadde besøk av ein hyggeleg mann før jul som hadde levert dyner på Hjørundfjordheimen.Han hadde eit overtal som han selde billeg. 1400 kr for 4 stk. Det høyrdest ikkje så gale ut,så han henta inn ei for at vi skulle få sjå.
Kun 2,20m lengde var aktuelt, sa vi.
Det var det han hadde, men vi tykte den såg kort ut, så målband vart henta. Den var 2m. Han beklaga og var like hyggeleg då han gjekk.
Sellgren var produsent sa han.
Kjekk kar, men kanskje kjeltring?
Tenkte tanken då vi las Sumpen i dag.

Knut Riise