I dag klokka 08 var vêrmeldingane dårlege, det snøa og skodda låg langt ned i fjella. I alle høve her på Årset. Eg har sagt det før; eg er ingen morgonfugl og var sikker på at det ikkje vart fjelltur. Eg sende ei tekstmelding til Fred Ingar i Volda. - Skal du fortsatt på Dukhornet? Svar kom raskt i retur: - Eg er klar. Kjempeforhold. Det har snøa i 1,5 timar. Klokka 1045 var vi klar ved bilen på Finnes. - Dette går aldri bra, tenkte eg.
Fred Ingar har kjøpt seg nytt randoneutstyr. I dag vart det prøvd for første gong - med stor suksess.
Her er ruta vi gjekk. Vi parkerte bilen ved Finnes og gjekk oppover Bakkedalsvegen. Deretter rok vi av og gjekk opp gjennom krattskogen til Ryssedalen. Og så var det "berre" å gå til toppen var nådd... Foto frå boka "Skiturar i Sunnmørsalpane".
Turen opp gjennom krattskogen gjekk utan problem. Verre var det å renne ned same veg etter at det tok til å mørkne... Her er underteikna på veg oppover. For første gong i år i sola.
Fred Ingar er ein kløppar på ski - også i krattskogen.
Vi fotograferte som vanleg mykje. Men Fred Ingar fotograferer meg mest frå framsida. Eg fotograferer han frå baksida. Eg har tenkt mykje, men har ikkje funne ut nokon grunn til dette. Er det nokon som kan hjelpe?
Vi må også berre innrømme at turen tok langt lenger tid enn planlagt. Vi var ikkje oppe før ca. 1515. I den nemnde boka står det at det er to km til Dukhornet frå den staden der vi tok av frå Bakkedalsvegen. Vi er sikre på at det var langt lenger. Ryssedalen er lang.
Fred Ingar opp Ryssedalen. Langt framom, i det fjerne, ser vi Dukhornet.
Sjølv om det hadde snøa i løpet av natta/morgontimane, var det ikkje spesielt tungt å gå. Kanskje skuldast det breie ski og breie skifellar. Personleg har eg fått meg nye telemarkski - Dynastar 8800. Eg trur talet har noko med breidda å gjere.
Men etter kvart vart det kaldt - kanskje ned mot 10 grader minus. Vatnet i flaskene fraus og det var ikkje så kjekt å setje seg ned å ta ei matykt. Det vart difor for lite drikke og lite mat. Eg veit at lite drikke fører lettare til krampe. Det fekk eg etter kvart merke på nedturen... No er eg heller ikkje lenger motsatandar av drikkepose i sekken og slange fram til munnen. NB: Hugs nok mat og nok drikke - spesielt på lange turar!
Siste kneika opp mot toppområdet var heller bratt. Likevel vart det ideelle forhold til å køyre ned her.
Endeleg. Målet nærmar seg. Fred Ingar er i ferd med å kome seg over den siste kneika.
Her er Fred Ingar nesten på toppen - og oppe i sola igjen. Her ser vi nedover Ryssedalen til Bjørke.
Fred Ingar er høfleg og let svigerfar sin gå først på sjarmøretappen til toppen. Elles gjekk han først heile resten av turen.
I alle høve i dag var det store snømengder i høgfjellet. Ved Dukhornet såg vi skavlar som i alle høve var 10 meter høge. På veg opp Ryssedalen såg vi at det bles på toppen, men då vi kom opp, var der nesten heilt vindstille.
Nesten på toppen fekk Fred Ingar problem med ein skifelle, men kven bryr seg om slikt ned berre det beste - nedturen - står att?
Vi slurvar ikkje med klesbyte - gjer vi vel?
Jau, vi nådde toppen - den flate - begge to. Fred Ingar til venstre i motlyset.
Ja, så er det berre å gjere klart for den flotte nedturen - og den vart flott.
Vi brukte som nemnt langt lenger tid opp enn planlagt. (Underteikna må nok ta på seg ein del av skulda for dette). Men klokka 16 var vi klar for den flotte nedturen. Planen var å fotografere mykje flott køyring - og Fred Ingar hadde flotte hopp. Men det vart problem. Det var kaldt og når underteikna tok av vottane vart fingrane stive. I tillegg er digitale, ikkje speilreflekskamera, litt trege. I alle høve når det er kaldt og telelinse på. Når eg så fotograferte hopp, hadde Fred Ingar allereie landa før apperatet reagerte. I tillegg mørkna det fort, noko som gjorde at bileta ikkje vart skarpe, men eg legg like vel ved eit par av dei.
Her ser vi Fred Ingar. Knut J. Riise og andre skigåarar: Dette var fantastisk.
Her er underteikna på veg ned. Her kan ein snakke om puddersnø. I bakgrunnen ser vi fjellet Kjerringøyra mellom Kvamsedalen og Hjørundfjorden.
OK - eg hadde eit fall, men berre eitt. Snøen måtte testast.
Klokka var nok nærare 17 før vi var nede med bilen på Finnes. Ikkje bra når ein har sagt at ein skal vere nede klokka 1530 og når ein i tillegg går tom for batteri i mobiltelefonen og den andre var gløymt att i bilen. (Skal tru kven som gjorde det?) Men alt gjekk bra. Og ja - det har vore ein fantastisk dag sjølv om eg måtte opp klokka 0615 og no har klokka passert 24 om kvelden. Ein kan ikkje ha det betre etter ein slik dag - særleg når J J Cale og Eric Clapton spelar på PC-en mens eg skriv dette. Dei to spelar no "Ride the river" og eg skal trykke på "lagre"-knappen.
Kommentarar
Å mørkne ute har eg gjort nokre gonger, og det før mobiletelefonen si tid. Det er ikkje hyggeleg for dei heime.
Men siste åra har senastrekk plaga meg meir og meir. Spesielt når eg vert våt og kald. Så om eg hadde fått tilbod om å vere med hadde eg takka nei. Klart det er kjekt å renne på ski, men vårturar er best for ein mann som vert 60 dette året.
Eg har likevel eit håp som eg ikkje har fått testa ut skikkeleg endå. At all krampa som har plaga meg, skuldast cøliakien som vart konstatert i fjor sommar.
Det vert nok skitur i morgon, men ikkje Dukhornet. Ein stad eg forresten har vore til fots eit par gongar. Ein gong mala Per Blekken (samvirkestyraren)og eg 3 veggar på selet vårt. Så gjekk vi opp frå Jolgrødet (med hagler). Over Dukhornet,ned i Russadalen, om Langhorndalen og Jolgrødet att, og mala siste selveggen. Dagen etter var eg og Ola Flo på jakt, og vi hadde tenkt oss i Danmarkdalen. Heldigvis fann vi ikkje råsa opp frå Kvamsedalsvatnet, for det gjekk tungt, hugsar eg.
Det einaste eg missunner ungdomane i dag, det er skiutstyret. Og ikkje minst fellane! Det er alt for seint å byrje med telemarkkøyring når ein er over 50.
Eg trur at mitt råd til foreldre som skal kjøpe etter måten dyrt utstyr til sine håpefulle, er å kjøpe randoneutstyr. Dei fleste unge er vande med slalomkøyring frå før. I tillegg har randoneutstyret blitt svært så lett og festeordningane framme på skiskoen har blitt gode og mykje betre. Fred Ingar gjekk i går for første gong på slikt skiutstyr - han har også godt telemarkutstyr. Fred Ingar var overraska over kor lett det var å gå på - mykje lettare enn å gå på telemarkski, sa han. Minuset var at han hadde litt mindre kontroll på bakskia oppover i krattskogen, men han lærte seg teknikken.
Å Sjå ein flink telemarkkøyrar ned ei flott fjellside er fantastisk. Likevel vågar eg påstanden om at nedkøyring med randoneutstyr vil kjennest sikrare for dei fleste - særleg når ein skal ned heller smale gjel/renner. Og Knut J. har også eit poeng. Når ein blir eldre, tek det svært mykje på knea å køyre telemarksvingar. (Og på den nemnde turen fekk eg altså problem med krampe. Betre når ein tek slalomsvingar)
No vil eg tru at ikkje alle er enige med meg i dette, men slik som forholda var i går, var nedturen som nemnt fantastisk - uansett kva salgs teknikk ein brukte.
(Fred Ingar kunne sikkert uttalt seg betre om dette, men i skrivande stund sit han på eit sydenfly og kan vanskeleg uttale seg.)
Jon hustad
Minuset var, som eg nemner, at det vart ein lang tur og tida gjekk. At Ryssedalen vart lang, gjorde også at det spesielt bratte kunne unngåast. Og nedkøyringa vert dermed fin for dei fleste - som likar å gå på ski (og som har likt å spele fotball).