Møtte opp på Grendahuset litt før kl 16.00 i dag for å vere sikker på å kome fyrst. Det rakk eg med god margin, klokka var kvart over før dei fyrste deltakarane til datapartyet kom. Først inn døra var Andre, tett følgt av Jon- Martin, Henning og Martin- Luan.
Kristian og Vegard fekk vere med på Grendahuset og laga likegodt sitt eige dataparty i lisjesalen. Det var stor stas å få spele dataspel på internett. Det går ikkje heime på Solstrand for der får ikkje vi breiband. Vi bur visst nok 200 meter for langt vekk frå ei eller anna oppkoplingsboks til at vi får breiband, seier Tussa.
Etter kvart kom det fleire deltakara og då eg forlot Grendahuset litt før kl. 18 var der 15 tenåringsgutar, ein 6-åring og Roy Lillebø som kosa seg og leika med data. Sist eg prøvde å ringe til Roy fekk eg til svar at både han og Kristian var midt inne i kvar sitt spanande spel. Kanskje ein må arrangere dataparty for vaksne karar???
No er Jon- Arne på plass som vakt og Kristian og Roy kjem heim, dersom Kristian klarer å lausrive seg frå datamaskina.
Er ein tur fram for å sjekke tilstanden og sørge for at dei som ikkje skal vere her til natta kjem seg heim. Stemninga er god, og det er ein herleg gjeng med ungdomar som er samla her. Nokre er så konsentrert om det som er på skjermen at ein oppnår ikkje kontakt med dei.
Håper at nokon av vaktene til natta/ morgenen tek nokre stemningsbilete og legg inn på portalen.
Kommentarar
Nokre kutter på feil plass.
I 2005 delte dei ut nesten 500000 til rusfrie møteplasser.
Håper vi får opp augene til Kulturdepatementet neste år.
Dei unge har behov for å opprette slike møteplasser og då treng dei også litt støtte.
Eit ungdomslag ute i øyene fekk 50000 eit år til eit nytt ungdomtiltak/kafe
Håper Nils Seland forsetter sin kamp opp mot departementet
Eg skal i vert fall gjere mitt for å støtte Nils og Rune Håndlykken i kampen vidare.
Vi treng mange fleire slike møtplasser og penger til slike plasser.
Ser ikkje ut til at deltakarane har planar om å ta kveld på ei god stund enda. Håpe ikkje ranglinga får for store konsekvenser for Læreevna komande veke!
No når dataparty nr.2 er fullført så kan vi vel vente oss god informasjon om kva dei har opplevd dette døgnet.Kanskje dette er mykje meir spanande enn kva vi anar.
Tusen takk til knakande kjekke deltakar, besøkande og vakter for eit vellukka arrangement. Ei ekstra takk til Yngve og Kåre for nattevakta, og til Bernt Arve som løyste dei av kl. 06 på ein laursagsmorgon. Satsar på at vi skal få til fleire dataparty seinare.