Til Ørsta kommune ved formannskapet, ordførar, leiar FUM, gruppeleiarar i den politiske partia.
Sæbø, 10/01/07
PRIORITERING AV VEG TIL SÆBØNESET
Sist vinter gjorde Ørsta formannskap vedtak om å selje tomter m.a. på Sæbøneset for ein rimeleg sum, dvs. kr. 20.000,-. Eit slikt vedtak gledde oss i styret i Sæbø grendalag, og håpte at tiltaket kan få fleire til å bygge seg hus og busetje seg i Hjørundfjorden.
Etter kvart har spørsmål vedr. framføring av vatn og kloakk og blitt løyst, då manglar det berre at noverande og framtidige bebuarar på Sæbøneset får skikkeleg veg fram til byggjefeltet. Slik vegen er no, må han vere den dårlegaste vegen fram til eit bustadfelt i Ørsta.
Nedste og øvste delen ferdig med god standard og gatelys. Den mellomste delen er ein smal og humpete grusveg som sig stadig meir ut i ytterkant. Det synest å vere rett før vegen raser ned i tomter/hus. Bileta på neste side illustrerer dette. Vegen fungerer som skuleveg for stadig fleire skuleborn (også i småskulealder). Samstundes aukar biltrafikken. Både av personbilar og av tyngre bilar til og frå grustaket.
Sæbø grendalag oppmodar på det sterkaste at politikarane i Ørsta kommune prioritere ferdigstilling av vegen til Sæbøneset, både utifrå omsyn til dei som allereie bur her og av omsynt til dei som kanskje kan tenkje seg å byggje og bu i feltet.
Med helsing
Hilde Muren
- leiar -
Kommentarar
Ta tak i heilt konkrete saker.
Setje fokus på dei og krevje svar frå kommuna!
Det finnast fleire døme på kommunal vanskjøtsel/manglar av eigen eigedom på Sæbø. Og vel elles i Hjørundfjorden!
Lat oss ikkje lenger vere smålåtne!
Eg vil nemne ei konkret sak.
For 10 år sidan vart Sæbø innvilga 1 million kroner til opprusting av sentrum.
Pengar vi ikkje såg noko meir av.
I eit vedtak for ei tid attende vart sentrum her innvilga ein halv million. Hallelulja-stemning!
Hadde vi motteke 1 million for 10 år sidan og sett den i banken, ville kontoen i dag kunne vere om lag 1,5 million kroner.
Med andre ord har vi no motteke kr 500 000 som er AVKASTINGA av det vi rettmessig vart innvilga, men som vi ikkje fekk!
Kva så med den 1 million?
Folket i Hjørundfjorden er kjend for sin evne og vilje til dugnad og til tre støtjande til.
I utvikling av Hjørundfjorden vil den eigenskapen ligge der.
Men, ansvarshavande i Ørsta kommune.
Det må vere eit både og!!