Seinast i romjula arbeidde selskapet Tussa Netway med å få på plass Tussa Breiband i Skjåstaddalen og på Bjørke. Og no skal det meste vere i orden.
- Det har rett nok vore ein del problem med breibandtilknytinga, men no ser det ut til å fungere. Tussa lovde at Tussa Breiband skulle kunne brukast inntil fire kilometer frå sentralen, men no fungerer dette breibandet heilt fram til Skjåstad. Avstanden dit er seks kilometer. Det er ein av dei nye brukarane av Tussa Breiband, Per Arne Saure, som seier dette til hjorundfjord.no.

Også Bjørke skule kan glede seg over breibandutbygginga i området. Dermed får rektor Tor Erik Bogen (foto) høve til å gje elevane på skulen ei betre IT-undervisning. I tillegg vert det lettare for han å halde seg oppdatert om t.d. Birkebeinerrennet den 17. mars.
- Diverre får ikkje Viddal breibandtilknyting i denne omgang, men Tussa skal snart ta til med kraftutbygging der. Då vert det vel breiband også på Viddal, avsluttar Per Arne Saure.
Kanskje kan hjorundfjord.no få ein liten kommentar under til denne saka frå ein ny brukar på Bjørke eller i Skjåstaddalen - nærast som ein test?
Gratulerer Bjørke (04.01.2007 kl. 22:11)
Takk for gode ord til portalen frå Bjørke. Vi har lenge sett fram til at Bjørke no er med i den nye måten å kommunisere på. Det er synd at Viddal ikkje kom med, men er det langt opp og fram til dei vert knytt til?
Fjorden vert ikkje så lang no lenger når vi kan kommunisere på portalen.Vi forventar no å få hyppige innlegg med bileter frå Bjørkeområdet. Der skjer no eit og anna der inne også som vi andre kan få lese om på nyhende! Dei neste som får breiband er Urke og Trandal.
Hjørundfjord bygdemobilisering
breiband på Bjørke (04.01.2007 kl. 21:32)
Eg vil fyrst nytte høvet til å rose dykk som arbeider med portalen. De er kjempeflinke og det de har fått til so langt er dyktig gjort. Må innrømme at det er ei stund sidan eg registrerte meg som brukar, utan at dette har ført til so fole mange publikasjonar...
So over til breibandet som no omsider er kome til Bjørke. Dette tok si tid! Synest likevel det er for dårleg at utbygginga i denne omgang ikkje omfattar Viddal. Dette gjev mildt tatt dårlege signal...Voner Tussa/kommunen rettar opp dette i nær framtid.
Helsing Cecilie Rørstad
Cecilie Rørstad