Sist måndag hadde Ørsta Sau- og Geitealslag årsmøte.  Leiaren i valnemnda, Kolbein Ryste, var klar: Kvifor skifte ut ein godt fungerande leiar?  Årsmøtedeltakarane  var samde med Ryste og dermed vart Odd Bjarne Bjørdal attvald som leiar for eit nytt år med akklamasjon.

Trandal 003

Odd Bjarne Bjørdal har sauene sine på sommarbeite på Trandal.  Her kikrar han etter dyra i Trandaldalen sist sommar.

Men Odd Bjarne vert ikkje den einaste hjørundfjordingen i styret.  Åse Rørstad Saure held fram som kasserar og Johan Arnt Leknes held fram som styremedlem. I tillegg vert Inger Lise Grettland og Elias Moe med i det nye styret.  Kjell Frøland og Knut Hustad held fram som revisorar og Magnus Skjerdal vert leiar i den nye valnemnda.

I rekneskapsåret 2006 gjekk laget med underskot, men det var rekna med.  Årsmøtet vetok å halde fram med ordninga med skotpremie på raudrev - kr. 250,- pr. stk. - og årsmøtet vedtok også å kjøpe nye grindar som skal brukast under kåringssjåa av verar i åra framover.

Til hjorundfjord.no seiar Odd Bjarne Bjørdal at det er svært viktig å ha eit oppegåande faglag for sauebøndene i kommunen - nærast som eit beredskapsorgan i ulike samanhengar.  Det er elles Ørsta Sau- og Geitealslag som arrangerer det årlege kåringssjået i Ridehallen i Ørsta og det er det same laget som organiserer dei to årlege ullinnsamlingane.

Til slutt oppfordarar Odd Bjarne både saue- og storfebøndene å skipe beitelag.  Så lenge ein ikkje er medlem i eit slikt lag, går ein også glipp av økonomisk støtte sjølv om ein her ikkje snakkar om dei store pengesummane.