Sjølv om det ikkje lukkast årsmøtet i Sæbø IL si fotballgruppe i kveld å få valt ein ny leiar, fekk årsmøtet vedteke både årsmeldingar, rekneskap og budsjett for 2007.

IMG_3888

Tre av årsmøtedeltakarane.  Frå venstre: Alvhild Wille, Hilde Sæbønes og Mari-Anne Bjørdal.

Under sak 3 -  Årsmeldingar, vart det likevel ein viss diskusjon. Det var Normann Dimmen som tok opp problematikken med få unge i dei aldersbestemte klassene. - Det vert vanskeleg å stille lag, meinte Dimmen.  Årsmøtet såg også denne problemstillinga og  oppmoda det nye styret om å ta kontakt med Åmdal IL med tanke på eit evt. samarbeid i dei yngste årsklassene.

IMG_3891

Normann Dimmen, i framgrunnen til høgre, var uroa over små årskull og dei vanskane det evt. ville føre med seg å stille fotballag i dei aldersbestemte klassene.  Til venstre: Per Stein Straume.

Elles vedtok årsmøtet eit rekneskap som synte eit underskot på kr. ca. 38000,-.  Budsjett for 2007 vart også vedteke med ein balanse på ca. kr. 190000,-. 

Ei utfordring i det nye budsjettåret vert å kompensere tapet av speleautomatinntekter.  Årsmøtet vedtok difor å auke treningsavgiftene for 2007.  Desse avgiftene vert no kr. 1500,- for A-laget, kr. 700,- frå og med 15-årslaget og kr. 500,- for dei yngste spelarane.

Den siste posten på saklista var val.  Dei tre styremedlemane Alvhild Wille, Hilde Sæbønes og Knut Hustad hadde alle sagt frå seg attval.  Det same hadde økonomileiaren, Kanutte Strand, gjort.  Heller ikkje leiaren i fotballgruppa, Dagfinn Strand, yngste attval.

IMG_3892

Leiaren i fotballgruppa, Dagfinn Strand, hadde sagt frå seg attval.

Årsmøtet valde Janneche Myklebust og Stig Harald Myklebust inn som nye styremedlemar.  Marius Strandmann vart valt som ny økonomileiar.  Styremedlem Øyvind Taklo var ikkje på val dette året.  Det hadde ikkje lukkast valnemnda å finne ein ny leiarkandidat og ein tredje styremedlem  Ny leiar i fotballgruppa vart difor ikkje valt.  Dermed må valnemnda halde fram arbeidet med å finne ny leiarkandidat og ein tredje styremedlem.  Om det vert omframt årsmøte i fotballgruppa for å velje ny leiar og ny styremedlem, eller om desse to kan veljast på årsmøtet i hovudlaget den 28.2.07, står att å sjå.