Snømannen vår, som har fått namnet Kalle er 2 meter høg og består av 3 snøballar i storleik stor, middels og liten. Hadde vi vore sterkare kunna middels blitt noko større, men det er frykteleg tungt å løfte desse snøballane.
Kristian og Vegard er fornøgde med snømannen Kalle som har fått gulrot nase, auger av stein og munn av hasselnøttkjerner. Han har også fått låne påskehua til Kristian og mamma Siw sitt skjerf.

Sidan det regnar så mykje som det gjer no vert det spanande å sjå kor lenge den klarer å stå.
Den var fin:) (29.01.2007 kl. 14:46)
Det var ein skikkelig fin snømann ja:)
Viste bilete til fillipinerane her ombord,og dei var no overbegeistra.Enkelte av dei har aldri opplevd snø,så dei skulle fått prøvd å lage ein slik ein,men dei hadde nok ikkje hatt sjanse å fått den så fin.
Her i Pozzallo på sørspissen av Sicillia,er det blå himmel og 15 varmegrader,så ikkje så enkelt å lage snømann.
Helsar så mykje til snømann-byggarane
Jan-Inge Lillebø
Stili :) (28.01.2007 kl. 21:36)
Trur de e den tøffaste snømannen ej he sett ;)
Den va kjempe stili å trur ogso att de e den første ej he sett i år :)
Elen Maria Holen
Snømannen Kalle har avgått med d (28.01.2007 kl. 18:34)
Litt før kl 17 i dag rasa snømannen Kalle saman. Det var ikkje lenge han fekk stå å sjå inn kjøkken vindauget vårt. Værgudane var ikkje heilt på snømannen si side. Så då var det berre å gå ut å leite etter hue og skjerf. Vi håper på nye sjangsar til å lage snømann, som kanskje kan få litt lenger levetid.
Siw Lillebø
(28.01.2007 kl. 15:27)
Den var veldig fin :) Her har det gått mest på ski, men søkkvåt far og barn trakk inn til mor etter forholdsvis kort tid ;)
Gerd Sofie Langvatn