Farrgerikt fyrverkeri vart fyrt av frå Fonnvernet, og skein over Sæbø.
Nyttårsaftan var det godt ver, og folk samla seg m.a. i Fonnvernet ovanfor Sæbø. Der var det mange som fyrte av rakettar.
Også på Hustadneset var det fleire rakettoppskytarar i sving, og fyrverkeriet på Viddal var også godt synleg.
Viss det er nokon som har bilete frå markeringa av årsskiftet, tek vi i mot dei med takk.
Eit godt nytt år til hjorundfjord.no sine lesarar.