Grøtdalstinden frå februar 2006. Ettermiddagssola gjev denne etter kvart vidgjetne toppen for frikøyrarar eit spesielt lys.

 

Mellom kl.01.00 og 02.00 den 22. desember var vintersolkverv i år. For nokre av oss vil det seie at vi byrjar å gle oss til meir dagslys, seinare kveldar, og varrmare ver. Skjønt varmare ver, denne vinteren så langt har vel vore varm nok.

 

I førkristen tid vart vintersolkverv feira med midtvintersblot, eller jol, som det også heitte. Det var eigentleg ganske lett for dei første misjonærane på 1000-talet å kome til Noreg for å overføre skikkane til den kristne høgtida, med Jesu fødsel. Eg såg eit tv-program i dag, Schrødingers Katt, og der kom det fram at Jesu fødsel truleg var kring 6. januar. Det var eit genialt trekk av dei som kom med den kristne bodskapen å leggje feiringa av Jesu fødsel til solfestane i det nordlege Europa.

 

Lat oss håpe på ein slik vinter, med roleg ver og månelyst. Frå mars 2006. 

 

Sjølv om det no går mot lysare tider, veit vi at klimaet har eit etterslep. Berre hugs sommaren i år. Han var brukbar i juni, men det var i månadene etter sommarsolkverv, juli, august og delvis september, varmen og finveret slo til. 

 

Det vil nok seie at vinteren enno står att før vi kan kle oss i lettare kle, og før vi kan nyte dei seine kveldane igjen. Samstundes veit eg jo at fleire ventar med lengsel på snøen, med det å utfordre skibakkane, skiløypene og Hjørundfjordfjella i magiske omgjevnader med puddersnø og sol.

Berre vinterstormane er over, er det ok for meg.