Jau, som vi brukarar av hjorundfjord.no veit, er Fred Ingar svigersonen til underteikna.  Og ja, eg får av og til e-postar frå han, men han skriv storts ett aldri om arbeidet sitt som mudingeniør - borevæskeingenior.  Nei, det han spør om, er om det har kome snø no, om nedkøyringa frå Jakta er god osb.

Likevel har eg no - etter mykje om og men fått han til å sende eit par filmsnuttar.  Dei syner korleis vêrforholda er der ute i havet - ein ca. 45 minuttars helikoptertur frå Kristiansund.

Eg har sjølvsagt ikkje nok datakunnskap sjølv, men takka vere Roy-Magne (Mo) skal desse filmsnuttane no vere tilgjengelege - dersom PC-en er "stor" nok. 

Trykk her. 

Filmsnutten over er filma frå Ocean Vanguard - ein plattform som ligg like ved West Alpha. 

Neste filmsnutt er filma i dag frå Fred Ingar sitt kontor - på West Alpha.  Bølgjene er 16 - 18 meter høge.  Vindauget det er filma ifrå, er spikra att fordi det tidlegare ein gong vart slått inn av nettopp store bølgjer.  I morgon ventar ein 28 meter høge bølgjer.  Då får ein ikkje lov til å opphalde seg på dette kontoret.  Vil du sjå ein liten snutt, trykk her.

No er Fred Ingar sjølv ein ivrig brukar av hjorundfjord.no - vi har tidlegare fått tilsendt stoff frå han - eg veit at han også har foto.  Men etter det eg forstår kan desse ikkje gjerast offentlege utan løyve.  Vi satsar likevel på at vi kan få meir stoff derifrå.

Elles så er vi så heldige at vi har mange sjøfolk her i Hjørundfjorden.  Roy Lillebø, skipper på eit supplyskip, reiste ut i går og får diverre ikkje vere heime i jula.  Men vi er så heldige at Roy også har blitt registrert brukar av portalen.  Han vil (no pressar eg litt) sikkert sende oss ein rapport eller to.