DSCN1917

Litt sjøsprøyt er det.

 

Det siste moteordet når det gjeld ver, er ekstremver. Vel, kuling er ikkje ekstremver, men litt ruskete er det.

Lenger sør på Vestlandet er det meldt om hindre millimeter regn i løpet av døgeret. Deter ganske mykje. Det er vel like mykje som det regna i juli, august og september til saman.

Uver 024

Viss ein ser godt etter, kan ein midt på biletet sjå ein tynnaknute fare over Sæbø-vika.

Det er julegrantenning på Sæbø i dag. No har det vorte eit levande tre, men før hendte det titt og ofte at desembervindane velta julegrana på Sæbø-plassen overende.

Vi får håpe at vinden ikkje er altfor sterkt når grana skal tennast.

 

DSCN1941

Det har vore verre uver i Hjørundfjorden.