I dag var siste opningsdag for Strands bakeri i denne omgang.  Då eg kom inn i bakeriutsalet/kafeen i føremiddag, låg det brød og kaker i posar nærast over alt. I lokalet var det høg temperatur og det lukta utruleg godt.  Bak disken arbeidde som vanleg Nutte (Kanutte Strand). 

- Du må unnskylde at her er litt fullt, seier ho, men det er så mange som har tinga brød til i dag. 

-  Kor har du gjort av bakaren, spør eg.

 

Nutte ser at eg har eit fotoapparat i handa.

- Han er inne på bakeriet, men eg er ikkje sikker på om han er presentabel nok til å verte fotografert, men berre gå inn.

IMG_3838

Ja, Daffa er trøtt, men like blid.

 

Eg går inn i bakerilokalet.  Midt inne i lokalet finn eg Daffa (Dagfinn Strand).  Han er i ferd med å rydde opp etter dagens baking.  Og ja, han ser sliten ut. Og han vedgår utan blygsel at no er han trøtt – god og trøtt.

- Dette har gått over all forventning, seier han.  Folk kjøper ikkje berre brød og julebrød, men også julekaker i store mengder.  50 kg med sirupssnittar har vi t.d. laga.  Og godord har vi fått heile vegen.  Ja, dette har vore travelt, men svært så kjekt, slår Daffa fast.

 

I det Nutte kjem inn, fortel ho at sjølvsagt er flesteparten av dei handlande bondalingar, men det har også kome kundar frå Ålesund.  Ja, ei dame kom  heilt frå Sjøholt med ei lang handleliste.  Ho hadde lese om dei i avis.

- Heldigvis kunne vi hjelpe henne, men eg gav henne telefonnummeret vårt slik at ho kunne bestille varene før ho kom neste gong.  Det hadde vore leitt om kundar kom langveges ifrå utan å få dei varene dei ynskte, slår Nutte fast.

Og når opnar bakeriet neste gong? 

- Mest truleg held vi ope i påske, seier dei to. 

Heilt sikkert? 

 

- Jaaa.., om helsa held, opplyser Daffa.

IMG_3841

Ja, vi opnar nok Strands Bakeri i påska også, seier Nutte og Daffa.

I det eg skal til å gå ut døra med mine fem brød – det er ikkje plass i frysaren til fleire – ber Nutte og Daffa meg instendig om å takke alle kundane deira for god handel og gode ord.  Dei ber meg også om å ynskje dei same God jul og Godt Nyttår.  Og igjen seier dei:  Tusen takk til alle.