DSCN1917

Det var litt vind og bølgjer i Hjørundfjorden søndag. Torsdag vert det verre, men meteorologisk institutt presiserer at det ikkje er snakk om ekstremver.

Prognosane for vind og bølgjehøgd oppfyller ikkje kriteria for å varsle ekstremvær, opplyser statsmeteorolog Unni Nilssen ved Meteorologisk institutt Vervarslinga på Vestlandet til NTB.

Unni Nilssen meiner at ei melding tysdag kveld om vind og bølgjehøgd torsdag – med Storm Weather Center som kjelde – var «haussa opp». I følgje denne meldinga kunne det verte venta opp til 25 meter høge bølgjer i farvatna utanfor Trøndelag og Møre.

Bølgjevarselet fra Meteorologisk institutt onsdag ettermiddag går ut på at det kan bli bølgjehøgder på 10-12 meter på bankane utanfor Møre og Romsdal fra torsdag ettermiddag, og 9-11 meter på bankane utanfor Trøndelag seint torsdag kveld.

Bølgjehøgdene som vert oppgjeve i bølgjevarsla er såkalla «signifikant høgd», det vil seie «middelverdien av den høgste tredelen av bølgjene». Einskildbølgjer kan verte bortimot dobbelt så høge, forklarar forskar Anne Karin Magnusson ved Meteorologisk institutt.

For hjorundfjord.no si eigna rekning vil vi påpeike at Meteorologisk institutt har meldt full storm, kanskje opptil sterk storm, langs kysten torsdag ettermiddag og kveld. Det vil verte luftig, men truleg ikkje så gale som Storm melde tysdag.Vi legg ved ein link til storm.no for veret på Sæbø framover: 

 

http://www.storm.no/tv2/Vaer.aspx?utmx=368942&utmy=6900124&meter=7&sted=Sæbø&maplevel=2