DSCN1897

Sjøen stod høgt ved ferjekaia kl. 22.10 måndag kveld.

 

Det er kombinasjonen av springflod (månefasen) og lågtrykk som gjev fenomenet stormflod. Uveret ut i havet pressa uvanleg store vassmengder mot land.

Også i fjor var det stormflod, mn det spørst om ikkje stormflodene på byrjinga av 1990-talet (1992?) er dei høgaste som har vore i moderne tid.

Viss det er nokon som minnest dette naturfenomenet, er det berre å skrive ein kommentar. Kanskje har nokon bilete også.

DSCN1901

Ferjelemmen står høgt for å ta i mot ferja (litt uskarpt utan blits).

På Sæbø har floda vore inne i kaihusbygningen på det høgaste, og einskilde langs Øyragata har også fått vatn pressa opp gjennom kjellarslukane. Korleis er det andre stader i Hjørundfjorden, er det bygningar utanom nausta som ligg utsett til?

 

flod 006

M/S Hjørundfjord ligg høgt i sjøen.