Senterparti-representantane Lars Petter Øye (t.v.) og Ivar Aarskog var med på å gje rådmann Per Hovden i oppdrag å bake inn ny gymnastikksal på Sæbø skule i økonomiplanen. 800.000 kroner er alt på plass. 

 

I den siste tida har det vore stadige rapportar om ein gymnastikksal på Sæbø i forfall. Taket lek, garderoben er forhistorisk, og sjølve salen er altfor liten.

Sæbøskulen i slutten av 80åra
Sæbø skulen med gymsalen til høgre.

Difor har det frå lokalt hald vorte sett ned ei prosjektgruppe under leiing av Karl Asgeir Sæbønes for å fremje saka.

Det er tydeleg at dette har fått gjennomslag. Hadde det ikkje vore for usemja mellom Framstegspartiet og dei andre partia om inndekkingsmåten, hadde løyvinga til forprosjektet vore samrøystes.

Kommunestyret legg opp til at det vert løyvd 800.000 kroner til forprosjektet neste år. Tilsvarande løyving er gjeve ny gymnastikksal ved Vartdal skule. Nye gymnastikksalar har vorte eit felles prosjekt for dei to tidlegare kommunesentera, og det har truleg vore medverkande til at prosjekta no er inne, og har kome så langt at det er ingen veg tilbake.

Den viktigaste kampen står att, og det er å få gymnastikksalane på Sæbø og Vartdal store nok. Det vil seie at dei skal stette krava til ein moderne gymnastikksal, og også få grendehusfunksjon. På Sæbø er prosjektet eit samarbeid mellom skulen og Sæbø IL. 

- No er eg veldig glad. Men dette er berre første steget, og eg håper på stor oppslutnad blant bygdefolket i det vidare arbeidet, seier Tore Stokke, medlem i prosjektnemnda og fagutvalet for oppvekst og kultur.